VWNorge

Forum => Prosjektgarasjen => Emne startet av: Ivar på mars 25, 2011, 06:32:53 am



Tittel: -69 T2 Panel, Brødbilen
Skrevet av: Ivarmars 25, 2011, 06:32:53 am
Litt rundt:
Når ein er fødd inn i ei VW-slekt, så ligg ein del ting naturlig i blodet.
For 15-20 år sidan skulle eg lage meg campingbil, og valget var sjølvsagt lett. Et blei ein -68 Panel, med båtvindu i sidene.
Etter ombygging og rustsveising+ + var husprosjekt og ungar blitt for store, så den enda opp som 6 setar bruksbil.
[attachment=1]
God & grei bil som bare gikk og gikk.

På eit tidspunkt måtte den vike plassen til fordel for EL-bil. Dette var relatert til bompenger, parkering og driftsutgifter.
Når den blei solgt, grein guttungen, og han tolte ikkje å sjå gamle boblebusser utan at tårene kom, i fleire år etterpå!!
Me var alle glad i den bilen, så det var veldig fint å sjå at den har fått så god heim i Horten.
Evig eies kun det solgte.....

Når så den andre halvdelen kom med slengbemerkningen om at viss ho skulle hatt ein brødbil til bakeriet sitt, så måtte det ha blitt ein slik, ja då bobla det over.
Etter eit års tid på nettet dukka det opp eit objekt som passa inn i planen.
-69 T2 Panel med WalkTrough
[attachment=2]
[attachment=3]
Selgar blei kontakta, og omrisset av ein plan kom til synet :D


Tittel: Sv: -69 T2 Panel, Brødbilen
Skrevet av: Ivarmars 27, 2011, 19:57:45 pm
Påsken var eit egna tidspunkt for henting av bil.
Ordna med god hengar, og annonserte med transport austover, for å sleppe å køyra tomt.
Fekk derfor ei boble med på turen
[attachment=1]
Friske forhold over Hemsedalsfjellet
[attachment=2]
Men det gjekk fint, og ingen problem av noko slag.
Det gjekk fort å lesse av, og selger av panelen var jo i nærområdet, så det gjekk på skinner.
Då me kom opp der bilen sto lagra, vart eg litt lang i trynet, då den var vesentleg meir rusta enn eg hadde fått inntrykk av.
Selgaren hadde ein 4x4 til å dra den fram med, og då viste det seg at bremsane hang på alle 4.
[attachment=3]
I grusen gjekk det jo likevel greit.....
[attachment=4]
EarlyBay har det snillaste fjeset eg kan tenke meg, så eg berre måtte ta den med heim
[attachment=5]
Kva skulle ein gjort utan hengar med vinsj ?!?
[attachment=6]
Vel på plass på hengaren var det kun ein snartur innom i Oslo, for å plukke opp svogeren
[attachment=7]


Tittel: Sv: -69 T2 Panel, Brødbilen
Skrevet av: Ivarmars 30, 2011, 05:26:31 am
Svogeren kommenterte lett at "her er det jo litt....."
Eg for min del tenker på stålet, og ser det motsatte:Her er det ikkje mykje!!
At endane på kanalane ikkje er der lenger er jo ingen overraskelse.
[attachment=1]
[attachment=6]

Derimot at stigtrinnet er rusta vekk!! Då burde det ringt ei bjelle.
[attachment=2]

Hjulkapsel der det er rusta hol frå utsida
[attachment=3]

Jaja, kjøpt er kjøpt og spist er spist.
Heimvegen (til hytta) gjekk fint, sjølv om veret ikkje var noko stas.
[attachment=4]

På Voss var snøen borte, og dei vårlege motiva flotte ;D
[attachment=5]

Og sidan me var i Tistloland, så vart me observerte sjølvsagt.......


Tittel: Sv: -69 T2 Panel, Brødbilen
Skrevet av: Tistlomars 30, 2011, 10:52:17 am
Da e no ei stund sidan siste bildet vart tatt.

men no forstår eg att du treng delebil ja, for den her var JAGGU råten! Men e da hol e da håp :)

få sjå bilde tå rammo no då hehe


Tittel: Sv: -69 T2 Panel, Brødbilen
Skrevet av: A R Emars 31, 2011, 12:27:03 pm
Her er bilde av delebilen....


Tittel: Sv: -69 T2 Panel, Brødbilen
Skrevet av: A R Emars 31, 2011, 12:30:18 pm
Her er bilde av delebilen....

Hmm, bilde kommer vist ikke frem......


