Sentrale tomter er jo ofte ei utfordring, så om nokon i miljøet har pengar og vil ha garasje er jo følgjande løysing mogleg:
- Du leiger bort tomta til den som investerer i bygget.(fester den bort om mogleg og om kommunen godkjenner det)
- I staden for leige/festeavgift får du mekke/lagringsplass
- Det må sjølvsagt være ein sikker avtale for begge partar, slik at du har forkjøpsrett ved salg, og festeavtalen bør ha relativt begrensa varighet. (5-10år?)
- Den som investerer må sjølvsagt være sikra også, slik at ikkje han/ho får noko tap på det.
- Det kan gjerast med at forkjøpsretten gjeld ved markedspris (at du kan gå inn i høgste bod), eller ved at dykk blir einige om å dele eventuell verdiauke på bygget 50/50.
Den største utfordringa blir nok at du kjem langt på bygget berre for advokathonoraret for å sette opp ein god nok avtale

Uansett løysing vil det jo være ein viss risiko for begge partar, men det er nok mogleg å finne på noko lurt.
Om du har eit selskap kan du lease/leige modulbygg/haller med relativt bra kvalitet(isolerte). Men dei ser jo ikkje bra ut.......kjem an på om målet er å komme under tak, eller ha ein fin garasje.
Dette var berre eit par idéar, men det var vel det du ville ha