How-To: Skifta Varmekanalar på Bobla

(1/7) > >>

Tistlo:
Ja det er på tide det dukkar opp ein tråd om dette temaet her i Noreg! Det finst eitpar utanlandske, men kva er vel bedre enn noko ein forstår heilt utan problem!? :)

Denne tråden skal visa(ved hjelp av over 200bilder..) korleis ein fjerner den gamle sondrosta varmekanalen, fikser ulykkesområda rundt kanalen, og får på plass den nye kanalen samt korleis den nye må modifiserast for å likna orginalen.

Det må nevnast att dette er fyrste gong eg skiftar ein kanal, derfor er det eindel ting som vart forbedra etterkvart, men dei tinga ser dekan etterkvart som eg får lagt inn tråden.

Ja ein ting til: Det hadde vert morro om eventuelle komentarar og innspel kjem ETTER att eg har gjort ferdig tråden, med mindre det er noko viktig :) Vert so mykje meir ryddigare om ein slepp prestapreiken imellom bildene ;D

Sånn, då er det berre å begynna å legga inn bilder, og det tar litt tid å legga inn sopass mykje..

Tistlo

Tistlo:
Let the work begin!

Påminnelse: ALLE bilda er klikkbare! Trykk på dei for større versjon!

Her er utgangspunktet, ein heilt normal kanal på ei bobla frå 69...

 P1015467.jpg (128.94 KB. 733x550 - vist 1797 ganger.)


La oss ta ein kikk på korleis denne berømte varmekanalen heng fast i resten av karosseriet; Under kvartpanelet er det ei leppe, som er punktsveist til kanalsida

 P1015472.jpg (88.43 KB. 733x550 - vist 1643 ganger.)


Frammi innerskjermen er det masse(32?) sveiser som held kanalsida fast i innerskjermen

 P1015474.jpg (143.25 KB. 733x550 - vist 1414 ganger.)


Heilt frems er det ein serie med veldig tettsittande punkter som held saman innerskjerm, kanal og brannmuren

 P1015475.jpg (123.17 KB. 733x550 - vist 1309 ganger.)


Dersom du har ei bobla med dårlege kanalar er det VELDIG sannsynleg att det ser akkuratt sånn ut heilt framme i kanalen og området rundt

 P1015477.jpg (122.33 KB. 733x550 - vist 1364 ganger.)


Så ser me på baksida her litt,, det ligg ein fals som høyrer til plata på brannmuren her. Den er då sveist til innerskjermen, og kanalen har ein fals imellom brannmur og innerskjerm i botn.

 P1015480.jpg (97.09 KB. 733x550 - vist 1329 ganger.)


VIKTIG: Karosseriet MÅ avstivast med ei ramma innvendig før du fjerner noko som helst kanal. Dette er fordi att døropningane ikkje skal flytta seg under surgery.. Ja for varmekanalen er jo eit av dei viktigaste berande elementa i karosseriet. NB: denne ramma er ikkje god nok, dette var eit av punkta som var endra undervegs, kjem meir info om dette seinare.

 P1015481.jpg (135.78 KB. 733x550 - vist 1394 ganger.)


Her er korleis eg sveiste på denne enkle ramma, men den bør ikkje sveisast sånn,,

 P1015482.jpg (101.59 KB. 733x550 - vist 1252 ganger.)


Tistlo:


For å forbedra min dårlege prototype av ei ramma, så ville eg ha plassert tverr-røyret i høgda som vist på bildet for å få betre klaring til kanalen. I tilleg: Monter røyret INNI MELLOM dørstolpane!!! IKKJE utanpå imellom døropningen som eg har gjort! Då kan du nemlig ikkje henga i døra etterpå for å sjekka passform..

 P1015483.jpg (102.97 KB. 733x550 - vist 1192 ganger.)


Same shit her bak. Få røyra høgare opp! Det var veldig dårleg plass til å kutta ut kanalen her..

 P1015484.jpg (108.51 KB. 733x550 - vist 1156 ganger.)


So ser me litt på korleis kanalen er sveist att; I døropningane er kanalen heilsveist til dørstolpane. Derfor er det lurt med litt klaring til ramma, så du kjem til med verktøy, for desse sveisane må sprettast oppatt!

 P1015487.jpg (93.59 KB. 733x550 - vist 1235 ganger.)


Vidare rundt dørstolpen er det ei leppe, som er heilsveist halvparten til kanalen, Resten er punkta.

 P1015489.jpg (111.65 KB. 733x550 - vist 1204 ganger.)


Heilt framme innvendig er det ein fals som heng fast i den indre delen av brannmuren. Den er punktsveist til kanalen og heilsveist i botn

 P1015493.jpg (113.57 KB. 733x550 - vist 1183 ganger.)


Dårleg bilete, men her ser me kor rusta ting er under her.. Må lagast ny plata i endane her.

 P1015494.jpg (79.45 KB. 733x550 - vist 1183 ganger.)


I bakre dørstolpe er det og heilsveist.

 P1015495.jpg (100.19 KB. 733x550 - vist 1126 ganger.)


