VWNorge

Forum => Teknisk, teori og praksis => Emne startet av: Tistlo på januar 29, 2010, 18:59:12 pm



Tittel: How-To: Skifta Varmekanalar på Bobla
Skrevet av: Tistlojanuar 29, 2010, 18:59:12 pm
Ja det er på tide det dukkar opp ein tråd om dette temaet her i Noreg! Det finst eitpar utanlandske, men kva er vel bedre enn noko ein forstår heilt utan problem!? :)

Denne tråden skal visa(ved hjelp av over 200bilder..) korleis ein fjerner den gamle sondrosta varmekanalen, fikser ulykkesområda rundt kanalen, og får på plass den nye kanalen samt korleis den nye må modifiserast for å likna orginalen.

Det må nevnast att dette er fyrste gong eg skiftar ein kanal, derfor er det eindel ting som vart forbedra etterkvart, men dei tinga ser dekan etterkvart som eg får lagt inn tråden.

Ja ein ting til: Det hadde vert morro om eventuelle komentarar og innspel kjem ETTER att eg har gjort ferdig tråden, med mindre det er noko viktig :) Vert so mykje meir ryddigare om ein slepp prestapreiken imellom bildene ;D

Sånn, då er det berre å begynna å legga inn bilder, og det tar litt tid å legga inn sopass mykje..

Tistlo


Tittel: Sv: How-To: Skifta Varmekanalar på Bobla
Skrevet av: Tistlojanuar 29, 2010, 19:10:29 pm
Let the work begin!

Påminnelse: ALLE bilda er klikkbare! Trykk på dei for større versjon!

Her er utgangspunktet, ein heilt normal kanal på ei bobla frå 69...
[attachment=1]

La oss ta ein kikk på korleis denne berømte varmekanalen heng fast i resten av karosseriet; Under kvartpanelet er det ei leppe, som er punktsveist til kanalsida
[attachment=2]

Frammi innerskjermen er det masse(32?) sveiser som held kanalsida fast i innerskjermen
[attachment=3]

Heilt frems er det ein serie med veldig tettsittande punkter som held saman innerskjerm, kanal og brannmuren
[attachment=4]

Dersom du har ei bobla med dårlege kanalar er det VELDIG sannsynleg att det ser akkuratt sånn ut heilt framme i kanalen og området rundt
[attachment=5]

Så ser me på baksida her litt,, det ligg ein fals som høyrer til plata på brannmuren her. Den er då sveist til innerskjermen, og kanalen har ein fals imellom brannmur og innerskjerm i botn.
[attachment=6]

VIKTIG: Karosseriet MÅ avstivast med ei ramma innvendig før du fjerner noko som helst kanal. Dette er fordi att døropningane ikkje skal flytta seg under surgery.. Ja for varmekanalen er jo eit av dei viktigaste berande elementa i karosseriet. NB: denne ramma er ikkje god nok, dette var eit av punkta som var endra undervegs, kjem meir info om dette seinare.
[attachment=7]

Her er korleis eg sveiste på denne enkle ramma, men den bør ikkje sveisast sånn,,
[attachment=8]



Tittel: Sv: How-To: Skifta Varmekanalar på Bobla
Skrevet av: Tistlojanuar 29, 2010, 19:22:12 pm


For å forbedra min dårlege prototype av ei ramma, så ville eg ha plassert tverr-røyret i høgda som vist på bildet for å få betre klaring til kanalen. I tilleg: Monter røyret INNI MELLOM dørstolpane!!! IKKJE utanpå imellom døropningen som eg har gjort! Då kan du nemlig ikkje henga i døra etterpå for å sjekka passform..
[attachment=1]

Same shit her bak. Få røyra høgare opp! Det var veldig dårleg plass til å kutta ut kanalen her..
[attachment=2]

