Tittel: T1 T2 Forvarming - eksosvarme Skrevet av: Ivar på desember 15, 2016, 09:11:24 am Dei aller fleste bruker vel den originale forvarminga på innsugsmanifoilden?!
Ser det er ganske mange forskjellige variantar ute å går. Utvendig diameter ser eg varierer, og det eg har funne så langt er: - 16mm amerikansk 'triminsug'(Bugpack) Her er også den støypte aluminiumsdelen svært kort. - 18mm Tysk 1300 SP - 20mm Tysk 1600 SP - 20mm Brazil 1600 DP - 24mm Tysk 1600 DP Det er kanskje enno fleire komboar? Nokon som har tankar om dette? Finn vidare på nettet at det er primært to tankegongar med virkemåten til desse røyra også; - Den eine er den intuitive der ein er påkobla eksosporten på 4'aren, og utløp inn i lavtrykkssona i potta ved 2'aren. Ein får då eit gjennomløp av eksos i røyret. - Den andre er der begge er kobla til eksosportane på 2'aren og 4'aren. Der vil eksosen stå å 'pumpe' frå side til side, alt ettersom trykket endrar seg med tenningsrekkefølga. Desse har lettare for å gå tett då dei ikkje har gjennomløp av eksos. Då eg manglar røyrene på den amerikanske trim-manifoilden, har eg eit sterkt ønske om å bruke 24mm røyret. Dette er noko 'flatklemt' for å ligge tett inntil innsugsrøyret for auka effekt. Det kan komme til å bli eit byggverk....... Nokon med erfaringar her? Kom med innspel! Eg forsøkte å få tak i 12v varmekabel for å supplere, men firmaet som hadde dette responderer ikkje på henvendelsar:-/ Tittel: Sv: T1 T2 Forvarming - eksosvarme Skrevet av: SveinT på desember 16, 2016, 12:05:18 pm For å lage "elektrisk varme" er det kanskje mulig å bruke slike motstander? www.ebay.com/itm//142062774228
Men tror du skal ha veldig mange slike for å tilsvare det som eksosen klarer å lage av varme. Tittel: Sv: T1 T2 Forvarming - eksosvarme Skrevet av: Kjell Roar på desember 16, 2016, 14:09:54 pm Man kan bruke motstandstråd, f.eks. kantaltråd. Er nok redd man må bruke mye watt for at det skal fungere.
Tittel: Sv: T1 T2 Forvarming - eksosvarme Skrevet av: Ivar på desember 16, 2016, 18:03:10 pm Då er eg begynt på å skamskjæra manifoildar. Så får me sjå kor det endar......
[attachment=1] Det er desse to som eg håper kan komme til å vokse saman til ein. Her er det 24mm forvarmingsrør. Tittel: Sv: T1 T2 Forvarming - eksosvarme Skrevet av: Ivar på desember 16, 2016, 21:16:14 pm Tja......
Kan jo hende det kan gå dette her [attachment=1] Lett å kløyve aluminiumen i alle fall Tittel: Sv: T1 T2 Forvarming - eksosvarme Skrevet av: Ivar på desember 16, 2016, 21:21:25 pm Måtte gnage av mykje av det gamle forvarmingsrøyret
[attachment=1] Så måtte det slipast litt på det nye [attachment=4] Deretter blei det grovtilpasning av manifoilden [attachment=2] Ser ut for at det m finslipast litt til før det er heilt 100 [attachment=3] Men ganske bra, i mine auge. Vesentleg mindre arbeid enn eg først hadde forestilt meg :D |