Prosjekttråd er dette vel eigentleg ikkje. Men det har seg no sånn at ting fort kan bli prosjekt likevel.....
Siden eg no skal til å bygge bakeri til Brødbilen (i ein annan tråd) so trong eg ein hest.
Erfaringsmessig er plysj-caravelle dårlig egna, så eg fekk melding om å finna noko med skai inni.
Er vel ikkje vanskeleg å bestemme seg for biltype då?!?
Valget sto derfor mellom Sika og Doka. Klikka rundtom eit par dagar, og bestemte meg for at sika må det bli.
Siden Brødbilen er Early, så hadde eg svært lyst på Early Sika også. Men desse veks ikkje på trær lenger, og i alle fall ikkje dei som ikkje er prosjekt eller til utstilling.
Så plutselig fann eg ein Late Sika. Den kom
nesten gjennom på EU.
Pris og stand blei betrakta som greie, så då var det kun å avspasere frå jobben, knagge bilhenger på caravellen, og suse dei 460 km til Porsgrunn. Kjapp prøvekjøring og oppgjør, samt snopte ein støtfangar og eit hengerfeste, og returnerte til Askøy på ettermiddagen.
Karjolen var så senka at det var litt knekete å få den på hengaren.

Bilde000.jpg (129.38 KB. 600x800 - vist 203 ganger.)
Klar for avreise

Bilde002.jpg (117.38 KB. 800x600 - vist 204 ganger.)
Siden den var høgt oppe på klyppelista, blei eg stoppa i Odda, då eg måtte fylle diesel.
Dei ville ha skilta på Plokkopp'en. Etter eit kvarter ordna det seg for dei snille

Etter heimkomsten fekk den plass på sida av Brødbilen, og donoren til samme.

IMG_4656.jpg (145.2 KB. 704x528 - vist 241 ganger.)