So ser me litt på korleis kanalen er sveist att; I døropningane er kanalen heilsveist til dørstolpane. Derfor er det lurt med litt klaring til ramma, så du kjem til med verktøy, for desse sveisane må sprettast oppatt!
[attachment=3]

Vidare rundt dørstolpen er det ei leppe, som er heilsveist halvparten til kanalen, Resten er punkta.
[attachment=4]

Heilt framme innvendig er det ein fals som heng fast i den indre delen av brannmuren. Den er punktsveist til kanalen og heilsveist i botn
[attachment=5]

Dårleg bilete, men her ser me kor rusta ting er under her.. Må lagast ny plata i endane her.
[attachment=6]

I bakre dørstolpe er det og heilsveist.
[attachment=7]

På innsida av dørstolpen bak, ligg ei plata som er bretta ut over kanalen, Og den er heilsveist rundt heile kanten. Tysjen visar sveisen, som er begravd i karosserikitt og gammal maling
[attachment=8]


Tittel: Sv: How-To: Skifta Varmekanalar på Bobla
Skrevet av: Tistlojanuar 29, 2010, 19:35:32 pm

Dårleg bilde, men her ser me sveisane merka med tysj, som befinner seg på falsen på den invendige bakre innerskjermdelen som befinn seg under baksetet. Heilt til høgre i bildet ser dekan litt av korleis sjølve leppa på kanalen er sveist til plata bak kanalen.
[attachment=1]

Betre bilde av det,, Denne falsen er på sjølve kanalen og fester den til forsterkingsplata, eller rear cross member so da haita på fint. Legg merke til att eindel av punktsveisa er oppeten av rusta.. Det skal nevnast att denne falsen fortsetter til venstre og INN imellom ytre og indre innerskjerm plata.
[attachment=2]

Lenger opp i baksetehjørna møtar me eit kjent syn. Rusthol! IKKJE RART heller! For her ligg det tre lag plater over kvarandre på det galnaste og det er IKKJE noko grunning mellom platene.. Då går det sånn.
[attachment=3]

So bevegar me oss ut på utsida av bilen og ser på samme området bak kanalen. Skrujernet viser der kanalbotnen pleide å ligga..
[attachment=4]

Her ser me kor mykje elendigheit det er her i området!
[attachment=5]

Eit(dårleg) bilde av kanalen lenger ned. Skrujernet peker på kanten av ei ekstra forsterkingsplate som ligg ytterst bak kanalen her. Totalt er det også her 3 plater utanpå kvarandre,, er det rart det rustar!?
[attachment=6]

So tar me ein kikk over på andre sida av bilen, som er den bedre sida. Der ser me eit hol i gjennom forsterkingsplatene og inn i kanalen. Frå og med 69modellen var det eit inspeksjonshol bak kanalen, og det skal vera ein plugg over holet. Pluggen detter av, vatn og drit kjem inn, og elendigheiten er eit faktum, som på den dårlege, høgre, sida..
[attachment=7]

So begynner arbeidet! Eg begynnte med å ta roterande stålbørste på vinkelsliparen og pussa vekk maling og drit i fremre innerskjerm for å finna sveisepunkta skikkeleg.
[attachment=8]


Tittel: Sv: How-To: Skifta Varmekanalar på Bobla
Skrevet av: Tistlojanuar 29, 2010, 19:46:11 pm

Heilt framme i enden av innerskjermen ser me litt nermare på den heilsveiste kanten.. Du skal Tydeleg kjenna ein kant der kanalen sluttar midt i sveisen. Pilene peker på kanten. Så for å lettast få kanalen laus så kutter ein med dremel langs den raude streken som då vil løysna kanalen frå innerskjermen og sveisane.
[attachment=1]

Så pussa eg reint langs kanten under kvartpanelet
[attachment=2]

Sjå kor skadd dette området her er! Det kan me skylda jekkfestet for..
[attachment=3]

Her ser dekan tydeleg kanten under som inneheld mange punktsveisar som må borrast opp.
[attachment=4]

