Skifta varmepotter på Plokkopp'en.
Har vore litt aukande mengde olje ned på dei gamle, med tilsvarande blårøyk og lukt fram.
Dette skuldast sjølvsagt tilårskomne toppdekselpakningar, som blei skifta. Resten rekna eg med kom frå støtstengene, og var ikkje tenkt å gjera stort med dei.
Men dei var i liten grad skyldige, denne gongen.
Ser nemlig eg har lekkasje på den øvre, bakerste toppbolten, på
begge sider !?!
Er dette 'normalt' og kva er ein fornuftig (bort-)forklaring på fenomenet??
Skal ikkje på EU før i februar, men hadde no vore greitt å kunne redusera litt på mengden av dråpane under.......
