VWNorge

Forum => Prosjektgarasjen => Emne startet av: bestyraren på januar 19, 2010, 21:53:28 pm



Tittel: Steinar's Fastback... eller eit eit rullande prosjekt, om du vil
Skrevet av: bestyrarenjanuar 19, 2010, 21:53:28 pm
Vinteren har så langt satt ein effektiv stoppar for vidare framdrift med tanke på EU-godkjenninga men Tistlo kom som ein reddande engel. Med ungdommeleg pågangsmot og god vinter kjeledress har han sett i gang med å få varme i bilen samt skifte av styredemper og opphengskule.

Er sjølv bortreist men håpar bilen er bedre enn på lenge når eg kjem heim att. DVS Tistlo har 14 dagar på seg til å gjere gull av gråstein.

Vær så god Tistlo, scenen er din.


Tittel: Sv: Steinar's Fastback... eller eit eit rullande prosjekt, om du vil
Skrevet av: Tistlojanuar 20, 2010, 00:52:05 am
Jau då er garasjen på ny fullt opp med luftkjølt :)

Steinar tok sjangsen på å komma opp med fastbacken sin igår på sommarsdekk, då biltraller i bygda anten er øydelagte eller vekkleigde eller rettogslett for små.. Bilen synst eg er ganske gromm, og det er ein bruksbil, så litt røff i lakken etc, men det bør den jo vera og. Den går ganske godt virkar det som men har eit stort bensinforbruk, over 1 liter på mila var det sagt, men eg meinar det ikkje er so langt frå normalen på desse "beista" med to gassarar og greier..

Planane, eller det som skal gjerast med bilen er å få igang att varmeapparatet, skifta ein styredempar, noko bremseslangar, eit hjullager, ei styrekula, samt fiksa friskluftsboksen(som bles iskald luft ned i fanget på ein..) og sikkert meir til etterkvart som ting dokkar opp.

Eg fekk igårkveld bilen inn i garasjen, og idag fekk eg tid til å ta ein sjekk på bilen. Det viste seg etterkvart att den egentlig ikkje er så galen for å vera "tukla" med etc. Det mesta som er gjort er reverserbart, som varmeapparatet som er fjerna aldeles, men heldigvis så er vaier etc intakt så det er nesten bolt on, bortsett frå ekosen... Det er litt rust på bilen, hovedsaklig frammi innerskjermane, men (heldigvis?) for min del, so ska eg ikkje sveisa noko på bilen no, kun service and repair..

Eg fyrer igang med ei røys bilder frå inspeksjonen,, småplokk det meste egentlig!

Her er bilen då han kom
[attachment=1]

[attachment=2]

Her er han på plass i garasjen, legg merke til røyken... miljøbil frå the 70's!
[attachment=3]

So tok eg ein tur undå motoren for å sjekka skadeomfanget.. Morro å sjå att nokon har klatta fast varmepotta i eksospotta... Veldig lurt! Ellers er det stor manko på slangar og røyr..
[attachment=4]

Litt oljesvetting frå påfyllingen, men intet alvårleg(kun 3dråpar på 1 natt!)
[attachment=5]

HEHE nei, han som står bak dette kan ikkje vera serleg stolt over arbeidet sitt! Men i verste fall so må eg byta flensen på eksosen,, 
[attachment=6]

Øveblikk på eksosen, varmepottene manglar sjølvsagt ytste skalet og eksosen skulle egentlig vore skifta, men den er reddbar!
[attachment=7]

Motoren,, fant litt småplokk her og!..
[attachment=8]


Dette er forresten fyrste gong eg har skrudd på type 3, men allerede etter ein dag kan eg konkludera med att detta er "meir bil" enn bobler feks.. Betre og kjøyra og fant eg ut.. Men iogmed att det er nytt for meg, dukkar det nok opp einkvart slags spørsmål undervegs så type3folket må vera på hugget til å svara ;)



Tittel: Sv: Steinar's Fastback... eller eit eit rullande prosjekt, om du vil
Skrevet av: Tistlojanuar 20, 2010, 01:01:05 am
Meir,,

Når eg opna motorenluka og motoren gjekk vart eg møtt av ei voldsom bensin og oljelokt,, og her er nok ein av grunnane,, slangen til oljeåndinga er vekkmorkna..
[attachment=1]

God forvarming,,
[attachment=2]

Spørsmål: Skal da vera opent ned her? intet kjøleblekk rundt motoren?
[attachment=3]

Med litt strev fekk eg opp panseret,, pakningen rundt hadde vist klaka fast i panseret,, eg begynte jo å tru att vaieren hadde slete sund.. Skal behandla lister med sånn gommifornyar silikon dings..
[attachment=4]

Her er noko rust i innerskjermane..
[attachment=5]

[attachment=6]

Og noko dårleg reperasjon (undå bakseetet er forøvrig glassfiberen tatt fram..)
[attachment=7]

[attachment=8]



Tittel: Sv: Steinar's Fastback... eller eit eit rullande prosjekt, om du vil
Skrevet av: Tistlojanuar 20, 2010, 01:09:31 am
Bilder må til.

Bilen har hatt bensinvarmar, men den er tatt vekk og erstatta alu og eltaip.
[attachment=1]

Så tilbake under bilen,, Heldigvis var det ikkje gjort noko tull her,, vaieren og alt var tilstede, og holet for varmen var tetta med ei fidla.
[attachment=2]

Her er varmepottena som skal brukast, nokon store beist iforhånd til det tullet som er på bilen no..
[attachment=3]

Og litt ekstra deler,, eller mykje vert nok brukt i varmesystemet! må berre forska litt på korleis ting skal monterast, plasserast..
[attachment=4]

Detta er vel eit forsøk på å forbetra varmen i bilane,, termostat og greier inni boksen, som nok skal plasserast heilt inne med karosseriet går eg ut ifrå..
[attachment=5]

Desse boksane fant eg etterkvart ut att skulle under baksetet.
[attachment=6]

Bremseslangar som skal bytast, og ei kassa med ymse. Trur hjullageret var oppi kasso og..
[attachment=7]


Tittel: Sv: Steinar's Fastback... eller eit eit rullande prosjekt, om du vil
Skrevet av: Pittjanuar 20, 2010, 01:13:00 am
Huff ikke vis flere bilder nå for da får jeg ikke sove i natt !!  ;D


Pitt


Tittel: Sv: Steinar's Fastback... eller eit eit rullande prosjekt, om du vil
Skrevet av: Tistlojanuar 20, 2010, 01:18:48 am
So til det som visar att frå kvelden,, Fekk montert dei svarte varmeboksane.. og det var ikkje so lett som eg tenkte.