Og kanten fortsetter bakover, for so å gå oppover, men dette kjem eg tilbake til.
[attachment=5]

So er det berre å bora! Eg bruker fyrst 3/3,5mm bor, so 4,5mm og tilslutt 6mm bor. Då skal sveisane vera heilt lause, eller så heng dei att litt, alt etter kor godt du traff senteret med kjørnar og hammar.
[attachment=6]

Masse boring framme og! Legg merke til dei punktane rett under dørstolpen. Ei malingskrapa er fin å skilla platene med etter boring, unngå bruk av meisel då den krøllar sund den tynne innerskjermplata.
[attachment=7]

Ver forsiktig når du borar på akkuratt denne sveisen. :) Her er det ei plata inni kanalen som boren lett høgg seg fast i. Ein 6mm bor omkom under boring av dette holet.
[attachment=8]


Tittel: Sv: How-To: Skifta Varmekanalar på Bobla
Skrevet av: Tistlojanuar 29, 2010, 19:55:42 pm

So begynte eg inni,, heilt framme pussa eg rein kanten og merka av punkta
[attachment=1]

I botn er det som sagt heilsveist, så her må vinkelsliparen fram.
[attachment=2]

Heilsveisen fortsetter under kanalen, og tilslutt ned på falsen heilt framme. Kutt etter den raude streken..
[attachment=3]

Etter noko boring kan du, ved hjelp av ein liten meisel, skilla platene frå kvarandre
[attachment=4]

Her er det kappa laust i botn
[attachment=5]

Dermed er kanalen i teorien laus framme
[attachment=6]

So fortsatte eg bakover til dørstolpen og pussa reint for å avdekka ein heller dårleg sveis frå fabrikk, men som dekan ser er det heilsveist litt, medan resten er berre festa med eitpar punkter.
[attachment=7]

Nerbilete,, her er det to punktsveiser i falsen samt ein klatt på utsida. Fordi det var dårleg plass valgte eg å bruka meisel for å løyse opp desse punkta. Det går det og..
[attachment=8]


Tittel: Sv: How-To: Skifta Varmekanalar på Bobla
Skrevet av: Tistlojanuar 29, 2010, 20:07:00 pm

Her er eit nerbilde av heilsveisen. Sidan den var såpass "høg. so valgte eg å bruka vinkelslipar å kutta rett inn frå sida, men det er betre med dremel og kappskjeva!
[attachment=1]

Her er det kappa
[attachment=2]

Og her er det meisla laust
[attachment=3]

So begynner eg lenger bak att. Her har eg pussa rein langs kantar, og Her ser me sveisen samt tysjstrek som visar kor eg skal kutta, med vinkelslipar og dremel.
[attachment=4]

Lenger bak vart det og pussa litt.. Sveisepunkta kjem veldig tydleg fram
[attachment=5]

Etter litt kutting so er det berre å meisla plata laus frå kanalen.
[attachment=6]

So vart det borra eindel bakover i alle sveisane. Inkludert falsen bakerst på kanalen(...)
[attachment=7]

OBS: Forbetring av ramma på karosseriet!! Sveist inn kryssbjelkar etter tips frå folk her inne, Så slepp karosseriet å flytta seg :)
[attachment=8]


Tittel: Sv: How-To: Skifta Varmekanalar på Bobla
Skrevet av: Tistlojanuar 29, 2010, 20:20:50 pm

So begynte eg med å løysa sveisane mellom døropninga..
[attachment=1]

Her er det berre å kappa det ein kjem til med dremel, og overlata resten til meiselen..
[attachment=2]

Etter masse kapping og endå meir meisling so løysna det omsider
[attachment=3]

Plata vart banka inn litt akkuratt på toppen av kanalen, men det fiksar eg etterpå
[attachment=4]

So e da berre å gjera akkuratt da samma framme, med meisel og dremel
[attachment=5]

Her er det kappa
[attachment=6]

Og her har ting begynt å løysna litt!
[attachment=7]

So ut på utsida att, Her har eg kappa rundt kanten som vist på tidlegare bilde. Dermed skal kanalen vera laus!..
[attachment=8]



Tittel: Sv: How-To: Skifta Varmekanalar på Bobla
Skrevet av: Tistlojanuar 29, 2010, 20:42:29 pm
So omsider var det tid for å fjerna problemet!

