VWNorge

Forum => Prosjektgarasjen => Emne startet av: Njål på november 09, 2013, 18:15:37 pm



Tittel: Sjøblå Boble, 66 modell.
Skrevet av: Njålnovember 09, 2013, 18:15:37 pm
Hei!
Har i sommar kjøpt meg ei vw boble 1966 modell, 1300 motor:

[attachment=1] [attachment=2]

Litt historikk (har kopi av det første vognkortet):
Bilen har hatt 4 eigarar. Bobla har hatt ei reise frå Oslo til Hamar, kor eg kjøpte den.
Den var for nokre år sidan på ein verkstad kor varmekanalar og golv var bytta og generell rust vart fjerna,
då og lakkert i original sjøblå farge. Bilen har desverre stått ute ein periode, slik at lakken har vorte falma og bilen har fått litt overflate rust..
Motoren har nok ikkje vore starta på ei stund, men ser at alt av deler og ledningar er på plass (ih.h.t teikningar).

Tar imot alt av råd og kommentarer med glede (!), då eg ikkje har så veldig god peiling på motor.

Planen min er å få tak i deler, fikse utvending rust og gjere bobla komplett!
Sidan karosseriet ikkje har kromlister (monteringshol er sparkla igjen når bilen vart lakkert) reknar eg med at forrige eigar
prøvde seg på ein Cal-look (Bilen har heller ikkje kromlister i vindauga). Bakluka er vel og frå ein 64 mod.

Er særs open for tips til kva "stil" eg burde gå for, med det grunnlaget eg har !
Reknar med at bilen får eit "bruktpreg" føreløpig sidan eg ikkje har råd til heillakkering.

Beklagar litt dårlege bilete då bilen står i ein liten garasje.


Tittel: Sv: Sjøblå Boble, 66 modell.
Skrevet av: Jørgen Nnovember 09, 2013, 20:23:08 pm
Hei der! Lykke til med prosjektet :) liker godt fargen du har på bilen ;) har en seablau 64 selv :)


Tittel: Sv: Sjøblå Boble, 66 modell.
Skrevet av: Njålnovember 09, 2013, 20:43:05 pm
Takk! Forhåpentligvis kjem fargen meir fram når eg får vaska og rubba bilen!

Her er eit innvendig bilete:
[attachment=1]

[attachment=2]


Manglar forresten 2 delar av varmluftsystemet (på biletet i høgre hjørne). Desse "Y" stykkja som spakane med girstonga
styrer spjeldet i.. Viss nokon har liggjande 2 stk kjøpar eg gjerne!


Tittel: Sv: Sjøblå Boble, 66 modell.
Skrevet av: BP 73november 09, 2013, 23:34:04 pm
Har 2 sånne Y stykker til 68 mod hvis de passer. ring 99599148


Tittel: Sv: Sjøblå Boble, 66 modell.
Skrevet av: Njålmars 02, 2014, 16:29:44 pm
Hei!
Har fleire lykteskal med inntakt glas og kromring, men manglar haldar og koplingsstykkje til lyspære på alle utenom den eine.

Er det mogleg å få tak i dette? Eller kjøpar eg ein del som inneheld lyspære og parklyspære (http://www.jbugs.com/product/6006.html?Category_Code=vw-headlights-bulbs)


Tittel: Sv: Sjøblå Boble, 66 modell.
Skrevet av: Tistlomars 02, 2014, 22:01:05 pm
Flott bil! og eit godt utgangspunkt med tanke på at rusta er teken hand om.
spørsmålet om "kva stil ein skal velgja" er noko som kjem opp i ny og ne. fasiten er at da er heeilt opp til deg sjølv.
eg har liggande både varmerøyr bak + perehaldara og da mesta anna du måtte trenga


Tittel: Sv: Sjøblå Boble, 66 modell.
Skrevet av: Njålfebruar 13, 2015, 18:01:04 pm
Hei igjen!

Har ein liten update på bilen.

Er no på plass i løa til onkelen min, og vil vere relativt nær heimstaden slik at det vert enkelt å fikse!
Kjørt inn i.l.a sommer 2014, høve bilberger jobb hjå Falck Stavanger.
[attachment=1]

Litt skruing.
[attachment=2]

Eg måla i vinter djupleiken ned til akslingen frå bensinpumpeholet, der det skal vere eit stag som styrer innsuget.
Denne lengden vart 9.6 - 10 cm etter å ha rotert svinghjulet.
Etter å ha undersøkt litt er det to lengder på dette staget som skal ned her. 100mm og 108mm

Har nokon ein ide om eg har måla feil, om denne avstanden skal vere større f.eks?
Ynskjer gjerne å kjøpa dette, så viss nokon har den rette stonga hadde det vore flott.
Sjår at den lange typen er mest vanleg for 1300 motorane.


