Vi har fått følgende nødrop på tvwk@hotmail.com:
Hei.
Eg heiter Tormod Rossavik og bur i Sandnes.
For nokre år sidan flytta eg til London, og parkerte bobla mi (1300, mod.1966) i Trondheim, sidan svigerinna mi hadde tilgang på ein garasje. Nå har svigerinna mi flytta og bobla mi står ute på ein parkeringsplass i Othilienborg. Bilen har ikkje vore kjørt siden 2001, ergo er eg usikker på å kjøre den heilt til Sandnes nå i haust. Eg vil helst vente til våren, så slipper eg å tenke på snø over Dovre og eventuelle motorstopp og liknande.
Grunnen til at eg kontakter deg er om kva muligheter du ser for deg.
Går det an å få oppbevart bilen under tak i Trondheim nokre månader?
Eller er det nokon som kan hjelpe meg å gjere den kjørbar, slik at eg kan vera relativt sikker på at eg får den til Sandnes i løpet av ei helg?
Om du kan hjelpe på eit eller anna vis vil eg bli lykkelig!
Med vennleg helsing
Tormod Rossavik
Er det noen som kan gjøre Tormod lykkelig?