Etter eitpar velmeinte klask med gommihammar datt fronten av kanalen rett ut!! :) Og varmeslangen opp i innerskjermen følgte med. Pass derfor på att ikkje kanalen heng i lausa lofta, så ta imot den og vri av slangen før du slepp kanalen ned, med mindre du skal kjøpa ny slange..
[attachment=1]

Etter litt meir banking kom bakenden ut og dermed var kanalen UTE!! 8)
[attachment=2]

Hmm.. heilt tilfeldig meisling av karosserikitt baki ein krok.
[attachment=3]

Det var jo noko som gjor att kanalen hang fast bak, og ja! Det var den resterande leppa bak på kanalen, som befinner seg godt inni mellom ytre og indre del av innerskjermen/kvartpanelet, og som samtidig er punta fast i forsterkinga bakover. Bildet viser restane av kanalen som hang fast i sveisen..
[attachment=4]

Pusser me litt reint på utsida kjem det fram att berre nokon av punktane hadde eg bort opp. Dei raude viser manglande.. Dei nederste var vekkrusta og dei oppe var dei eg skulle ha bora for å få kanalen heilt laus.
[attachment=5]

Av forståelege grunnar skal eg skifta ut heila hjørna bak her. Derfor vart det litt jobbing oppned for å kartlegga punkt og heilsveiser som held på plass denne plata.
[attachment=6]

Her er falsen på innerskjermen bora laus frå resten, streken viser heilsveis.
[attachment=7]

Forsterkingsplata var faktisk rusta laus frå den andre plata, men eg trengte ikkje ta av forsterkinga, for eg brukte i steden kanten rundt til kuttemal, ettersom den nye plata består av akkuratt denne forsterkingsplata og den andre plata bak.
[attachment=8]


Tittel: Sv: How-To: Skifta Varmekanalar på Bobla
Skrevet av: Tistlojanuar 29, 2010, 20:47:17 pm

Her er heilsveisen liksom kutta opp
[attachment=1]

Og her er alt meisla heilt laust.
[attachment=2]

Sånn då har dekan fått eit innblikk i korleis ein får ut develskapen, no tar eg ein pause ogso kjem da meir bilder og info etterkvart :)


Tittel: Sv: How-To: Skifta Varmekanalar på Bobla
Skrevet av: Tistlofebruar 15, 2010, 15:28:13 pm
Ja har har det stått stille lenge no! Beklagar det!

Men då er det på tide å fortsetta arbeidet. Begynnar med å kartlegga alle dei forskjellige delane som samlar seg omkring hjørnet under baksetet.

Det er mykje plater her. Håpar bildet gjer det enklare å forstå..
1 er heile botnen bak baksetet. Altso den store plata som ligg baki her.
2 er "rear crossmember" eller bakre forsterking/tverrbjelke etc. Det er to sånne bak i boblo, ein på kvar sida.
3 er innvendige forsterkingen til sidepanelet. Dvs alt rundt vinduet etc..
4 er Bakre innerskjerm, altså heile det utvendige sidepanelet.
5 er forsterkingsplata til crossmemberen nr 2. Den ligger berre utanpå crossmemberen, men har ein kant opp på innsida av innerskjermen.
[attachment=1]

Her er nr 3 punkta fast til crossmemberen nr2
[attachment=2]

Og lenger oppe er samme plata sveist fast til diverse andre plater med ein heilsveis
[attachment=3]