Tittel: Sv: -69 T2 Panel, Brødbilen
Skrevet av: Ivarapril 03, 2011, 12:46:18 pm
Då me kom vestafjells, oppdaga me at motorfesta var rimelig opprusta.
Faktisk så rusta at humpane i veien fekk dei til å gi etter!!
Slik at når me sjekka opp, så hang motor og kasse kun etter drivakslingane og gearoverføringa :D
Til og med bensinslangen var slitna...
Motoren stod altså bak på hengaren ;D
[attachment=1]

For å få bilen av, blei den løfta opp på plass igjen, og holdt på plass av ei lastestropp.
Det som blei større utfordring, var å "trille" av ein bil som henger på alle fire, spesielt på ein hengar med sklisikker overflate.
Då lyt ein til med tyngre skyts!
I mitt tilfelle sto den gamle traktorgravaren lagelig til. Rigga til med diverse stropper & ting, for å rekke bort der den skulle av.
Sjølvsagt slitna dei stroppene ganske greitt.
[attachment=3]
Plan B vart å jekka bilen opp og tømme sagkjedeolje under hjula for å ha noko å skli på!
Det gjekk då som smurt å dra den av
[attachment=4]
[attachment=5]
[attachment=6]

Det neste var å ta ut motor/kasse.
Det gjekk fint, med unntak av leddet på gearoverføringa, som ikkje overlevde.


Tittel: Sv: -69 T2 Panel, Brødbilen
Skrevet av: Ivarapril 03, 2011, 13:16:31 pm
Motoren, som var sagt skulle vera i svært god kondisjon, stod bom fast :-\
Den kom i hus, og blei plukka ned for å finne årsaken til dette.
[attachment=1]
Etter å ha sjekka litt rundt ifm motornummer, viser det seg at dette er ein original innbyttemotor. Det viser seg at når VW tok motorer inn til overhaling/innbytte, så blir dei merka med eit "returmerke" ved motornummeret. Denne motorren har TO gonger vore i den loopen :o

Det som hang fast, var rust i begge sylindrane på venstre sida.
Der blei det prøvt med rustløysar, kaustik, varme og rå makt, og av måtte dei til slutt.
Etter siste runde i overhalingssystemet, kan den ikkje ha vore køyrt mykje. Alle honingsstripene i sylindrane er der, stempla er reine på sidene, og eg er ikkje i stand til å måle nokon slakk, hverken i veiv eller rammelager. Alle skruer og mutrar ser fine ut og kun to eksosmutre måtte kløyvast under demonteringa.

Har derfor kun køyrt ein lett honing, nye fjører og pakningssett.

Toppane har fått ein omgang på motorverkstaden på jobben. Ventilstammene var godt under slitasjegrensene, og blei bytt.
Ny lakk på kjøledeksla, og monteringa er i gong

Utover våren i fjor, blei rustangrepa på karosserriet forsøkt å få oversikt over.
Enkelte ting har ingen ende.......
Etter litt evaluering, fann eg ut at eg har to alternativ
1. Hogge den og prøve å få igjen litt av pengane
2. Brette opp armane og ta den heilt ut

No er ikkje eg kjent for å gi opp så lett, så alt 1 var ikkje reell.

Etter å ha sjekka litt rundt, viser det seg at repro rammedeler ikkje er hyllevare. Ikkje bestillingsvare heller. :-\

Ein donorbil er det eg treng.
Problemet er å finne ein opp-ned donor. Ein uten rust i bunn, som er skamrusta oppover og ikkje kan reddes. Til ein rett pris....

Det blei mange mailar og telefonar rundtom, med stort sett negativt resultat. Rust er utbredt

Seint i fjor haust var det ein kjent profil som hadde ein doka som skulle hoggast til våren, om snøen slepper taket der oppe ;)
Det var det nermaste eg kom.

Plutselig dukka det opp ein delebil på forumet, og eg heiv meg på  ;D


Tittel: Sv: -69 T2 Panel, Brødbilen
Skrevet av: Cheronapril 03, 2011, 13:51:03 pm
Kjenner jeg gruer meg til jeg skal ut på jakt etter neste prosjekt, som blir buss av ett slag. Men å finne en som er bra for rust ser ut som å bli en skattejakt :D

Skal følge godt med her på dette prosjektet! :) Stå på!