Nokon har lagt si flid i å fjerna alle spor etter varmeapparatet.. alutaip er flittigt brukt!
[attachment=1]

Etter MYKJE bal fekk eg på plass eine boksen(var trångt) ja eg veit det ser biltema ut med gråtaipen, men den er faktisk kjempebra på sånne røyrflenser der det skal vera tett, for no er det pottatett, og det hadde det ikkje vorte med slangeklemmer..
[attachment=2]

Andre sida var ikkje akkuratt enklare, for her var itilleg ledninga vaset plasert akkuratt der røyra frå kanalen kjem ut.. Men det gjekk tilslutt her 'og! :)
[attachment=3]

So då er ein liten ting stråke tå listo, imorgo er det møte i kjøyretøy historisk klubben, so då ryk jo mesteparten av kvelden, men eg skal prøva å få av varmepottene imorgo! Fekk spylt på litt rostløysar på boltane idag, so forhåpenligvis så knekk dei ikkje!(har ikkje skjedd meg endå, men ein gong må da jo gå gale....)



Tittel: Sv: Steinar's Fastback... eller eit eit rullande prosjekt, om du vil
Skrevet av: Tistlojanuar 20, 2010, 01:21:21 am
Huff ikke vis flere bilder nå for da får jeg ikke sove i natt !!  ;D


Pitt

Jaha!? Savner du fastbacken(i fleirtal?) din eller?  8)


Tittel: Sv: Steinar's Fastback... eller eit eit rullande prosjekt, om du vil
Skrevet av: ultimatevwjanuar 20, 2010, 02:44:37 am
Type 3 er mer bil enn ei boble. Det merker man fort.
Det skal ikke være noe kjøleblekk rundt der nei. Annet kjølesystem på Type3, der den tar lufta som kommer inn gjellene i bakskjermene.
Om det er type1 varmepotter du monterer så må rørene forlenges litt.
Vanlige rustplassen ser jeg :P

Jeg er interessert i støtfangerne om eier skal montere de riktige som hører til denne nyere modellen.


Tittel: Sv: Steinar's Fastback... eller eit eit rullande prosjekt, om du vil
Skrevet av: Tistlojanuar 20, 2010, 12:01:35 pm
Ja tenkte meg det ikkje skulle vera blekk der. Det er rette typen varmepotter skal det vera iverfall :) Kva som vert gjort med støtfangarane kan ikkje eg svara på


Tittel: Sv: Steinar's Fastback... eller eit eit rullande prosjekt, om du vil
Skrevet av: manicsjanuar 20, 2010, 12:50:30 pm
Flott bil dersom den får riktige støtfangere! :)


Tittel: Sv: Steinar's Fastback... eller eit eit rullande prosjekt, om du vil
Skrevet av: Tistlojanuar 20, 2010, 13:50:04 pm
Har ikkje tenkt på att det var feil,, men synst det ser bra ut som det er 'og eg :)


Tittel: Sv: Steinar's Fastback... eller eit eit rullande prosjekt, om du vil
Skrevet av: bestyrarenjanuar 20, 2010, 16:45:19 pm
Her var du i gang ja, godt det. Håpar det let seg gjera å få varme i bilen, resten uteståande er jo grei skruing (bolt off/on).

Frontruta er forresten dårlig, nokon med tips til kvar ny kan skaffes? Ser VW veterandeler har til 1700-1800kroner. Dei hadde dessutan 2 ulike typar rutepakning, "original" og Cal-look. Nokon med erfaring frå desse?

Støtfangarane beheld eg nok enn så lenge, har ikkje anna :-\

Steinar


Tittel: Sv: Steinar's Fastback... eller eit eit rullande prosjekt, om du vil
Skrevet av: gussijanuar 20, 2010, 19:02:31 pm
Greit å se det blir bil igjen tislo .du er kjempe dyktig .beklager for sveiesen på exsosen men skulle bare ha den igjenom eu ,å så bytte varmepotter å exsos anlegg ellers er bilen grei  ;)


Tittel: Sv: Steinar's Fastback... eller eit eit rullande prosjekt, om du vil
Skrevet av: Tistlojanuar 20, 2010, 19:12:24 pm
Bra du ikkje sveiste det skikkeleg då! For dersom du hadde gjort det hadde dette vorte ein heil del ekstra arbeid hehe. Men eksosen er reddbar ivertfall! Dersom ein legg litt jobb i han vert han god som gull att!

Steinar; Du kan jo kontakta unneberg kan henda dei klarar å skaffa sjølv om det ikkje er i websjoppen? Men eg trur ikkje att 17-1800kr er so veldig dyrt for ei ruta,, men alternativet er å få tak i ei bra brukt ei,, men det er kanskje ikkje lett å finna ei som er god nok.. Ikkje lett å senda heller.. Men ang, rutepakningar so trur eg da besta er å bruka orginal, pga kvaliteten som sikkert er betre. Men orginalt er det jo spor til å ha kromlista i, det er det ikkje på cal-look. Men det som står på bilen no er jo ei morken orginallist utan krom,, so da kan henda det er best å satsa på cal-look dersom du ikkje skal ha kromlista på (Og den har du vel ikkje?)

Uansett, so ser da ut til att dagens plan går i dass, ettersom eg strax reiser på møte og kjem att seint på kvelden, men det er jo håp for att eg får av ivertfall 1 varmepotta :)


Tittel: Sv: Steinar's Fastback... eller eit eit rullande prosjekt, om du vil
Skrevet av: Martinjanuar 20, 2010, 19:28:28 pm
gamle hjula mine som sto på bobla mi en gang, men som jeg er så likte jeg ikke alu på den heller ;)


Tittel: Sv: Steinar's Fastback... eller eit eit rullande prosjekt, om du vil
Skrevet av: Tistlojanuar 21, 2010, 00:51:58 am
Vartkje gjort noko ikveld, men kom att ifrå eit svert innhaldsrikt møte i kjøyretøy historisk klubben,, men det tar eg meir omm i ein an tråd.

