VWNorge

Forum => Prosjektgarasjen => Emne startet av: Ivar på oktober 29, 2011, 18:31:44 pm



Tittel: Plokkopp'en ein 1975 Sika
Skrevet av: Ivaroktober 29, 2011, 18:31:44 pm
Prosjekttråd er dette vel eigentleg ikkje. Men det har seg no sånn at ting fort kan bli prosjekt likevel.....
Siden eg no skal til å bygge bakeri til Brødbilen (i ein annan tråd) so trong eg ein hest.
Erfaringsmessig er plysj-caravelle dårlig egna, så eg fekk melding om å finna noko med skai inni.

Er vel ikkje vanskeleg å bestemme seg for biltype då?!?
Valget sto derfor mellom Sika og Doka. Klikka rundtom eit par dagar, og bestemte meg for at sika må det bli.

Siden Brødbilen er Early, så hadde eg svært lyst på Early Sika også. Men desse veks ikkje på trær lenger, og i alle fall ikkje dei som ikkje er prosjekt eller til utstilling.
Så plutselig fann eg ein Late Sika. Den kom nesten gjennom på EU.
Pris og stand blei betrakta som greie, så då var det kun å avspasere frå jobben, knagge bilhenger på caravellen, og suse dei 460 km til Porsgrunn. Kjapp prøvekjøring og oppgjør, samt snopte ein støtfangar og eit hengerfeste, og returnerte til Askøy på ettermiddagen.
Karjolen var så senka at det var litt knekete å få den på hengaren.
[attachment=1]

Klar for avreise
[attachment=2]

Siden den var høgt oppe på klyppelista, blei eg stoppa i Odda, då eg måtte fylle diesel.
Dei ville ha skilta på Plokkopp'en. Etter eit kvarter ordna det seg for dei snille 8)

Etter heimkomsten fekk den plass på sida av Brødbilen, og donoren til samme.
[attachment=3]


Tittel: Sv: Plokkopp'en ein 1975 Sika
Skrevet av: Ivaroktober 29, 2011, 18:48:27 pm
Vel heima, gjekk da nokon kveldar med på å få den opp i lufta igjen.
Dekkskift måtte til. Og sidan den skal nyttast heile året, fall valget på stiftelause vinterdekk.

[attachment=1]

EU blei bestillt, og gjennomført med mangel på skeive bremsar bak.
Hadde vore rettare å sagt faste bremsar bak!

Fleire kveldar, fyllte med ukvemsord og tungt verktøy måtte til, før etterkontroll.
Det gjekk strålande, så då km oblatane og vognkortet med ein gong ;D

Siden Brødbilen trekker litt ut, må Plokkopp'en gjera nytten, så når det då var kjempetilbud på mjøl på Sartor, så måtte me rykke ut.
gjekk glatt 240 kg i lasterommet!!
[attachment=2]

Førre veka måtte færingen på land.
Fann ut at traktorgravaren greidde å løfte høgt nok, så igjen var det på jobb
[attachment=3]

Kanskje like greitt at slikt skjer på kveldstid  ::)

Det vert nok fleire snedige lass etterkvart.....

Elles er bilen grei nok. har litt småting som eg skal sjå på sånn underveis.
Prioritert øverst er varmepottene, då dei forsyner andre enden av bilen med ganske grei mengde med diverse dunster :-\


Tittel: Sv: Plokkopp'en ein 1975 Sika
Skrevet av: holmsenoktober 29, 2011, 21:08:32 pm
 Gratulerer, utrolig kult å se den i arbeid  ;D


Tittel: Sv: Plokkopp'en ein 1975 Sika
Skrevet av: Ivaroktober 31, 2011, 23:04:35 pm
Takk for det Holmsen.
Den blir nok mykje i arbeid framover. Satser på "vern gjennom bruk" konseptet.