På innsida av dørstolpen bak, ligg ei plata som er bretta ut over kanalen, Og den er heilsveist rundt heile kanten. Tysjen visar sveisen, som er begravd i karosserikitt og gammal maling

 P1015496.jpg (109.09 KB. 733x550 - vist 1192 ganger.)

Tistlo:

Dårleg bilde, men her ser me sveisane merka med tysj, som befinner seg på falsen på den invendige bakre innerskjermdelen som befinn seg under baksetet. Heilt til høgre i bildet ser dekan litt av korleis sjølve leppa på kanalen er sveist til plata bak kanalen.

 P1015498.jpg (72.3 KB. 733x550 - vist 1221 ganger.)


Betre bilde av det,, Denne falsen er på sjølve kanalen og fester den til forsterkingsplata, eller rear cross member so da haita på fint. Legg merke til att eindel av punktsveisa er oppeten av rusta.. Det skal nevnast att denne falsen fortsetter til venstre og INN imellom ytre og indre innerskjerm plata.

 P1015500.jpg (107.8 KB. 733x550 - vist 1161 ganger.)


Lenger opp i baksetehjørna møtar me eit kjent syn. Rusthol! IKKJE RART heller! For her ligg det tre lag plater over kvarandre på det galnaste og det er IKKJE noko grunning mellom platene.. Då går det sånn.

 P1015503.jpg (120.56 KB. 733x550 - vist 1095 ganger.)


So bevegar me oss ut på utsida av bilen og ser på samme området bak kanalen. Skrujernet viser der kanalbotnen pleide å ligga..

 P1015504.jpg (118.65 KB. 733x550 - vist 1115 ganger.)


Her ser me kor mykje elendigheit det er her i området!

 P1015505.jpg (151.02 KB. 733x550 - vist 1086 ganger.)


Eit(dårleg) bilde av kanalen lenger ned. Skrujernet peker på kanten av ei ekstra forsterkingsplate som ligg ytterst bak kanalen her. Totalt er det også her 3 plater utanpå kvarandre,, er det rart det rustar!?

 P1015506.jpg (96.73 KB. 733x550 - vist 1048 ganger.)


So tar me ein kikk over på andre sida av bilen, som er den bedre sida. Der ser me eit hol i gjennom forsterkingsplatene og inn i kanalen. Frå og med 69modellen var det eit inspeksjonshol bak kanalen, og det skal vera ein plugg over holet. Pluggen detter av, vatn og drit kjem inn, og elendigheiten er eit faktum, som på den dårlege, høgre, sida..

 P1015509.jpg (146.63 KB. 733x550 - vist 1026 ganger.)


So begynner arbeidet! Eg begynnte med å ta roterande stålbørste på vinkelsliparen og pussa vekk maling og drit i fremre innerskjerm for å finna sveisepunkta skikkeleg.

 P1015511.jpg (123.65 KB. 733x550 - vist 1136 ganger.)

Tistlo:

Heilt framme i enden av innerskjermen ser me litt nermare på den heilsveiste kanten.. Du skal Tydeleg kjenna ein kant der kanalen sluttar midt i sveisen. Pilene peker på kanten. Så for å lettast få kanalen laus så kutter ein med dremel langs den raude streken som då vil løysna kanalen frå innerskjermen og sveisane.

 P1015515.jpg (60.45 KB. 733x550 - vist 1220 ganger.)


Så pussa eg reint langs kanten under kvartpanelet

 P1015516.jpg (81.7 KB. 733x550 - vist 1119 ganger.)


Sjå kor skadd dette området her er! Det kan me skylda jekkfestet for..

 P1015518.jpg (76.69 KB. 733x550 - vist 1044 ganger.)


Her ser dekan tydeleg kanten under som inneheld mange punktsveisar som må borrast opp.

 P1015520.jpg (69.58 KB. 733x550 - vist 1053 ganger.)


Og kanten fortsetter bakover, for so å gå oppover, men dette kjem eg tilbake til.

 P1015521.jpg (84.3 KB. 733x550 - vist 1038 ganger.)


So er det berre å bora! Eg bruker fyrst 3/3,5mm bor, so 4,5mm og tilslutt 6mm bor. Då skal sveisane vera heilt lause, eller så heng dei att litt, alt etter kor godt du traff senteret med kjørnar og hammar.

 P1015524.jpg (82.55 KB. 733x550 - vist 1153 ganger.)


Masse boring framme og! Legg merke til dei punktane rett under dørstolpen. Ei malingskrapa er fin å skilla platene med etter boring, unngå bruk av meisel då den krøllar sund den tynne innerskjermplata.

 P1015530.jpg (110.97 KB. 733x550 - vist 1220 ganger.)


Ver forsiktig når du borar på akkuratt denne sveisen. :) Her er det ei plata inni kanalen som boren lett høgg seg fast i. Ein 6mm bor omkom under boring av dette holet.

 P1015532.jpg (105.91 KB. 733x550 - vist 1150 ganger.)

Navigering

[0] Oversikt

[#] Neste side