Men 8 spoke felgane dei har feil inpress på bilen :-\ Passar fint på bilen, men stikk langt ut, og skjermane er veldig nerme.. men Steinar har jo skaffa orginal felgar, men det var vel ikkje klart kva dekk dim som skulle vera, so om nokon har noko tips om kva som kunne passt bra på denne so er det vel berre å komma med dei :)

Imorgo skal eg få gjort eindel! Planen er att ila. morgo so skal gamle varmepottene vera av, evt fiksa eksosflensen, so skal eg få kopla på varmerøyrer i øst og vest.. Er mange av dei. Men ein ting eg fant ut att mangla; Slangen, altso den isolerte varmeslangen, som går frå varmepotta og bak til miksaren med termostat,, Den er ikkje med.. Så eg må prøva å finna noko som passar. Så er det nokon som veit lengde på dei røyra/varmeslangane?

Bonusspørsmål: Passar pluggleidningar frå T1 på T3 ?


Tittel: Sv: Steinar's Fastback... eller eit eit rullande prosjekt, om du vil
Skrevet av: Squarebackjanuar 21, 2010, 01:39:24 am
Type 3  har ET 46 som originalt...Dvs at man må velge felger/dekk litt etter dette...


Tittel: Sv: Steinar's Fastback... eller eit eit rullande prosjekt, om du vil
Skrevet av: bestyrarenjanuar 21, 2010, 09:51:09 am
Type 3  har ET 46 som originalt...Dvs at man må velge felger/dekk litt etter dette...

Er der nesten; har fått tak i 4 stk felger med 41 i innpress. LItt usikker på kva dekkdimensjon eg skal starte med, ser for meg 185/70 eller i området der....

Steinar Inge


Tittel: Sv: Steinar's Fastback... eller eit eit rullande prosjekt, om du vil
Skrevet av: bestyrarenjanuar 22, 2010, 13:50:22 pm
Tistlo, deler er på veg ned på Tvildemoen, håpar du ikkje har lagt andre planar for helga..... :D

Steinar Inge


Tittel: Sv: Steinar's Fastback... eller eit eit rullande prosjekt, om du vil
Skrevet av: gussijanuar 22, 2010, 14:46:53 pm
Bra å se du setter igang med rest av bilen kul bil


Tittel: Sv: Steinar's Fastback... eller eit eit rullande prosjekt, om du vil
Skrevet av: Tistlojanuar 22, 2010, 16:56:55 pm
Jadå delane er komme dei

Nye styre dempar av merket UBER samt med betegnelsen "Stossdamfer" og made in china hehe made in germany looker styredempar :)
Og berekula er komme, ser bra ut, men det var ikkje gjenger nede, men det er vel ein an patent..

Skal nok verta skruing i helga ja!

Fekk gjort eindel igår kveld og! Var eit enormt slit men eg fekk bytta varmepottene! MYKKJE slit og arbeid.. Vart blandt anna nesten kastrert og ::) Kjem oppdatering frå gårsdagen når eg kjem meg heim :)


Tittel: Sv: Steinar's Fastback... eller eit eit rullande prosjekt, om du vil
Skrevet av: bestyrarenjanuar 22, 2010, 17:47:22 pm
Enn så flittig du er med kameraet håper eg at me slepp bilder av kastreringsforsøket her på dette forumet. Det finnest forum med voksen aldersgrense for den slags......


Tittel: Sv: Steinar's Fastback... eller eit eit rullande prosjekt, om du vil
Skrevet av: Tistlojanuar 22, 2010, 19:58:21 pm
Hehe, nei ikkje alt eignar seg på trykk.. Men eg kan jo forklara da litt nermare; Eg skulle få på eine varmepotto men det var veeldig trångt, og so var jo det ein bjelke i vegen.. eg klarte å flytta han litt ved hjelp av kubein, pga att den heng i gummioppheng, men det var ikkje nok, så då løyste eg dei to skruene som holdt bjelken på plass ::) Og jatta, motoren kom med eit brak rett i fanget på meg og eksosen traff ein an eksos.... :P Eg seier berre att det er bra desse motorane veger so lite!! Hadde det verrt ein type 4 motor feks,, då hadde det ikkje vorte noko skruing i helga. Men heldigvis kom muttern forbi og då konne ho henta nokon klossar og ein jekk sånn att eg kom meg ut..


Tittel: Sv: Steinar's Fastback... eller eit eit rullande prosjekt, om du vil
Skrevet av: Tistlojanuar 22, 2010, 20:06:48 pm
Ja får ta den oppdateringa,,

Etter Veldig mykje bal fekk eg av dei gamle pottene.. Heldigvis knakk ingen pinneboltar.. Men eg måtte kappa flensen på potto for å få vekk sveisegrapset..
[attachment=1]

Nix varmepotta,, forresten veldig lite med lakkasje frå støtstangrøra! Pleier ve meir.
[attachment=2]

Flensen kappa av litt,, men fant ut att eg ikkje trengte sveisa på ny, for det gjekk bra sjølv utan konen som er på flensen orginalt.. Skulle forresten ynskja eg hadde lyftebokk! Er eit sant bal å ligga med vinkelslipar på ryggen under her.. men kva gjer ein ikkje for litt lommepeng!? :)
[attachment=3]

Etter ENDÅ meir bal fekk eg i varmepotta! Var meir arbeid enn å få ut dei gamle faktisk! Men det gjekk tilslutt
[attachment=4]

På flensen brukte eg masse sånn aperonk sånn att detta vert tett og bra! Ivertfall 100% bedre enn den skjøyten som var her ;)
[attachment=5]


Tittel: Sv: Steinar's Fastback... eller eit eit rullande prosjekt, om du vil
Skrevet av: Tistlojanuar 22, 2010, 20:20:14 pm

I pausen fekk eg forska litt på bensinforbruket.. Fant straks ein feil.. Fjøra på venstre gassar var ikkje på kobla ergo så vil ALDRI gassaren stenga skikkeleg når du slepp gassen.. Så eg satt på fjøra igjen, men den var ikkje mykje å skryta av,,(tok med heim to nye i dag) Etter det fekk eg stramma gassvaieren! Testa pedalen og den kom seg med 100% No er det faktisk motstand i pedalen, og den ligg ikkje lenger heilt nedi golvet omtrent.
[attachment=1]

The root of all evil ! varmluftsoverføringen gjor att eg ikkje fekk potta på plass! Her ser dekan kva løysinga vart! Tor's hammar kom til nytte
[attachment=2]

Her ser me ein bjelke samt to skruer, som viste seg å vera motorbjelken OG motoren heng IKKJE oppe av resterande fester når du skrur av desse to.. *Learning the hard way..*
[attachment=3]

