mai 07, 2025, 07:56:37 am *
Velkommen, Gjest. Vennligst logg inn eller registrer deg.
Har du ikke mottatt e-post for aktivering ?

Logg inn med brukernavn, passord og innloggingstid
Takk for din støtte!
Nyheter: Velkommen til et samlet VWNorge!
 
  Hovedside Hjelp Søk Logg inn Registrer  
  Vis innlegg
Sider: [1]
1  Forum / Krigsmodeller / Sv: Schwimmwagen på Nordmøre på: november 26, 2009, 21:06:48 pm
Svaret frå Kontaktsenteret kom uventa kjapt. Det underlege er at dei berre fann EIN bil i den aktuelle nummerserien ! Forventningane mine var nok langt større.
Det heldige for meg er at det var ein T-registrert bil - endåtil i nummerserien for Nordmøre. Om det er den rette bilen veit eg enno ikkje.

Reg.nummer er i alle fall T-4948 - og chassisnr. 7-009 987.
2  Forum / Krigsmodeller / Sv: Schwimmwagen på Nordmøre på: november 25, 2009, 09:55:53 am
Takkar ! Opplysningane er alt vidaresende. Så blir det å leva i spenning ei stund.
3  Forum / Krigsmodeller / Sv: Schwimmwagen på Nordmøre på: november 24, 2009, 13:57:44 pm
Nytt spørsmål:
Eg har fått ein avtale med Kontaktseneret til Vegvesenet - der dei seier seg villig til å leita fram kort på alle registrerte Schwimmwagen i Norge. Mot betaling og på visse vilkår. Eitt vilkår er at det ikkje er for mange kort å leita gjennom. Snakkar me om noko i størrelsesorden 20 bilar ?

Eit anna vilkår er at dei vil vita strukturen på nummeret og antal siffer.

Eg har forstått det slik av tidlegare innlegg at chassis-nummeret begynner med "7-", men kor mange siffer er det bak bindestreken ?
4  Forum / Krigsmodeller / Sv: Schwimmwagen på Nordmøre på: november 20, 2009, 15:14:23 pm
Saka med å finna att familiens schwimmwagen står eigentleg i stampe. I utgangspunktet hadde eg ingen håp om å få sjå bilen, men hadde ein draum om å finna fotografi. Bilen "vår" var sterkt ombygd, og hadde utsjånad som ein Trabant, iflg. somme. Siste sikre spor er Straumsneset tidleg på 80-talet.
T2-splitt har vore til hjelp, men eg kom nok ikkje i mål.

X: Var ingen scwimm, men derimot ein kübel. I tillegg vart bilen sterkt ombygd, og registrert som varebil. Reg.nummer var T-5647, og chassisnummer 2-039735. Bilen eksisterer definitivt ikkje lenger, men bilete finst.

Y: Er nok min bil. Vart heilt sikkert henta av VW-entusiastar tidleg på 80-talet.

Til SplitMan:
Kan bilen eg leitar etter vera din bil likevel ?

Det som stemmer er: Meget ombygd, elveskråning, og at han var funnen tidleg 80-tal av samlarar.

Det som IKKJE stemmer er:  Åndalsnes, og at han aldri har vore registrert på norske skilt.




5  Forum / Krigsmodeller / Sv: Schwimmwagen på Nordmøre på: september 16, 2009, 15:26:47 pm
Dette var litt av eit gjennombrot !  2 Scwimm og 1 Kübel på ein liten stad må bety den største bestanden av VW Krigsmodellar i landet (i allefall i forhold til folketalet). Når det gjeld bilane, så veit eg at bilen som eg leitar etter var ombygd og ikkje nedgravd. Det tyder på at "X" er det rette. Eg veit også at dei siste eigarane er døde. Det skulle leda meg til "Y".
Takkar elles for innsatsen, T2-splitt!

Leitinga etter bilde, reg.nummer eller chassis-nummer vil fortsetja.
6  Forum / Krigsmodeller / Sv: Schwimmwagen på Nordmøre på: september 07, 2009, 15:43:06 pm
Var Schwimmwagen så sjeldne i forhold til Kübel som situasjonen var i sør-Trøndelag ?

Schwimmwagen seld av ein Nils Mossing til Telemark i 1958: Er dette ein kjent bil ?

7  Forum / Krigsmodeller / Sv: Schwimmwagen på Nordmøre på: september 05, 2009, 19:59:00 pm
Det går tregt med å koma vidare. I håp om at "Hvem eier bilen" for 1947 kunne avklara noko, har eg gått gjennom alle U- og T-registreringar på leit etter Volkswagen. Kan eg gå ut frå at alle registrerte VW i 1947 er krigsmodellar (årsmodell framgår ikkje) ?
I alle fall: Om eg har talt rett, er det 15 stk. i Sør-Trøndelag, 5 stk. i Romsdal, 3 på Sunnmøre og berre 2 på Nordmøre. T-5647 er den eine; den andre er T-5464 reg. på Øivind Enstad, Steinsgrenda.

Bilen på det flotte bildet som "Pitt" har lagt ut, U-5818, var også i 1947 i Trondheim. Då med Leif Myhre som eigar.

8  Forum / Krigsmodeller / Sv: Schwimmwagen på Nordmøre på: august 28, 2009, 14:25:46 pm
Elveskråning er korrekt, men Åndalsnes er feil. Bilen høyrde til på Nordmøre, og det var i Straumsneset - med postadresse Øydegard - denne skulle få sin siste kvilestad. Så veit me at eit nytt liv i entusiastmiljø begynte - og det er enno eit ope spørsmål om dette livet er som veteranbil "på vegen", eller som bortgøymt restaureringsobjekt ein eller annan stad.

Eg har til og med funne ut at avmonterte deler, som propell etc. også fekk eit nytt liv - heilt uavhengig av bilen !
9  Forum / Krigsmodeller / Schwimmwagen på Nordmøre på: august 27, 2009, 14:28:56 pm
På bakgrunn av eit innlegg tidlegare i sommar, kom det fram mange opplysningar. Eg kom imidlertid ikkje i mål med å finna sikre opplysningar om den bilen som var i familien på '50-talet. Har for få opplysningar til å koma vidare i offentlege arkiv. Tek derfor opp att tråden.

Om eg ikkje hugsar feil, hadde SplitMan eller SvenOle chassis-nummer på "norske" Schwimmwagen. Eg oppfatta det også slik at den mest sannsynlege bilen no er på Bornholm. Både Kontaktsenteret og Kristiansund Trafikkstasjon er villige til å hjelpa, men dei treng noko meir å gå etter.

Eg hadde derfor sett umåteleg pris på å fått chassis-nummer på Bornholm-bilen; eventuelt på andre sannsynlege T-registrerte Schwimmwagen.

Ein kontakt med den eller dei som fann bilen for ca. 30 år sidan hadde også vore hyggeleg.

I "kampens hete" i sommar fylgde eg eit spor - som viste seg å vera eit blindspor. Den etterlyste Schwimmwagen og T-5647 var på same stad både på 50-talet (Sunndalsøra) og på 60-talet (Øydegard - der eigarane sogar hadde same etternamn).

T-5647 var reg. som Volkswagen '41-modell, var på vegen frå 1946 til 67, og hadde chassisnummer 003043. Sist registrert som 2-seters varevogn. Kan nokon seia kva bil dette var ?
Sider: [1]
Bygget på MySQL Bygget på PHP Powered by SMF 1.1.20 | SMF © 2006-2008, Simple Machines XHTML 1.0 godkjent! CSS godkjent!