Hei.
Eg er på jakt etter utvendig Bakrutesjalusi/laksetrapp til min far, han er eigar av ei VW boble 1973mod 1303S som er blitt temmelig bra med tida.
Han har i lengre tid vore på jakt etter Bakrutesjalusi/laksetrapp, men er ikkje den flinkaste på data.
Er det nokon som kan ha dette til salgs og ønsker å selge meg eit som eg kan pakke inn i julegåve til han?