Tittel: Sv: Sjøblå Boble, 66 modell.
Skrevet av: Jørgen Nfebruar 15, 2015, 14:02:23 pm
Bra å se at det går framover med bilen :) har du bestemt hvilken "stil" du skal gå for? :) har min 64 foreløpig så og si helt original, med en del ekstrautstyr, men har litt lyst på nye felger og litt lavere, iallfall foran :)


Tittel: Sv: Sjøblå Boble, 66 modell.
Skrevet av: Njålfebruar 24, 2015, 15:11:17 pm
Hei! Eg trur det vert å senke den litt foran, få montert alle delane (orginale) og få tak i ei takgrind.
Så trur eg bilen i førsteomgang vert slik den er no, mtp. lakk og slik.

Reknar med at sjangeren tippar litt meir over i "Utslitt klassiker" i starten!

[attachment=1]


Tittel: Sv: Sjøblå Boble, 66 modell.
Skrevet av: Simen Englundmars 10, 2015, 13:25:07 pm
"Utslitt klassiker" skal en ikke kimse av!

Greit å få kjørt litt mens man planlegger drømmebilen. Sjøl har jeg tidvis pådratt meg pappeske-prosjekt, og aldri kjørt bilen jeg starter å restaurere. Ikke alltid like motiverende et stykke ut i arbeidet. Smart å komme seg inn i miljøet først også. Har gjort noen tabber, som kunne vært avverget om man setter igang med litt mer research og innspill fra "erfarne fjellfolk"..

Lykke til med prosjektet uansett!  :)


Tittel: Sv: Sjøblå Boble, 66 modell.
Skrevet av: Njåloktober 01, 2015, 21:26:41 pm
Litt oppdateringer rundt bilen.
Det røffe eksteriøret er så og seie ferdig, der eg manglar litt detaljar ang. antenne, takgrind o.l!
Arbeidet er og gjort litt ut ifrå forholda som er tilgjengelige  ;)

[attachment=1]
[attachment=2]

Bilen har så og seie fått tilnamnet "flekken" grunna malingsforskjellen på panseret, då eg rett og slett har vore litt bakpå med å lakkere heile panseret!
(Diverre er det fleire ting på lakken rundt om som må utbedrast, men det kostar ein del pengar og tas med eit seinare stadie!)

Motoren er ute av bilen for overhaling/fiksing.
Så det nermar seg noko etterkvart!

Setter pris på konstruktivt innspel sidan dette er fyrste bilen!


Tittel: Øppdait
Skrevet av: Njålaugust 08, 2016, 22:36:12 pm
Då var det tid for ei oppdatering. Blir lenge mellom slaga, når ein studerar i ein anna by.
Sist sleit eg ut motoren, skrudde denne opp, skifta pakninger på diverse deler og fiska opp knust bensinpumpebrakket (!).

[attachment=2]

No har eg fått tak i takgrind (som skal pussast), bambus hylle og fått satt inn motoren som er tåligt overhala.

[attachment=1]

Akseleratorkabel er skifta. Røyret som denne er ført i hadde ein rustplugg, som fekk ny vaier til å stange i.
Fekk slått ein spiker igjennom med hjelp av et 3mm stålstag. I tillegg vart løysemiddel og grease hyppig nytta! Griseri.

Fant ikkje noko tjærepapp til motorrommet, så då vart det diverre billigvarianten, som forsåvidt fungerar godt.
Må få tak i eit tidsriktig motorlokk, innvendige paneler og teppe i bagasjerom og kabin!
Takgrinda må og sandblåsast og lakkerast.

Tips og triks eg kunne trengt:
Er det nokon mal på korleis teppe er innvendig? Slik ein kan kappe eit metervare-teppe til dette? eller må ein berre måle opp å skjæretil?
Slit og med å kunne åpne/lukke spjell på bakre del av varmerøyret (Høgre, festa til motoren), nokon som har tips til korleis ein
får løsna dette?

 :)


Tittel: Sv: Sjøblå Boble, 66 modell.
Skrevet av: VwSplitaugust 12, 2016, 19:39:09 pm
Fin bil du har  :)


Tittel: Sv: Sjøblå Boble, 66 modell.
Skrevet av: Njålaugust 14, 2016, 22:13:04 pm
Takker! :)


Bambushylla:
[attachment=1]