MEN eg fekk tilslutt donka på plass potta! Måtte bøya eksosflensen litt og, for den var skjeiv..
[attachment=4]

Masse aperonk på flensen,, det hadde eg og i andre flensen på potto, så denne er pottatett no :)
[attachment=5]


Ikveld skal eg fortsetta(og gjera ferdig) med desse varmepottene,, Det som står for dør er å få på diverse slangar å røyrer, samt dei to boksane på karosseriet, med endå fleire slangar og røyr.. So skal eg sjå på gassarane og få på nye fjører på dei etc :)

Imorgo vert det fronten.. Ut med tanken, bytta styredempar, bytte ein bremseslange, bytta ei øvre berekula og noko hjullager greier.. So fundera på frisklufsboksen, smøra girspaken og anna ymse. Etter det er målet nert


Tittel: Sv: Steinar's Fastback... eller eit eit rullande prosjekt, om du vil
Skrevet av: bestyrarenjanuar 22, 2010, 22:09:19 pm
Gudd stuff, ser jo ut til å verta bil dette...

Du må ut med tanken, ja. Ser du nett etter kva det er som lekk i den påfyllingsslangen som er inn på tanken, om det er den grove fylleslangen eller nokon av skøytane? Ved full tank flyt det bensin rundt tanken..... Om ikkje Tess har noko som passar veit eg delenummeret hjå VWveteran....

Steinar Inge


Tittel: Sv: Steinar's Fastback... eller eit eit rullande prosjekt, om du vil
Skrevet av: Tistlojanuar 23, 2010, 01:34:02 am
Ja det kjem seg! No er det meste av varmepotter på plass, men sjølvsagt så mangla eg dei 6 skruene som skal holda dei rare boksane inne på karoseriet... Det ser ut til å vera veldig små skruer.. Og det er heller ikkje noko gjenger i plata, kun eit lite hakk. Ellers so skulle eg hatt nokon andre slangar mellom viftehuset og eksosen,, dei aluslangane eg hadde var litt vel romslege,, men det klarar vel du Steinar å skaffa sjølv går eg ut ifrå ;) evt nokon slangeklemmer i den størrelsen(som eg ikkje hadde)
Fekk skifta fjører på gassarane so no stenger dei att veldig bra! Gjekk ellers over bilen med olja og feitt og fekk smørt opp låsar etc, trur den trengte det!

Ja tanken må ut, og om det lekk i påfyllinga så er det ikkje løye bensinforbruket er høgt ;) Dei store slangane lønnar seg IKKJE å handla på TESS dei er fleskdyre der.. Men det er ikkje sikkert det er dei, kan vera gummiforingane i skjøytane.. Skal sjekka opp det imorgo.

Kjem bilder seinare ikveld


Tittel: Sv: Steinar's Fastback... eller eit eit rullande prosjekt, om du vil
Skrevet av: Tistlojanuar 23, 2010, 02:39:39 am
Sånn då kjem da litt meir.

Her er motoren friska opp littegrann. Fekk på skikkeleg slange til åndinga, so tok eg av fordelarlokket, pussa ALLE kontaktar i lokk, rotor og på stiften, deretter justerte eg stiften frå altfor lite til 0,4mm som er rett. Tok 'og å shina opp litt med unirens :)
[attachment=1]

Her var det eindel bal..Gråtaipen har aldri vert so mykje brukt før.. Men eg fant fort ut att det var umulig å retta opp knekken i varmepotta, i tilleg var det umulig å få på plass ei sånn brei klemme som skal vera her.. Altfor trongt! Men gråtaipen funker den! Held tett det meste, men dersom eksosanlegget ein vakker dag skal skiftast er det anledning til å fiksa knekken i varmepotta.. Den andre slangen er som nevnt litt laus, men vil fungera midlertidig til ein slange i rett dimensjon vert skaffa (litt over 50mm)
[attachment=2]

Her er det komt nye fjører på gassarane! Vart som natt å dag med skikkelege fjører framfor dei utstrekte slappe greiene som var der..
[attachment=3]

[attachment=4]

Dumt spørsmål ja,, men er det nokon type 3 folk her inne som veit dimensjonen på desse skruene? Evt kor eg kan plukka dei av ei bobla eller noko?
[attachment=5]

På andre sida var det bedre plass, ein heil del bedre plass faktisk! Der fekk eg på plass klemma skikkeleg! Men slangen då..
[attachment=6]

Her har eg fått lirka på plass miksarboksen bak, samt varmerøyra,, Men boksen heng laust så skruer må til..
[attachment=7]

Tja.. denne var ikkje mykje å hysa på nei!
[attachment=8]


Steinar; Sendte deg ein sms før idag, som du bør lesa og svara på, for det er einheil del bensinslangar som bør skiftast ut!! Slangen mellom motor og karosseri er aldeles inntørka og den knekk som flattbrød om ein tar i den.. Uforsvarleg å kjøyra med,, resten av bensinslangane er lika dårlege. Og så ser du jo tilstanden på den store framme.. Held ikkje tett lenger. Men eg kom på att eg har ein ny liggande, den kan eg setta på når eg sett i tanken igjen mot att du betalar det den kosta ny(kjøpte inn til Impulsen,, kosta 1-200kr trur eg

Ligg bra ann egentlig med tanke på tida.. Håpar på å få gjort einheildel imorgo! :)


Tittel: Sv: Steinar's Fastback... eller eit eit rullande prosjekt, om du vil
Skrevet av: Tistlojanuar 24, 2010, 02:47:39 am
Då er nok ein dag omme, og det har faktisk skjedd eindel idag :)
Får ta da kronologisk,, fekk meg ein tur på vangen idag og handla inn bensinslangar og litt ymse, noko som seinare skulle visa seg å vera VEeeldig nødvendig..