Tittel: Sv: -69 T2 Panel, Brødbilen
Skrevet av: FreddyBapril 03, 2011, 17:12:48 pm
Du atte atte, Ivar.. Den der campingvogna du har ståande der..? Ka fan?  :o


Tittel: Sv: -69 T2 Panel, Brødbilen
Skrevet av: Ivarapril 03, 2011, 20:11:56 pm
Du atte atte, Ivar.. Den der campingvogna du har ståande der..? Ka fan?  :o

Tenkte ikke at den skulle vera med her......
Men siden dette er min tråd, så kan eg tillata OT-topics så mykje eg vil ;D

For den trente ser ein lett at dette er ein retro ting, som er nyprodusert.
For oss andre er dette ei Tabbert T@B XL 2004mod.
I følge importøren er det kun tatt inn ei slik i XL utgåve!! Dei andre i serien er på 320, denne er 540.
Dette kan enklast sjåast på ein eller to akslingar.
Googlar ein fenomenet, i kombo med Cayenne, så finn ein verdensrekord ;D ;D
I lag med Caravelle er det ingen rekorder i sikte, men pent oppsett i mine auge:
[attachment=1]

Får litt oppmerksomhet ja ;)


Tittel: Sv: -69 T2 Panel, Brødbilen
Skrevet av: Tistloapril 04, 2011, 10:35:22 am
Da ser no ut til att du har gjort litt av ein innsats berre me å få bilen heim og av hengaren!! eg trur han e uvanlig dårleg bayen din so da e skjønleg att du va sugen på "nytt" undestell :)
 Men du prøvde ikkje å løysa opp bremsane so hang då? da eg pleie gjera og so fungera ganske ofta da e å ta eit spitt å slå rett inn på trommelen fleire plassa, banka skikkeleg godt. me litt flaks då so slepp bremsane taket. og so ittepå sett eg spittet på navet og opp på ein hjulbolt, evt gjennom eit hol i felgen og so jokka på til hjulet går rondt.
E no eit lite prosjekt å setta igang på ja, men da vett bil tå da om du går inn fø da, noko du gjer;)


Tittel: Sv: -69 T2 Panel, Brødbilen
Skrevet av: Ivarapril 05, 2011, 12:39:53 pm
Har eit par bilder som kort kan illustrera tilgongen på rusten ::)

Høgre hjørna i motorrommet, (der rammenummeret skal/skulle sitte):
[attachment=1]

Venstre ditto:
[attachment=2]

Bakre jekkfeste på  høgre sida:
[attachment=3]

og det framme:
[attachment=4]

Det er litt "rat" når støtfangeren, som jo er ganske tjukt gods i, ser slik ut:
[attachment=5]

Torsjonsrøyret framme:
[attachment=6]

og ved innfestinga av torsjonsrøyret bak:
[attachment=7]

Jekkfestet på venstre sida bak er heller ikkje heilt godt....
[attachment=8]

Utanom dette, så er golvet framme og i lasterommet "som vanlig".
Litt småfix elles OK ::)

Enkelte medlemmer her på forumet får nok pelsen til å reise seg når dei ser slike flotte ("før")bilder  ;D


Tittel: Sv: -69 T2 Panel, Brødbilen
Skrevet av: Tistloapril 05, 2011, 17:05:32 pm
E jo ikkje soooo galen ;)
Lyt vera sopass med rust skal va vera early bay. sjå på da positiva, mindre arbeid med å få vekk smitta stål

Men den 77rammo di er jo ikkje "bolt on" på earlybay understellet, ivertfall ikkje likt bak


uansett so e da berre å bretta opp armane og setta igang


Tittel: Sv: -69 T2 Panel, Brødbilen
Skrevet av: Ivarapril 06, 2011, 05:16:18 am
Alt er vel "bolt on" om ein berre har lange nok boltar ;D ;D

Måte jo lage nytt det bakerste motorfestet uansett, så om det blir 15 cm lengre, ka' so? 8)


Tittel: Sv: -69 T2 Panel, Brødbilen
Skrevet av: Tistloapril 06, 2011, 15:15:44 pm
Nei da går nok meget fint, men hadde da ikkje vore kurant å beholdt dan flotte avtakbare bakplato?:)


Tittel: Sv: -69 T2 Panel, Brødbilen
Skrevet av: Ivarapril 12, 2011, 21:30:49 pm
Har planar om å beholde løysninga med den avtagbare der ja. Den eg har er ikkje heilt fri for rust, så om nokon har ei liggande å slenge, så sleng ho gjerne i min retning......

Vidare var eg på litt rydding i bilen i fjor haust, og under golvmatta mellom setene låg det originale vognkortet frå 1976.
Det var utrulig morsomt å finne det, og 100% intakt. For dei oppmerksomme har jo sett at den er med skilt framme. BL registrering.
Dette skiltet er også frå 1976.

