april 29, 2024, 02:01:12 am *
Velkommen, Gjest. Vennligst logg inn eller registrer deg.
Har du ikke mottatt e-post for aktivering ?

Logg inn med brukernavn, passord og innloggingstid
Takk for din støtte!
Nyheter: Velkommen til et samlet VWNorge!
 
  Hovedside Hjelp Søk Logg inn Registrer  
  Vis innlegg
Sider: 1 ... 97 98 [99] 100
2941  Forum / Rat-look / Sv: Hva synes du om jernkors ol. på vw? på: desember 15, 2007, 20:47:35 pm
Det er jo det som er poenget med eit forum, Torgeir Schibevaag. Forskjellige meiningar skal få komme fram - utan at forumisten skal føle seg idioterklært for sine meiningar. Og eg kan gjerne gjenta meg til det kjedsommelige; eg trur at å få endra synet på svastika/jernkors til noko som ikkje nødvendigvis symboliserar krig, nazisme og jævelskap - så tar du makt frå nynazistane.

Og resten står eg for, utan at eg treng å gjere meg til uvenns med verken deg eller EspenX. Vi er enige i basisen - men uenige i korleis ein skal gripe dette i framtida.
2942  Forum / Rat-look / Sv: Hva synes du om jernkors ol. på vw? på: desember 15, 2007, 20:17:55 pm
FreddyB, innspillet ditt fortjener egentlig ikke noe svar, du drar debatten ned på barnehage-nivå.

Du mener jeg ikke tilfører noe til debatten etter i setningen før ha kalt meg en apekatt!!?? Og du bruker resten av innlegget på snakke om min debatt-teknikk og ikke med et ord nevne jernkors??! Jesus, hører du ikke selv at det singler i glass?

Og angående påstander og halvsannheter, hva med å dokumentere påstanden din om at kun en svært liten andel av befolkningen under krigen opplevde nød og jævelskap? Snakk om å skyte seg selv i foten.

"Det er ein grei debatteknikk å gå til frontalangrep på grunnlag av oppleste og vedtatte kjerneverdiar". Ja, det vil jeg da si.


Vel, om det er der du føler dette har havna, så deg om det. Du går faktisk rett i angrep på dei som ikkje delar ditt syn, og gjev dei eit ultimatum om å vere enig med deg - eller bli stempla som nazistvennlig. Ikkje særlig forumvennlig, spør du meg.

Når du "fyrer av frå levra" er du samtidig den som står på stolen - eller heng i taklampa. Ingen "vettuge" vil seie deg i mot då dei automatisk blir stempla som nazistvennlige. Eg beklagar at eg framstilte deg som ein apekatt. Du framstår meir som eit forumtroll, rett og slett.

Lasse foreslår - som meg - å få omgjort eller nedtona betydninga av svastika - for å fjerne krafta i symbolet. Du svarar ikkje på dette - men rakkar ned på fyren og belærer han om alt du har lest og høyrt om krigen. Ingen har vel sagt noko imot at krigen var jævlig og at mange mista livet, men ikkje avfei dette berre fordi det eksisterte ein krig - og at du har høyrt at dette var jævlige greier. Prøv å tenke litt lenger - sjølvstendig.

Så tar du for deg DKL, der syver bemerkar - gjerne litt uheldig - at du "slår alle under ein kam" - kor på du inntar den belærande og blærande "dette fekk du ikkje til - men her har du fasiten"-haldninga. Du svarar ikkje på kvifor du gjev DKL den tvilsomme æra å få bli skyteskive for fjaset ditt, men ror deg unna ved å "drite ut" syver for hans feil.

Og dokumentere påstanden om at alle ikkje hadde det så jævlig under krigen? Tja, det er jo berre å ta ein prat med folk som vaks opp for 3-4 generasjonar sidan. Tyske soldatar var tyske "turistar" i Noreg så lenge befalet ikkje var til stades. Vanlige menige - utkommandert i ein krig dei ikkje fatta vitsen med - som oppførte seg som vanlege folk all den tid dei ikkje var under oppsyn av Wehrmacht. Eg er så heldig å ha "oppegåande" eldre i min omgangskrets - som gladelig fortel om korleis det var å leve i Norge under krigen. Det var ei beleiring - men det var langt i frå det folk i andre europeiske land opplevde.