Eg klarte omsider å spora opp nokon skruer som passa,, var jo heilt vanlege skruer med grove tregjenger.. karosseriskruer so da heiter på fint.. Så då fekk eg festa den miksarboksen skikkeleg
[attachment=1]

Ikkje gløym å monter vaieren...
[attachment=2]

Andre sida på plass.. Legg merke til att eg tetta igjen hola på dei boksane.. Eg fant ikkje heilt ut kvar og koffø eg skulle kobla noko som helst der. Ja det var eit lite hol på eine varmeboksen men det var mykje mindre enn det på den miksarboksen, dermed vart alle hol stengt igjen
[attachment=3]

Når varmeapparatet so var ferdig montert fekk begynte eg på bensinslangane.. Det begynte jo sjølvsagt med katastrofe.. For då eg skulle ta av bensinslangen mellom motor og kaross, så knakk den sund med samme eg tok i den, så kom bensinen fossande.. For eg hadde jo i tilleg gjort den feilen å tru att bilen var høgt nok oppe bak.. noko den ikkje var, så det kom bensin rett frå tanken og røyra.. Derfor rulla eg fort ut og fekk jekka opp bilen i ein fei,, Steinar; eg skyldar deg ein liter!
[attachment=4]

Plokka ut loftfilteret for å sjekka slangane i motoren.. her var det amrikanske tilstandar!! Stort sett alle slangane var aldeles flattbrød, men ikkje nok med det! Det var brukt 8mm slangar mot 6 som skal vera der.. for å få dei på plass var aluminiumstaip godt brukt!..
[attachment=5]

T-skjøyten mellom gassarane blandt anna.. Eine sida var det faktisk omtrent tett av taip! I slangen låg ein stor haug klissete alutaip graps, og T'en var jo so å sei tett.. Det kan ikkje ha komt mykje bensin bort til gassaren på venstre sida ivertfall!!
[attachment=6]

Ut med all gammal stiv drit
[attachment=7]

Og inn med ny skikkelege slangar i RETT dimensjon! Det er 6mm i heile motorrommet og 8mm frå motor til kaross. Brukte annledninga til å vaska reint litt rundtomkring..
[attachment=8]



Tittel: Sv: Steinar's Fastback... eller eit eit rullande prosjekt, om du vil
Skrevet av: Tistlojanuar 24, 2010, 03:02:56 am
Meir:

Då er denne enden ferdig
[attachment=1]

Loftfilteret fekk ein vask før montering,
[attachment=2]

Og siste hånd på verket var å tette mellom forvarminga og filteret.
[attachment=3]

Når alt var klart vart bilen senka ned på bakkenivå igjen og starta opp, gjekk som eit Olja Lyn! ! Men det beste av alt: VARMEAPPARATET FUNGERAR TOPP SUPERT ;D I løpet av eit par minuttar tomgang var det allerede god varme som kom opp ved frontruta, under baksetet og ved golvet, og etter ein liten prøvetur so var det t-skjortever i bilen! Veldig hyggelig :)

Mao no er halvparten done. Så bilen kom inn i garasjen att med snuten fyrst, denne gongen og eg starta å plokka litt framme..
[attachment=4]

Bensinslangane vart undersøkt nøye,,
[attachment=5]

Og etter ei god stund leiting fant eg opninga til påfyllingslokket, under skjermen.. Og påfyllinga stod i frisk luft og hang ikkje fast i skjermen i det heile tatt.. Det var denne glassfiberen då..
[attachment=6]

Etter MYKKJE bal klarte eg å få opp lokket, og då oppdagara eg att påfyllinga var lappa med glassfiber, for det såg ut til å ha vert eit hol der.. Lokket vart smørt inn med vaselin og vart straks 100% enklare å få opp og igjen..
[attachment=7]

Eg fant fort ut kvifor det var bensin-basseng rundt tanken ved full tank... Det var IKKJE nokon av dei to gommipakningane rundt flensane som var tilstede!! :o Dette er dårleg buisness for bensinen du fyller på vil renne rett ut gjennom skjøyten mellom slangen og flensen.. Ei slangeklemme gjer ikkje underverk utan pakning..
[attachment=8]


Tittel: Sv: Steinar's Fastback... eller eit eit rullande prosjekt, om du vil
Skrevet av: Tistlojanuar 24, 2010, 03:17:07 am
Resten;

Heldigvis hadde eg to nye pakningar liggande. Varmar dei opp litt framfor ovnen(lampen) so er det berre å smetta dei på plass på flensen.
[attachment=1]

So fekk eg kappa til og lurt på plass ny slange. NO er det tett! :)
[attachment=2]

So vart spetakkelet heist opp litt for betre klaring, og eg fant etterkvart ut att eg faktisk ikkje trengte å ta ut tanken for å komma til!
[attachment=3]

Men att ein bensinslange er lavaste punkt på bilen likte eg ikkje! Men heldigvis var denne fersk, i motsetning til dei andre..
[attachment=4]

Ny vs gammal styredempar
[attachment=5]

Men den nye var jo av merket UBER frå china,, så detta var faktisk so bra kvalitet att den ikkje passa,, det kom IKKJE som ei bomba ::) Vinkelen var litt feil og så var det altfor tjukt nede før gjengene,,etter masse bal med tenger og pressing so prøvde eg å pussa ned men det hjelpte ikkje, så løysinga vart å ta ut heile hylsa frå gommidingsen, og banka den innpå demparen, og ved hjelp av masse smyrjing so fekk eg i demparen og hylso !
[attachment=6]

Bensinslangen den vart stripsa fast i eit bremserøyr
[attachment=7]

Og her er omsider nye demparen på plass :)
[attachment=8]

I morgo er det berekula, bremseslange, hjullager og bremselufting som står på tapeten, og evt om eg begynnar å forska på friskluftsboksen inni bilen, som ser ut til å mangla noko..


Tittel: Sv: Steinar's Fastback... eller eit eit rullande prosjekt, om du vil
Skrevet av: bestyrarenjanuar 24, 2010, 10:04:39 am
Tistlo, I love ju man!

Ser jo veldig bra ut detta. Berre å venta på at VW butikkane opnar att i morgo og so ringa og bestilla ny frontruta so er eg klar for vegen....

Kanskje tenka på nokon andre dekk enn dei sommardekka som står på no.... Her treng eg råd og vink frå erfarne T3 pilotar; har 4½" felgar med 41 i innpress, kva dekk kan eg få plass til, bilen er teken ned 2 knepp framme og 1 bak (trur eg)?

Steinar Inge


Tittel: Sv: Steinar's Fastback... eller eit eit rullande prosjekt, om du vil
Skrevet av: Tistlojanuar 24, 2010, 12:56:32 pm
Hehe kjekt med fornøygde kundar :) Ja bilen kjem seg fortløpande no! Eg har tatt litt småfiks innimellom og, sånn som reperasjon og silikonisering av alle gommilister, oljing av hengsler, greasing av dørlåser og beslag etc. Men eg har jo sett på att på passasjersida inni bilen er det jo vatn, og det har klaka, så heile teppet er jo islagt, og det ser ut til att det har komt vatn inn nede ved døra pga dårleg/manglande dørpakning. Du skulle ha vurdert nye pakningar rundt dører, og gjerne panser og bakluka og.. For alt er egentlig bås..
Og eg fant ut att du kunne bruka T1 ploggleidningar.