Her er det merka opp for fjerning av rusta plata på nr 1. Plata er punkta til innerskjermen og crossmemberen samt heilsveist i kanten mot hjørna.
[attachment=4]

bora litt hol
[attachment=5]

Kappa opp litt heilsveiser og begynt å meisla ting frå kvarandre
[attachment=6]

Det gjekk vist 4 punkter til, på sida av den rustplata, som måtte meislast laus og..
[attachment=7]

Beslutta å kutte ut mindre plate, ettersom det var bra der, og det forenkla produskjonen av ny plata.
[attachment=8]


Tittel: Sv: How-To: Skifta Varmekanalar på Bobla
Skrevet av: Tistlofebruar 15, 2010, 15:39:28 pm

Og bak plata ser me nok ei rustfella.. Drit har samla seg mellom platene..
[attachment=1]

Eit nytt kartleggings bilete
[attachment=2]

So på utsida att. For å få laus NR 5 på ein enkel måte, så saga eg berre tvers over i innerskjermen, det var rusta her uansett.
[attachment=3]

For å sleppa å bora meir, så kappa eg berre midt langs kanten. Rusta her og, så dette gjer ingenting.
[attachment=4]

Dermed er det berre å saga ut. Følg kantane på forsterkingsplata, og vips so har du eit stort stygt hol.
[attachment=5]

Ny vs gammal..
[attachment=6]

Skommelt med store hol,, men det går bra
[attachment=7]

Ja ein vert fasinert over all denna roste!
[attachment=8]



Tittel: Sv: How-To: Skifta Varmekanalar på Bobla
Skrevet av: Tistlofebruar 15, 2010, 15:49:14 pm

So må ein begynna å lura på korleis ein skal få tetta holet..
[attachment=1]

Den nye plata er hakket større på enkelte plassar, så det må kuttast litt (Men ikkje for mykje!!) Eg berre holdt plata oppe og merka kantane, uheldigvis holdt eg ikkje plata heilt i vater...
[attachment=2]

Merka opp, og berre til å saga..
[attachment=3]

Etter att det er saga, kan ein begynna å angra på att ein ikkje målar TO gongar! ::) Det vart litt glipper, men dette fyller eg fint igjen med sveis.
[attachment=4]

Pungta fast og looking good
[attachment=5]

Meir pungting.. pass på å fest fast falsen på plata nr 3(side forsterking) ganske kjapt, so slepp du å måtta slita med att ting vert skjeivt.
[attachment=6]

Ferdig sveist
[attachment=7]

Og den sitt der den skal sitta :)
[attachment=8]


Tittel: Sv: How-To: Skifta Varmekanalar på Bobla
Skrevet av: Tistlofebruar 15, 2010, 15:57:19 pm

So begynte eg å fiksa hjørna langs skjermkanten.. Merka opp og kappa ut ein lapp. Spray zink grunning inn baki holet her for rustbeskyttelse.
[attachment=1]

Rusta hol i botnen på den..
[attachment=2]

Banka ut ein ny lapp, med falsen under.
[attachment=3]

Isveist
[attachment=4]

Laga ny plata nede
[attachment=5]

Og der var den på plass og. Legg merke til att skjermskruo står på samme plass, og det er fortsatt den orginale :) Lurt å Ikkje kappa den ut.
[attachment=6]

So oppdaga eg rusthol på botnen av sidepanelet.
[attachment=7]

So då e da å banka ut ei ny plata.. begynte fyrst med ei som var banka i 90grader.
[attachment=8]


Tittel: Sv: How-To: Skifta Varmekanalar på Bobla
Skrevet av: Tistlofebruar 15, 2010, 16:06:58 pm

So for å få rett vinkel måtte eg kutta ut undersida litt.
[attachment=1]

So kneppa isaman og sveisa
[attachment=2]

Etter eindel sliping begynnar det å likna noko
[attachment=3]

Her ser me gravrusta på den gamle
[attachment=4]

So prøvemontering.. passar tilsynelatande godt
[attachment=5]

pungta fast
[attachment=6]