Kva er det totale tapet for Noreg under WWII, EspenX? 10.262 menneske. Innanlands og utanlands. Sivile og militære. Sjømenn som lotter. I Noreg omkom det til samanlikning 15.500 russiske krigsfangar under krigen. Kven trur du hadde dei kummerligaste forholda..?

Og om du maktar å lese innlegga før dette, så ser du at eg er for ei nedtoning - men at ein skal velge sine områder med omhu. Det eg legg i dette er at ein ikkje nødvendigvis treng å sette i gang prosessen ved å ha jernkorset på bobla si no, men at dette kan bli sluttresultatet når jobben med å nedtone forholdet nazi - jernkors/svastika er fullført.

Så velkommen i barnehagen, EspenX. Vi kjem nok til å trivast her. Men ver såpass grei i din forumbruk at du tillet folk å ha andre meiningar enn deg - og argumenter i alle fall mot argumenta og ikkje mot personen.

Då kan det hende vi beveger oss mot grunnskule og til slutt vidaregåande her i forumet.
2943  Forum / Rat-look / Sv: Hva synes du om jernkors ol. på vw? på: desember 14, 2007, 22:52:35 pm
Problemet med ein diskusjon rundt dette er at nokon alltid vil henge seg i taklampa og leike apekatt i debatten. Beklager EspenX, du tilfører ingenting til debatten. Tankane dine er grunnfesta i den nød og jævelskap som ein svært liten andel av norske menn og kvinner opplevde under krigen. Hadde du utvida nedslagsområdet ditt til å omfatte europa så skulle eg kjøpt argumenta dine. Men realiteten er at her i landet var det pokker så lite nød jamnt over i forhold til andre europeiske land! Innpakkinga di består av påstandar, halvsannhetar og er basert på "slik er det - og slik blir det".

Det er ein grei debatteknikk å gå til frontalangrep på grunnlag av oppleste og vedtatte kjerneverdiar - som f.eks at ein ikkje skal lefle med nazisme og alt som kan inkluderast under nazismefanen - for det er ingen med vitet i behold som vil stemplast som nazist. Ei heller rasist - når ein skal debattere rasisme. Førstemann som skrik "rasist" under debatten - drep den effektivt.

Skal ein ha ein debatt, får ein debattere på stolane. Ikkje hengande opp ned frå taklampa.

2944  Forum / Snikk-snakk / Sv: Mista lappen på: desember 14, 2007, 21:33:14 pm
Aww.. Shit happens! Du får nyte tida som fotgjengar og trøste deg med at når våren kjem kan du ta lappen igjen.

Beklager, berre må..

 Osteaktig

Hovmod står for fall, btw..
2945  Forum / Rat-look / Sv: Hva synes du om jernkors ol. på vw? på: desember 14, 2007, 10:04:55 am
Eg trur heilt ærlig at den største bjørnetenesta vi gjer oss sjølve er å halde fram å tabubelegge svastika og dets like. Krafta i svastika blir styrka kvar gang ein "berømt" går ut og fordømmer den eller ein høgtståande ledar i f.eks ein ledande jødeorganisasjon uttalar si avsky ovanfor bruken. Då tenker nazigutta "bullseye" og godtar seg. Nazistar er ikkje ute etter "kred" fordi dei går med hakekors, men dei er ute etter å skremme. Skremme innvandrarar, skremme folk med funksjonshemmingar, skremme folk med anna sexuell legning. Og denne frykta blir i alle fall ikkje mindre av at ein i samfunnet til stadighet bles opp desse symbola til noko stort og stygt og skummelt og farlig.

Men ein skal velge sine områder for bruk med omhu. Eg nektar å tru at nynazistar valfartar til Oslo og Oslo Kraftverk for å tilbe den gamle jernporten der..

Drømmen min er at når nynazistane samlar seg under "parolen" sin, så skal ungane mine spørje om det er kraftverket som har protestmarsj - ikkje eing gjeng misfits.


