Har vurdert i lengre tid å få Crew Cabben min resturert i Polen då mi eiga fritid ikkje strekker til. Har hatt kontakt via mail med fleire Polske firma. Eit søk på google så dukker det opp nok av polske firmaer som er klare for å lure kroner ut av lommene til godtruende nordmenn.
I håp om at eg sjølv ikkje blir lurt for ein bunke tusenlapper og lokkar andre forummedlemmer, vil eg vente med å legge ut namnet på firmaet som eg enda opp med.
Eg hadde bestemt meg for Polen rep, men tilfeldigvis kom eg i prat med ein arbeidskoleg i n-sjøen som har fått rest. fleire amerekanske "flak" med godt resultat. Han er sjølv mekanikkar og eg trur (håpar) han veit kva han snakkar om.
Kontakt vart oppretta med min nye Polske "venn" og etter nokre mailar fekk eg tilsendt eit kontraktforslag. Den var delt inn i 5 delbetalingar. Etter kvart som arbeidet vert ferdigstilt, skal det betalast inn plz.
Det er som følger:
1) demontering av bil
2) sandblåsing
3) karosseriarbeid
4) lakkering
5) montering og test køyring
Ingen betaling før bilder er sendt på utført arbeid.
Alle deler som han må kjøpe inn får eg fyrst ei liste på og betaler inn før han bestiller varer.
Alt ialt virkar kontrakta veldig grei for min del. (trur eg
)
Morgonen 3 jan var Crew cabben stroppa fast på tralla til Tistlo og tanken var full på oljebrennaren min. Avgåre gjekk det
Det var ikkje fritt for at eg ikkje hadde sommarfuglar i magen då eg reiste. Det var ca 1800km kvar veg.
Reiseruta er som følger:
Avreise torsdag frå Voss kl 08:00. Ferje frå Ystad kl 22:30 på kvelden. Med ein stopp på Svinesund for litt papirarbeid.
Det gjekk ca 1l på mila med Crew Cabben på hengaren og litt under 0,8 med tom hengar heim igjen.
Voss-Ystad ca 1000 km.
Når me (hadde med meg ein arbeidkamerat frå n-sjøen) paserte Svinesund var det motorveg heile vegen til vår destnasjon i Polen. Fantastiske vegar i Polen.
Ferje frå Ystad til Świnoujście tar ca 8 timar. Me hadde lugar og fekk oss ei god natt søvn.
Avtalen eg hadde med min Polske "venn" var levering av bilen kl 18:00 på Fredag. Det var ikkje meir enn tid og sted, så det vart berre stopp for fylling av olje på dieselbrennaren to gonger før me var framme i Polen.
Me vart tatt godt i mot og parkerte både Crew cabben og Audien inne på låst område før han kjørte oss til hotellet som han hadde vert behjelpeleg med å finne til oss, ca 5 min med bil frå verstaden hans.
Betalte 281 kr for overnatting inkl. frukost, - fire stjernes hotell, eg har aldri budd så fint før…..
Lørdag morgon vart me henta på hotellet igjen og det bar opp til verstaden for gjennomgang av bilen og kontraktskriving.
All komunikasjon gjekk på engelsk, generelt var alle "polakkar" som me var i kontakt me flinke i engelsk.
Kundebilar som var i lokalet og utanfor var 6 norske (alle us), 1 engelsk late bay camper og 1 nederlansk golf gti 77 mod.
På utside sto det også ein 1302 og ein Volvo PV som var norske og som hadde stått der i over 1 år uten og bli henta, han fekk heller ikkje kontakt med eigarane av bilane. Men som han sa så hadde han fått alle betaling som han skulle ha, verdien i Polen var nærmast lik null.
Kontrakta vart gjennomgått til den minste detaljar og nedskrevne slik at det ikkje kunne feiltolkast i ettertid. Eg hadde ein god magefølelse då eg reiste derifrå. Det vil sjølvsagt gjenstå og sjå korleis dette går.
På forhand hadde eg ringt til toll og avgift og forhørt meg korleis eg skulle gjere det når me køyrde over grensa.
I gove trekk skal du betale mva av verdien på bilen når du tar den ut av landet, denne får du igjen når bilen er ferdig resturert og du skal betale mva på arbeider som er utført på bilen.
1) skriv ein Proforma inovoic på engelsk
2) bevis på at bilen er din
3) sett ein lav verdi på bilen (det er dette du skal betale mva av)
4) betal mva med visa el. på tullen
5) ta godt vare på kvitteringen
Arnstein