Heilsveist,, ser ikkje bra ut, men heldivis så bokta ikkje plato seg
[attachment=7]

Heilt baint
[attachment=8]


Tittel: Sv: How-To: Skifta Varmekanalar på Bobla
Skrevet av: Tistlofebruar 15, 2010, 16:15:44 pm

Men uheldivis so var ikkje plata eg laga bein nok,, på enden gjekk den innover nede.. so da må nok tinnast litt her ja!
[attachment=1]

Og der smatt den nye kanalen inn ja! Måtte knekka bakenden litt, var noko plater som var knekt feil veg, men ellers så passa den bra for å vera klokkerholm
[attachment=2]

[attachment=3]

Men det måtte rettast opp litt i dørstolpane, så eg merka opp der det måtte kuttast av litt
[attachment=4]

Og her bake mangla det eindel..
[attachment=5]

So begynte eg på falsen på framre innerskjerm.. mykje rust her..
[attachment=6]

Fjerna slangen og pussa reint, ja her var det mykje gravrust! Så då merka eg opp rusta og kappa ut
[attachment=7]

So e da berre te å overføra elendigheiten på ei ny plata og merka opp holena so ska borast
[attachment=8]


Tittel: Sv: How-To: Skifta Varmekanalar på Bobla
Skrevet av: ovaltfebruar 15, 2010, 16:16:45 pm
Ja mykje bra arbeide her Tistlo og me andre lærer også med so gode bildeforklaringar.
Ceep on the good work ;)


Tittel: Sv: How-To: Skifta Varmekanalar på Bobla
Skrevet av: Tistlofebruar 15, 2010, 16:24:05 pm
Ny vs gamal..
[attachment=1]

Pungta inn
[attachment=2]

Og sveist
[attachment=3]

Hailt baint!
[attachment=4]

Slipt glatt med vinkelslipar og superfil
[attachment=5]

God gjennombrenning,, so god att han må slipast ned
[attachment=6]

Oppi dørstolpen er det berre å spraya laus med sinkgrunning overalt, for att det ikkje ska rusta.
[attachment=7]

Og her er det slipt
[attachment=8]

Sånn då har dekan fått veta korleis ein ska utbedra skadane rundt kanalen :) So neste leksjon vert modifisering og forbedring av repro kanal. Stay tuned!


Tittel: Sv: How-To: Skifta Varmekanalar på Bobla
Skrevet av: H-1835februar 08, 2012, 22:25:10 pm
Da blei det lesing av denne tråden i kveld isteden for film. ;D
Knakende godt beskrivet..


Tittel: Sv: How-To: Skifta Varmekanalar på Bobla
Skrevet av: vwT1, T4enginefebruar 26, 2012, 18:38:05 pm
ortid kommer modden?  ;D hehe


Tittel: Sv: How-To: Skifta Varmekanalar på Bobla
Skrevet av: FooZmai 13, 2012, 15:34:50 pm
Råbra blogg! Jeg må bytte nøyaktig samme deler som du har joobbet med her, samt litt mer inne i hjulbuen der festeplata til understellet står.
Det er rustet hull inn til torpedoveggen bak baksetene og støtteveggen under torpedovekken.
Takk for super info, har lagret mesteparten av bildene, så nå skal jeg snart starte fjerning av den ene kanalen =)


Tittel: Sv: How-To: Skifta Varmekanalar på Bobla
Skrevet av: Tistlomai 19, 2012, 23:06:00 pm
ja då har eg funnet att notatane og bildene til denne tråden. er vel nokon år sidan dei skulle vore lagt ut her... :-[ :-[

so eg får berre setja igang:

får begynta med å visa kva som var gale med den nye kanalen. her hadde den fått seg ei solid bulk
[attachment=1]

varmeutaket ser ikkje ut i månaskin, på nokon måte!!
[attachment=2]

hol for kabel lefsa, på feil sida(og utan røyret inni)
[attachment=3]

bulk i profilen framme
[attachment=4]

hol..dårlig passform
[attachment=5]

stor glippa mellom platene
[attachment=6]

ditto
[attachment=7]

sveisar på ein spikar for å trekka ut bulk
[attachment=8]