Du kan kanskje vurdera å skriva ein tråd i teknisk/praktisk avdelinga ang dekkdim til bilen, då er det nok lettare å få tak i eit bra svar :)


Tittel: Sv: Steinar's Fastback... eller eit eit rullande prosjekt, om du vil
Skrevet av: 1303SSjanuar 24, 2010, 13:38:54 pm
den bensinslangen er ikke så lurt å stripsa til bremserøret.Det er bedre å korte slangen,du kan og setta på ett filter der.Visst det sitter små plastplugger i berekulene så stter du i en greasnippel å smører opp kulene og.


Tittel: Sv: Steinar's Fastback... eller eit eit rullande prosjekt, om du vil
Skrevet av: Tistlojanuar 24, 2010, 14:15:40 pm
Eg festa slangen i bremserøret fordi eg tenkte att det stod i ro, og slangen kjem ikkje i kontakt med nokon styrestag!? Men eg kan jo sikkert korte den inn,, men det er jo alltid ein overhengande fare når eg skal til med bensin.. :P

Har ikkje sett noko pluggar i nye berekula, men om du tenker på dei gamle som står der, så er eg med! Skal smøra opp heile forstillingen tilslutt.



Tittel: Sv: Steinar's Fastback... eller eit eit rullande prosjekt, om du vil
Skrevet av: Tistlojanuar 24, 2010, 18:35:13 pm
No er det meste gjort! Berekula er skifta, hjullageret er vaska, greasa og justert, venstre bremseslange er skifta og forstillingen er smørd opp! Mao det som gjenstår no er å lufta bremsane so er forstillingen ferdig og! Bilder kjem seinare

Det som står att på Mangellappen er:

-Skifta frontruta
-Bytta høgre pussarblad
-Bytta tilbake til orginalt ratt.

Det siste punktet skal eg få gjort no, satsar på å finna eit ratt som liknar, men må nett sjekka samba om korleis ratta ser ut, om det er nye plastratt eller gamle med kromring på..

Det kan nevnast att forstillingen ikkje har sett grease på maange år! Gjekk nokon pakker i den før det kom ut i endane..

Vert so go atte :P


Tittel: Sv: Steinar's Fastback... eller eit eit rullande prosjekt, om du vil
Skrevet av: ovaltjanuar 24, 2010, 18:39:57 pm
 ;D ;D ;D Eg ynskje det at du fer deg nytt verkstad med løftebukk eg... Eg veit ikkje noken som fortener det meir enn du Christer.


Tittel: Sv: Steinar's Fastback... eller eit eit rullande prosjekt, om du vil
Skrevet av: bestyrarenjanuar 24, 2010, 20:08:31 pm
Høyrest bra ut, dette.

Får ringe rundt og ordne med rute og time til eu-kontroll slik at eg har bruksbil. Er ekstra spent på effekten i "varmeapparatet"....

Ang ratt so veit nok ikkje verkstaden eg brukar korleis originalratt skal sjå ut; har du eit bobleratt som let seg trua på navet er det flott. Då kan eg få lakka det rattet som står i og samtidig snu det rette vegen.... :D

Steinar Inge


Tittel: Sv: Steinar's Fastback... eller eit eit rullande prosjekt, om du vil
Skrevet av: Tistlojanuar 24, 2010, 20:27:54 pm
Jadå Mikkel, skulle absolutt hatt lyftebokkar! Men eg har jo noko på gang, men problemet er att det ikkje er høgde nok inni garasjen, men eg har tenkt å laga ein "sommarskruplass" nede på tunet.. Er snakk om torpedo bokk som må to meter ned i bakken etc..

Ja no er det berre å få han på kontroll att Varmeapparatet er kjempebra men du har jo eitpar potensielle forbedringsmuligheitar, feks tetta høgtalarhola på hattehyllo, og dørpakning etc.

Skal nok finna eit eller ant ratt som passar eg!

 :)


Tittel: Sv: Steinar's Fastback... eller eit eit rullande prosjekt, om du vil
Skrevet av: Tistlojanuar 24, 2010, 20:38:59 pm
Får ta med bildene og;

Begynte med å plokka av calipter, skjevo og plato, so fekk eg sosa inn diverse skruer med rostløysar
[attachment=1]

Mutteren oppå berekula viste seg å sitta godt fast, men latmannsarm og ei ekstra røyr utanpå gjor att eg tilslutt klarte å få den laus :)
[attachment=2]

Ny vs gammal
[attachment=3]

Og her er den nye på plass! Var egentlig ganske lett å skifta berekula på t3! Spesielt kontra bobla der heile berearmane må ut og pressast..
[attachment=4]

Her er navet plokka sund og tømt, vaska og reinsa for gammal grease. So vart alle lager pakka med greas, og inni skjevo vart det fyllt opp med nytt etc
[attachment=5]

Og her er alles klar med justert lager. (feilen låg nok i att strammeskrua var laus..)
[attachment=6]

So fekk eg skifta bremseslangen på andre sida,, men den slangen som var der fant eg egentlig ingen tegn på til att den var dårleg.. Må vera nokon nøygne kontrollørar for det vart berre små sprekker når eg bretta slangen 90 grader..
[attachment=7]

Her er forstillingen fyllt opp med feitt og er offisielt ferdig :)
[attachment=8]

Før middag fekk eg lofta bremsane, so no straks går eg igang med kupeen,, skifta ratt, finna på noko med defrostaren, og sikkert litt anna og. So tenker eg att ting begynnar å vert bra :)


Tittel: Sv: Steinar's Fastback... eller eit eit rullande prosjekt, om du vil
Skrevet av: ultimatevwjanuar 24, 2010, 21:24:32 pm
Så det fulgte med mutter for Bærekulen?  Den er fra Unneberg eller?
Mener å ha lest en plass at det ikke fulgte med.

Er det noe elektrisk defroster vifte på denne?
Hakke peiling om det er samme greiene på 68 som på denne.
På min var ialfall dreneringslangene inni bilen potte tett av lauv etc.