No er eksoslekkasjen så påtagelig at eg er nøydd for å gjera noko.
Var i garasjen i går og fann fram delane som var tiltenkt Brødbilen :-\
Varmepottene er lett brukte, så ein god reingjering, fuging med eksospasta og to strok med god maling må bli bra.
[attachment=1]
[attachment=2]
Elles så hadde eg liggande ei lydpotte frå eit gammalt varelager frå 70-tallet. Den blei supplert med enderør frå ein handel her på forumet.
Også gamle originaldeler
[attachment=3]

Når dei blei svarte, så blir dei så fine atte
[attachment=4]
[attachment=5]

Veit ikkje kor det er med reprodelane, men enderøyret har ein fin dempar inni.
Då får me den fine originale lyden, og ikkje dette spetakkelet frå EMPI
[attachment=6]

Ser fram til det, sjølv om eg trimmer ned sikkert 5-6 hk :D

Så då er det kun å supplere med eit sett pakninger, og ein porsjon tolmod, ein kveld.......eller to

Nokon som har fått tak i lange messingmuttre til eksosanlegg?? Finnes ikkje bedre enn det, så eg tar i mot tips om nokon har funne leverandør av slikt.


Tittel: Sv: Plokkopp'en ein 1975 Sika
Skrevet av: Tistlonovember 01, 2011, 00:25:54 am
Morro å sjå tråd på plokkoppen!

Kan du bruka sånne lange gjengestagskjøytebiltemadingsar i galvanisert til eksosmuttrar kanskje? evt orginale:)



Tittel: Sv: Plokkopp'en ein 1975 Sika
Skrevet av: Ivarnovember 01, 2011, 18:38:22 pm
På eksos, spesielt nære toppen, er messing heilt uovertruffen.
Reagerer ikkje med pinneskruene av stål og korroderer ikkje.
Bakdelen er at dei er litt blaute, men det kompenserer ein med at dei er ca dobbelt så lange som vanlege muttrar.
Då blir flatetrykket på kvar gjenge innanfor kravet til materialet. (såg det var ein annan tråd med heile utrekninga i :D)
Dei er også litt tjukkare. M6 er 11mm nøkkelvidde i staden for 10.. osv

Har hatt dette på fleire bilar tidlegare, med stort hell.
Står i mangen år, og er lette å løyse etterpå 8)

Galvanisert, el.forsinka og svarte kan ikkje måla seg. Har to gonger forsøkt med A4 syrefast, og begge gongane har eg enda med å knekke nokon av pinneskruene :-[


Tittel: Sv: Plokkopp'en ein 1975 Sika
Skrevet av: Tistlonovember 01, 2011, 21:52:54 pm
høyrest ikkje so helt domme ut dei messingmuttrane dine! sei firå hen du får tak i dei
vanlige eksosmuttrar i kopar då? er vel ca samme greiene?


Tittel: Sv: Plokkopp'en ein 1975 Sika
Skrevet av: Ivarfebruar 18, 2012, 17:45:44 pm
Plokkopp'en er så treg å gira.
Vanskelig å finne 1. og 2. sjølv i fart. 3. og 4. går fint, men sakte.
Når ein skal bruka 2-3 sek på å gira ned frå 4. i motebakken, så hender det at eg berre mellomlander i 3., før eg må ned i 2.
Har heve på dør den fordømte EMPI-staken og fått inn ei god original stong. Venter på nye foringer og leddet bak, men ser ikkje heilt at denne tregheten heng i sammen med slitne foringer !?!? ???
Ser at eg har ein ganske tilårskommen lekkasje framme på kassen, så sannsynligheten for at det er igjen olje i det heile er jo liten....

Nokon som har tulla seg inn i baykasse?
Skiftegafler og synk ringer er vel ein kurant affære?
Er ikkje mange nettbutikker som har lagt ut slike..?!?

Er det noko eg har oversett???


Tittel: Sv: Plokkopp'en ein 1975 Sika
Skrevet av: Tistlofebruar 18, 2012, 23:21:21 pm
Ikkje sikkert at da har direkte samanheng, men på syncroen som eg har fortvila meg rundt i litt no i vinter , so har eg oppdaga eit fenomen som vert verre og verre og da e at da plutslig vert seigare og seigare å komma i 3gir, og 4gir. misstenker at slaps+salt+alt anna vegdrit, kan finna vegen opp i foringane og fjerna all smøring..men om da faktisk er da som gjer da veit eg jo ikkje..