Tittel: Sv: How-To: Skifta Varmekanalar på Bobla
Skrevet av: Tistlomai 19, 2012, 23:17:00 pm

begynt å sveisa opningen saman for å få han tett
[attachment=1]

lappar att den store opningen under
[attachment=2]

forsegla diverse anna
[attachment=3]

her var da ei sprekk og
[attachment=4]

tetta i spissen framme
[attachment=5]

og her
[attachment=6]

og hjørna..
[attachment=7]

begyntar snart å likna ein kanal
[attachment=8]



Tittel: Sv: How-To: Skifta Varmekanalar på Bobla
Skrevet av: Tistlomai 19, 2012, 23:27:36 pm

hol forsvint
[attachment=1]

begyntar å likna presantabelt
[attachment=2]

fiksa profilen her
[attachment=3]

for mykje kant på botnen. so da må skjerast vekk
[attachment=4]

opna opp att holet her. eg hadde jo gløymt att..
[attachment=5]

..detta spjeldet skulle inni kanalen.
[attachment=6]

bretta ut teppelista. var overflaterust inni der. trulig pga att dei ikkje har malt noko serlig dar
[attachment=7]

kanten skjert ferdig
[attachment=8]



Tittel: Sv: How-To: Skifta Varmekanalar på Bobla
Skrevet av: Tistlomai 19, 2012, 23:42:03 pm

smørehol
[attachment=1]

som orginalt
[attachment=2]

opna opp for å koma te me sveisen
[attachment=3]

reinsa alle kanta og sink oppi
[attachment=4]

ikkje spesielt bra passform her
[attachment=5]

vert nok til å bruka den orginale enden
[attachment=6]

moro
[attachment=7]

må fjernast litt her å litt der fø perfekt passform
[attachment=8]


Tittel: Sv: How-To: Skifta Varmekanalar på Bobla
Skrevet av: Biejuni 24, 2012, 16:54:27 pm
Hei

En meget flott tråd :-)
Skjønner at du må stive av ved skifte, her hvor karosseri er demontert fra bunnplaten. Trengs slik avstiving også når kanalen skal skiftes uten at karosseri av skilt fra bunnplate?

mvh

B.


Tittel: Sv: How-To: Skifta Varmekanalar på Bobla
Skrevet av: Hot Owljuni 24, 2012, 18:22:47 pm
Ja, i hvertfall to horisontale støtter + et kryss på den siden du bytter på. Ta en side av gangen.


Tittel: Sv: How-To: Skifta Varmekanalar på Bobla
Skrevet av: Biejuni 24, 2012, 19:48:36 pm
Ok. Takk for svar :-)

mvh

B.


Tittel: Sv: How-To: Skifta Varmekanalar på Bobla
Skrevet av: Formula Veemars 05, 2014, 09:06:04 am
Veldig bra tråd dette!
Trengs det avstivning for å skifte kanalbunn, feste for stigbrett og kvartpanelet mellom dør og bakhjul? Har skilt karrosseri og chassi.


Tittel: Sv: How-To: Skifta Varmekanalar på Bobla
Skrevet av: Tistlomars 07, 2014, 01:07:28 am
med mindre du kappar ut alt på ein gong so bør da jo i teorien gå fint..men sveisar du inn noko avstiving so gjer du ivertfall ikkje noko feil!

eg legger foresten merke til at nokon har ein jobb med å oppdatera resterande del av denna tråden...


Tittel: Sv: How-To: Skifta Varmekanalar på Bobla
Skrevet av: Formula Veemars 07, 2014, 06:53:54 am
Flott. Har dørene fremdeles i også.