Tittel: Sv: Steinar's Fastback... eller eit eit rullande prosjekt, om du vil
Skrevet av: Tistlojanuar 25, 2010, 00:16:46 am
Så det fulgte med mutter for Bærekulen?  Den er fra Unneberg eller?
Mener å ha lest en plass at det ikke fulgte med.

Er det noe elektrisk defroster vifte på denne?
Hakke peiling om det er samme greiene på 68 som på denne.
På min var ialfall dreneringslangene inni bilen potte tett av lauv etc.

Mutteren fulgte med ja, men det gjor ikkje skjevo! Og som dekan ser på bilda så gløymte eg å montera den gamle skjevo att.. Det vart retta opp i!!

Det er godt mulig det er ei vifta inni boksen, eg fant ikkje ut noko anna enn att det må mangla noko vesentleg på den, så eg tetta berra att dei to hola det kom kald luft ut av.

Kjem bilder straks


Tittel: Sv: Steinar's Fastback... eller eit eit rullande prosjekt, om du vil
Skrevet av: Tistlojanuar 25, 2010, 00:30:37 am
Det er heldigvis fort gjort å skru ut mutteren oppå berekula, så eg tok av mutteren fekk på plass skjevo og brukte så den gamle mutteren, fordi eg kom fram til att den var bedre, OG so hadde eg på loctite, for eg skal ikkje ha noko dårlig samvittigheit for ei ulukka pga ei berekula som løysna... No heng kula og den kjem seg ingen veg utan varme og mykje moment..
[attachment=1]

Rota på lageret etter ratt, og fant desverre berre eitt som passa og gjett kva; Det passa ikkje! Gamle bobleratt nyttar ikkje for det tar borti eine hendelen :( Så dersom nokon her på forumet har ratt av nyare plastikk-typen er det berre å melda seg!
[attachment=2]

Her er eit nerbilde av eine uttaket frå loftboksen under dashen.. Det skal nok vera eit spjeld eller noko frammpå her, men det er long gone..
[attachment=3]

Bagasjerommet klart,, God plass må eg sei :)
[attachment=4]

Og sånn vart løysinga her..
[attachment=5]

Eitt stykk ferdig produkt klar for avhenting 8)
[attachment=6]

Det kan nevnast att det har vorte gjort litt småplukk innimellom, smørt opp dører og hengsler på hanskerom etc, batteriet er festa (hang laust og EU kontrollen seier ingenting..)

Steinar, Fastbacken ventar på deg  ;D


Tittel: Sv: Steinar's Fastback... eller eit eit rullande prosjekt, om du vil
Skrevet av: bestyrarenjanuar 25, 2010, 13:15:33 pm
Eg ventar, eg og.

For ikkje å gå og kjeda deg kan du jo hiva på den olja som ligg i baksetet? Ellers tek eg da sjølv når eg kjem att.

Ventar spent på svar frå jalokoey om han har ratt til meg, ellers får eg sjå ute i den store verda.

Steinar Inge


Tittel: Sv: Steinar's Fastback... eller eit eit rullande prosjekt, om du vil
Skrevet av: jalokoeyjanuar 25, 2010, 13:47:53 pm
har ratt men det har stått i en 67,- om det passer vet ikke eg:)


Tittel: Sv: Steinar's Fastback... eller eit eit rullande prosjekt, om du vil
Skrevet av: Kjell Roarjanuar 25, 2010, 14:06:41 pm
Ett lite tips om returfjærene på gasserne: gjorde en gang den tabba å ha for sterk(e) returfjærer på gassern på bruksbilen, det gikk ikke bra på langtur, med lommeboka i høyre baklomme... :-\

Tok isjasnerva, og var plaga i flere år etterpå.


Tittel: Sv: Steinar's Fastback... eller eit eit rullande prosjekt, om du vil
Skrevet av: magsjanuar 25, 2010, 14:12:05 pm
Tislo,De røra som går fra Varmepottene til termostathusa,skal også ha Polstring  ::)rundt seg

Mags


Tittel: Sv: Steinar's Fastback... eller eit eit rullande prosjekt, om du vil
Skrevet av: Tistlojanuar 25, 2010, 18:11:26 pm
Jau kan då skifta oljo sjølvsagt! Men bilen skulle jo vore henta no for eg trur det er meldt snø iløpet av veko og då er det bale å kjøyra heim att på sommarsdekk!? Vil visa seg om metrologane har rett då..

Om rattet passar kan eg ikkje svara på, men sidan navet frå ei 68 bobla passar, så reknar eg med att ein 67 variant passar bedre Dersom det ikkje er samme fasong? (Er vel helst nyare typen i plastikk, som passar vel!?!)

Kjell, trur fjørene er bra som dei er no, men kan jo lett strekka dei litt, dersom det går på helso laus med stramme fjørar!

Mags, Ja dei skal vel vera isolerte dei røyrene ja,, tenkte ikkje på det! :-\ Men isofall må røyrene fornyast, ettersom desse har sett sine betre dagar, men kva funksjon har isoleringa egentlig?? Er det for att det ikkje skal verta varmetap eller er det for å unngå kondens?



Tittel: Sv: Steinar's Fastback... eller eit eit rullande prosjekt, om du vil
Skrevet av: Tistlojanuar 25, 2010, 19:31:12 pm
Har funnet ut att rattet som trengst på bilen må vera frå Etter 72, så dei som har eit tilsalgs får melda seg omgåande :)


Tittel: Sv: Steinar's Fastback... eller eit eit rullande prosjekt, om du vil
Skrevet av: Tistlojanuar 25, 2010, 23:12:27 pm
Då er oljo skifta, fant ut att det lak litt olja i ein skjøyt ved oljepåfyllinga, sikkert det som var feilen på mangellappen(oljelekkasje) Men no er ivertfall blokka fylt opp igjen med skikkeleg olja! Kjøyrde sjølvsagt motoren varm fyrst for å få oljo rennande, og motoren går veldig godt! Men hadde eg hatt noko synkroniseringsdingsar så skulle nok gassarane ha vore synkroniserte, trur det hjelper på.

Forresten for dei som fekk akutt lyst på ein oransje fastback: http://veteran.autodb.no/autodb/view.wa2?AdItemId=1043003;Modified=1264441586  ;D ;D


Tittel: Sv: Steinar's Fastback... eller eit eit rullande prosjekt, om du vil
Skrevet av: bestyrarenjanuar 26, 2010, 08:14:58 am
IKkje min du har lagt ut for salg, vel?! :o

Er på dei kanter så kanskje eg kan køyra heim i staden for å ta fly neste veka......

