VWNorge

Forum => Hva skjer? => Emne startet av: OrangeBaja på juni 01, 2015, 14:41:20 pm



Tittel: Setesdalstreffet 25/7-2015
Skrevet av: OrangeBajajuni 01, 2015, 14:41:20 pm
Hei. Dette er mitt første innlegg i forum og håper at dette faller i smak.
AMK Setesdal –
 Setesdalstreffet begynner kl 12.00, men dei med køyretøy kan gjerne kome frå 11 og utover. Det er heime hos Olav T og Gudrun Rysstad, nærmaste nabo til Søvgarden Hotell. Det blir servering av brus, pølser, kaffe og vaffel. Vi håper at mange både med og uten køyretøy tek turen oppover dalen. Alle «gogner» med motor over 30 år er hjarteleg velkomne, det kan vere bil, lastebil, militærkøyretøy, traktor, moped, motorsykkel, snøskoter eller anna med forbrenningsmotor.
Det treng ikkje vere noko «perle» for å kome, vi syns det er moro med gode gamle kvardagskøyretøy som er urestaurerte. Vi veit og at det står mange gamle mopedar, motorsyklar etc i løer og uthus rundt i heile dalen som ikkje er på registrerte, ennå iallefall. Ta gjerne med ein slik om du har, desse er jo bare å opp på ein tilhenger eller på planet på ein pickup. Om det er noken som har køyretøy av nyare dato som er litt utover det vanlege, så er dei og hjarteleg velkomne til å syne fram doningen.

Dagen blir avslutta med ein crusingtur frå Rysstad med start kl 16.00. turen går opp til Harstadberg og over Hallndabru, via Nomeland (i Valle) og Dale. Vidare over Kallefoss bru og ut på RV 9 ca 1 km, via Homme og Valle sentrum og ut att på RV 9 ved Valle skule. Ved ankomst Rysstad, så blir dagen avslutta.


Tittel: Sv: Setesdalstreffet 25/7-2015
Skrevet av: OrangeBajajuni 01, 2015, 14:43:31 pm
Dette er valle i setesdal. Der som Thunder valle går av stabelen den 12 til 14 juni.



Tittel: Sv: Setesdalstreffet 25/7-2015
Skrevet av: erljuli 01, 2015, 21:05:33 pm
Tar nok turen i år også, trivelig treff på fint sted !