Det var då eg tok kontakt med understellsregisteret, for å søke etter historikken.
Fantastisk tjeneste frå staten der! Dagen derpå kom pdf av heile historien.
Her er vognkortet frå 1976:
[attachment=1]

Her er registreringskortet frå 1969, som bla viser det originale telefon-registreringsnummeret:
[attachment=2]

og med oppdatering fram til avskiltinga på 80- tallet
[attachment=3]

I dag heiter det AUTOSYS og er på data, med det meste på plass:
[attachment=4]

side 2:
[attachment=5]

og siste oppdatering, der eg er plassert:
[attachment=6]

Då eg fekk opplysningane om dei tidlegare eigarane, måtte eg nett sjå etter.
Og ja, den første eigaren, som er eit elektrofirma eksisterer fortsatt, på samme adresse!!

Derimot var eigaren frå -76 umulig å spore, desverre.

Morsomt å finne heile historien så lettvindt.


Tittel: Sv: -69 T2 Panel, Brødbilen
Skrevet av: Ivarapril 12, 2011, 22:06:39 pm
Delebil

Øystein Sunde syng så varmt om det å kjøpe seg ein delebil, for då blir det dobbelt av alt......

På mange måter kan ein vera einig i det.
For ca ein månad sidan dukka det opp ein delebil her på forumet. Denne var allerede slakta for motor og drivverk, samt masse smådeler. LateBay er jo litt annleis, men eg hadde vore å vifta med meterstokk under ein i fjor sommar, og det er kun "detaljer" som skiller......
Denne delebilen kom frå Sverige, og bar preg av ein litt hard avslutning på livet på veien. Bakdelen var at den stod i Asker, og eg er på Askøy(utanfor Bergen).

Selgaren vart kontakta, og eg la fram planane mine om utstrakt gjenvinning. Han var hyggelig, og supplerte med bilder frå undersida, og dette såg i mine auge opplyftande ut.

Me boksa avtalen, skaffa tilhengar, og tok ut ein søndag kl 0530. Fekk med meg ein kamerat for å ha litt hjelp & selskap på turen.

Vermeldingane var i bøtter og spann, men det var fine forhold over fjellet:
[attachment=1]

Me kom til Asker ca kl 1230.
Det var lett å finne selgaren, og bilen stod fint tilgjengelig frammom huset.
[attachment=2]

Håndbremsen var intakt, vekta nesten ingenting, så å trilla den ut i veien gjekk greit.
Veien var bratt, så me sikta på tilhengaren:
[attachment=3]

...og la gå!! på plass
[attachment=4]

Stropping er jo diskutert andre stade på forumet, så den lar eg ligge her....
[attachment=5]

Klar for avreise etter mindre enn 20 min:
[attachment=6]

Då me skulle ha med oss litt ekstra ting heim igjen, måtte me vente ein times tid hos selgaren.
Tida blei benytta til å glo på den utrulig fine -69 T2 Panel WT som var under gjenoppbygging i garasjen.

Det er utrulig inspirerande å sjå kva enkelte får til!!!

Då alle ting var på plass tok me avgårde heimover. Klokka var over 1400, så det var bare å stå på!
[attachment=7]

Bunkring i Aurland, og det kveldast fort:
[attachment=8]


Hadde ein kjapp mellomlanding i busskuret til Tistlo, då han hadde så lyst å sjå på prosjektet,
og parkerte på tunet heima på Askøy kl 2258 etter 1048km, og med eit forbruk på 0,77 l/mil ;D

Grei søndags guttetur på ettervinteren det!! ::)


Tittel: Sv: -69 T2 Panel, Brødbilen
Skrevet av: Hot Owljuni 01, 2011, 14:36:49 pm
Chassi messig er det vel stort sett midten som ligner mest mellom de to årsmodellene som skal "joines" her...
Jeg ville nok ha avrådet forsøket, av den enkle grunn av at lite er likt og det som er vanligvis er rustent.


Tittel: Sv: -69 T2 Panel, Brødbilen
Skrevet av: tommy johansenjuni 01, 2011, 14:53:34 pm
lykke til med panel.suverene biler dette 8)


Tittel: Sv: -69 T2 Panel, Brødbilen
Skrevet av: Ivarmai 02, 2012, 11:10:46 am
Ja sånn går det :-\

Ingen har anledning å sveise for meg, eg har ikkje tid, garasjen skal rives, verkstaden er (over-)full, og kona meiner at enkelte elementer skjemmer innkjørselen til hennes etablissement.

Bilen og delebilen blei i går solgt vidare, men med forkjøpsrett ved alternativt salg.
Evig eies kun det fortapte! :'( :'(
[attachment=1]

Lite er så fint som Wide-five med lakka kapslar
[attachment=2]

Den blir fortsatt på øya, men på vestsida.
Lukke til, til ny eigar!

Så då anser eg denne tråden som tilbakelagt....... I alle fall til Bakeriet er ferdig, og ein ny brødbil dukker opp ;D ;D