Har forstått at synkroniseringsdings er vegen å gå, får sjå kva som dukkar opp. Venter på elektronisk tenning så litt service og tuning står att for meg når eg kjem heim att. Skulle absolutt fått justert gasserene skikkeleg og då, ja.

Du har vel vore over Hamlagrø med den på prøvetur, held den varmen etter vegen og?

Steinar Inge


Tittel: Sv: Steinar's Fastback... eller eit eit rullande prosjekt, om du vil
Skrevet av: Tistlojanuar 26, 2010, 10:39:32 am
Hehe, den er jo skjeivratta og automatgir.. men det er jo tilogmed soltak på han då! Det skulle du hatt :)

Ja skulle nok vert synkroniserte, men eine staget er jo litt stramt og, for det kan ikkje justerast, i motsetning til det andre staget. Vil tru det gjer underverk å få alt perfekt tuna inn ja

Har ikkje prøvd han på vegen endå,, eller ikkje so langt.. Men skal testa litt meir idag! :)


Tittel: Sv: Steinar's Fastback... eller eit eit rullande prosjekt, om du vil
Skrevet av: Hot Owljanuar 26, 2010, 12:09:46 pm
Tistlo, du kan synke gasserne pr øre... hold en gummi slange over ene gasseren og hør på lyden... så flytter du slangen over på andre gasseren og sammenligner. Dette gjør du uten gass stagene på så de ikke kløner til justeringen for deg. Når begge gasserne høres like ut så manipulerer du stagene slik at de ikke påvirker spjellene i tomgangsposisjonen. Men husk også på å sjekke at når du først trykker på gassen så skal begge gasserne sette i gang på helt likt, de kan være nødvendig med litt preload for å få dem til å komme på likt. Lykke til

PS: Å justere dobble gassere er den absolutt trivligste jobben på folkevogna... ingenting gir deg så mye igjen!


Tittel: Sv: Steinar's Fastback... eller eit eit rullande prosjekt, om du vil
Skrevet av: Tistlojanuar 26, 2010, 18:28:38 pm
Tusen veldig takk for tips JHU!!

Då trur eg att eg gjer eit forsøk på å få synkronisert desse to gassarane, dersom eigaren har peng til å holda meg i drift ;)

Men ein ting eg har sett på, staget til venstre gassar er ikkje justerbart?! På andre sida er det gjenger og låsemutter, men ikkje på venstre sida,, Men den kan jo vera heilt innskrudd på gjengene og muttrane fjerna.. skal sjekka det. Problemet er berre att den gassaren står open når den andre er stengt, fordi staget er litt for stramt, men dersom det er gjengene det står på so er det jo berre å laga meir gjenger,,

Eit lite spørsmål; Slangane, stikk du dei nedi forgassaren, eller held du dei berre rett over?


Tittel: Sv: Steinar's Fastback... eller eit eit rullande prosjekt, om du vil
Skrevet av: ovaltjanuar 26, 2010, 18:47:26 pm
Tusen veldig takk for tips JHU!!

Då trur eg att eg gjer eit forsøk på å få synkronisert desse to gassarane, dersom eigaren har peng til å holda meg i drift ;)

Men ein ting eg har sett på, staget til venstre gassar er ikkje justerbart?! På andre sida er det gjenger og låsemutter, men ikkje på venstre sida,, Men den kan jo vera heilt innskrudd på gjengene og muttrane fjerna.. skal sjekka det. Problemet er berre att den gassaren står open når den andre er stengt, fordi staget er litt for stramt, men dersom det er gjengene det står på so er det jo berre å laga meir gjenger,,------- Den sida som ikkje har justering bør vel justerast etter gasvaieren først...så justerer ein den forgassaren rett, og så kan ein då justera etter den andre lik den fyrste.

Eit lite spørsmål; Slangane, stikk du dei nedi forgassaren, eller held du dei berre rett over?


Tittel: Sv: Steinar's Fastback... eller eit eit rullande prosjekt, om du vil
Skrevet av: Tistlojanuar 26, 2010, 18:51:52 pm
Ja godt poeng, men når den ikkje stenger heilt so hjelper jo ikkej det!? Er ikkje gassvaieren det stopper på men den dingsen i midten, som kobler staga og vaier.. Trur eg,, mulig den stoppa på staget.. vart usikkern no


Tittel: Sv: Steinar's Fastback... eller eit eit rullande prosjekt, om du vil
Skrevet av: Hot Owljanuar 26, 2010, 23:55:41 pm
At det ene staget er "stivt" betyr ingenting. Det gir bare en mindre ukjent i utregningen, men da er det desto viktigere å huke av gasswiren.


Tittel: Sv: Steinar's Fastback... eller eit eit rullande prosjekt, om du vil
Skrevet av: Tistlojanuar 28, 2010, 22:45:46 pm
Har endå ikkje komt so langt att eg har fått synka. gassarane,, fekk bilen inn i garasjen ikveld men no er tanken torr... Men det er vel heilt normalt på denne bensinslukaren :)

Skal få handla inn ei kanna og to imorgo so satsar eg på å få prøvd meg på denne synroniseringa ila helga etc. :)


Tittel: Sv: Steinar's Fastback... eller eit eit rullande prosjekt, om du vil
Skrevet av: Tistlojanuar 29, 2010, 00:47:07 am
Det ser ut til att det ikkje vert noko synkronisering likavel, så dermed er overhalinga ferdig frå mi sida, og bilen vert henta i neste veka!

Ogso vil eg takka for oppholdet, og lokka te vidare på bilen, me får vel oppdateringar i tråden tenkjer eg ;)


Tittel: Sv: Steinar's Fastback... eller eit eit rullande prosjekt, om du vil
Skrevet av: Tistlojanuar 31, 2010, 01:31:11 am
Får leggja inn eitpar vetrabileter her og,, sånn ser bilen ut i dagslys.. Og den oransje fargen lyser faktisk opp tunet litt :)

Hadde det vore piggdekk på han skulle eg ha testa han meir! 8)


Tittel: Sv: Steinar's Fastback... eller eit eit rullande prosjekt, om du vil
Skrevet av: Tistlofebruar 23, 2010, 00:37:10 am
Heil gløymd å oppdatera tråden til Steinar,

Men bilen vart henta, og nokon dagar seinare fekk eg melding om att den vart godkjent :)