Vis innlegg
|
Sider: 1 2 [3] 4 5 6
|
73
|
Bruktbørsen / Deler ønskes kjøpt / Sv: Hanskromlås til 1967 T1.
|
på: mars 22, 2012, 22:26:37 pm
|
Har vel ikkje slutta med noko. Er no framleis ei boble i familien + ein haug med delar, så er ikkje slutt før alt er vekk Når kroppen ikkje vil, so lyt ein gjere nokre valg, så då vart da Oplane som vann. Då kan eg sitje att med ein av mine første bilar + ein bil som er selt kun ein av, ny, i Noreg. Med felles delelager . Var jo trass alt produsert nesten 1,1 mill bobler av årsmodellen eg hadde 50,- + porto er ok, sia alt skal vekk. Men eg køyrer ikkje eins ærend på posten for 50 kroner, så lyt bli når eg likevel er på tur i området. (dvs. 1-3 gonger i veka). Skal skru av ein lås og finne ut porto. Noko anna du treng?
|
|
|
80
|
Forum / Snikk-snakk / Sv: paypal humbugg?
|
på: mars 17, 2012, 18:17:09 pm
|
Nigeriasvindel Har vore borti slike "kjøparar", sjølv. Som regel via sms, e-post eller facebook. Maila bilete til dei og spurte om eindel ting. Fekk alltid svar, men det som stod i svara var ikkje i forhold til det eg spurte om. Google det ein har av e-post adresse, namn og telefonnummer på slike "kjøparar", gjev ofte treff og bekrefter at det er svindel.
|
|
|
82
|
Forum / Problemløseren / Sv: Trenger tips og råd.
|
på: mars 17, 2012, 13:14:21 pm
|
Ikke spyl med høytrykk!
Og kvifor ikkje? Eg har spylt hundrevis av biler med 100-150 bar og både kaldt og varmt vatn. Aldri ødelagt noko. Flassar lakken, så er det pga. dårleg lakkarbeid. Men det høyrast ut som pakningen din er moden for skift Steinsprutskader kan forøvrig reparerast. Men tippar ruta er slitt etter så mange år, så når du likevel skal ut med ruta, er det like greit å skifte den òg. Då er i alle fall alle problema du nemner, eliminert
|
|
|
84
|
Bruktbørsen / Biler selges / 1969 T1 1500 med 1600 motor. Lagt til nokre bilete 29.03.
|
på: mars 17, 2012, 01:36:09 am
|
Lufter om det er noko interesse for ei 1969 T1 1500 med 1600 motor. Bilen har vore "restaurert", men finish er så som så. Ny clutch, men er 1600 utløyselager (for styrehylse) mot 1500 kasse. Bilen er registrert og godkjent, virker til å vere så og sei rustfri og i bra teknisk stand. Veit lite og ingenting om kva som har vore gjort med bilen før, men den har tusla og gått sia kjøp for ca. 3 år sia. Stod 1300 i den når den vart kjøpt. Har kun hatt normalt stell, litt småreparasjonar og byte av motor/clutch etter den var kjøpt (1300 vart noko slapt på 1500 kasse...). Bilen er fin langtifrå, men langtifrå fin. Lysblågrå med svart interiør. Nokre deler kan følge med etter avtale.
Bilen står i garasje på vestlandet. Bilete vert ordna om det er interesse for bilen. (Det snør og regnar her...)
Vert seld grunna anna bilkjøp.
Prisantydning rundt 25000,-
|
|
|
86
|
Forum / Problemløseren / Sv: Trenger tips og råd.
|
på: mars 17, 2012, 00:33:08 am
|
Nye pakningar er å anbefale, ja. Repro er ofte av god kvalitet i dag og vanlegvis ikkje så dyre. Lappe på pakningar er ofte grisete òg eg ville ikkje ha brukt silikon eller noko anna viss du likevèl har planar om å skifte på sikt.
Om ein treng lappe på pakningar, så vil eg anbefale Kent sin Screenfix 212. Det er ein svart 1 komponent rutelim på 300ml tube som limer godt og er fleksibel, men må sikkert ut med 500,-+ for ei tube, om ein i det heile får kjøpt den frå eit verksted. Denne har eg brukt til ymse gummipakningar, motorfester og liming av aluminium mot glassfiber. Heng framleis saman etter 12+ år på bilar/båt som står ute heile året.
Screenfix 212 er mest å anbefale på ting som er umogleg å få tak i, sia den er veldig grisete å jobbe med viss ein må forme den...
Skifter du pakningar, gjer godt reint rundt rute og rutekarm. Lapping på pakningar gjev deg meir arbeid når du skal skifte. Skifte ei rute eller ein rutepakning som er full i rutetetning eller anna rundt pakningen, er mykje ekstra jobb.
|
|
|
87
|
Forum / Snikk-snakk / Sv: Boblespotting
|
på: mars 16, 2012, 20:52:59 pm
|
http://maps.google.no/maps?q=naustdal&hl=no&ll=61.506968,5.710844&spn=0.000985,0.002701&sll=61.143235,9.09668&sspn=16.455222,44.25293&hnear=Naustdal,+Sogn+og+Fjordane&t=m&z=19&layer=c&cbll=61.50708,5.711063&panoid=0qiAkqZStu_3mK8bgXHcYg&cbp=12,260.91,,1,1.91Denne står ikkje der lenger.
|
|
|
88
|
Forum / Problemløseren / Sv: Tenplugger
|
på: mars 16, 2012, 20:39:55 pm
|
er det noen alternativer til ngk plugger?
Nei. Dei fleste delesjapper har overgangslister, men dei er vel eigentleg berre brukandes til å få NGK plugger istaden for andre merke :p Bruker kun NGK her i gården, i alle fall For meg er det nok noko som heng att etter mopedtida og etter då eg køyrde Boble og Rekord C. NGK var overlegne på levetid.. Har kun tatt knekken på 1 NGK plugg på 20 år, og det var på ein påhengs som hadde hatt same pluggane i 7 år.
|
|
|
89
|
Forum / Problemløseren / Sv: Trenger tips og råd.
|
på: mars 16, 2012, 20:23:01 pm
|
Hjelper ofte ei stund om ein klarer å spyle under kantane på pakningane med høgtrykkspyler. Ligg vanlegvis mykje skit under der. Vanleg bilsåpe løyser som oftast det meste, men Jif skurekrem er glimrande for å "slipe" litt. Bruker sjølv Jif skurekrem og mikrofiber vaskeklut på dørpanel og slikt som eg ikkje kan spyle. Neglebørste + Jif på vanskeleg skit. Og så som Christer seier, konservere det med noko
|
|
|
|