2946  Forum / Rat-look / Sv: Hva synes du om jernkors ol. på vw? på: desember 14, 2007, 00:26:16 am
Eg er med på tankegangen til "begge leirar" her, i grunn. Det er knytt ekstremt vonde minner til både svastika og jernkorset..

Men samtidig ser eg poenget i å "ufarliggjere" desse symbola for framtida. Med ei stadig oppblomstring av nynazistiske og nasjonalistiske grupperingar, der symbolbruk pr. dags dato er det einaste dei har, ville ein kunne tatt "luven" av symbolikkrafta ved å gjere symbola "daglegdagse" igjen. Ved å snu betydninga av svastika frå eit nazisymbol til "kraft" - og at det var dette som blei symbolikken i staden for ei grusom nazigjerning, så tar ein samstundes i frå nynazismen den krafta dei har ved å bruke desse symbola.

Men det ville blitt ein lang og særs smertefull prosess, all den tid generasjonen som opplevde dei største overgrepa mellom 40 og 45 framleis er i live..
2947  Forum / Snikk-snakk / Sv: Bestille frå Cip1 eller andre på: desember 13, 2007, 20:20:35 pm
Jammen atte atte faen.. Trudde ikkje du hadde igjen, eg. På tide å få vekk ATS-koppen på Gas'en!

Har du, så tar eg gjerne! Slenger du den med rattet, og seier ein pris?
2948  Forum / Snikk-snakk / Bestille frå Cip1 eller andre på: desember 13, 2007, 19:58:45 pm
Er det nokon som skal bestille delar frå Cip1 eller andre leverandørar i den næraste framtid? Skulle absolutt hatt denne center cap'en til Gasburners-felgane mine. Men det er litt vanvittig å betale full frakt for ein del til 25 dollar.

Anyone?

Eg betalar sjølvsagt up front om det er ønskeleg, inkl. frakt frå deg til meg.

Det kan hende eg vil bestille meir "stæsj" om det er nokon her å dele frakt med. Då chippar eg sjølvsagt kraftig inn på frakt og alle andre kostnadar ut i frå eit rettferdig delingsforhold.

Send PM eller svar her.

FB
2949  Min klubb / Sør-Rogaland VW Klubb / Sv: "Gamle dager" på: desember 13, 2007, 19:52:08 pm
Damn, er eg gammal..?  Sint
2950  Min klubb / Sør-Rogaland VW Klubb / Sv: "Gamle dager" på: desember 13, 2007, 18:00:49 pm
Bik Bok og Poco Loco var vel like "in" som Ball..  Osteaktig
2951  Forum / Snikk-snakk / Sv: GOD JUL TIL ALLE MED LUFTKJØLT VW på: desember 13, 2007, 17:50:29 pm
Det er minst 11 dagar for tidlig å snakke om jul.

 Rekker tunge
2952  Bruktbørsen / Deler selges / Sv: Nye treratt til Boble, Ghia, Type 3, Type 2 Split og Bay på: desember 13, 2007, 15:57:26 pm
Hmm.. Eg vil ha. VW Heritage-opplegget mitt gjekk i dass så det sang, gitt.


2953  Forum / Rat-look / Sv: En rusten bildetråd på: desember 13, 2007, 15:11:00 pm
A good nazi is a dead nazi?  Rekker tunge Lurer på kvar det blei av SS-hjelmen min.. Arv etter bestefar min, som rappa den etter krigen. Det var ei rustbøtte som kunne blitt pent tilbehør til ein del av dei "rustbaljane" denne tråden inneheld.
2954  Forum / Snikk-snakk / Sv: Kjøpt ny bil på: desember 13, 2007, 00:35:54 am
Vurderar å putte ATS-felgane på denne, gitt.. Men 7" kan bli litt i breiaste laget. Jeje.. Skal vel godt gjerast å tape særlig med pengar på denne saken.

Fredag vill sjhåvv..
2955  Forum / Snikk-snakk / Sv: Kjøpt ny bil på: desember 13, 2007, 00:17:44 am
Nei, den er ikkje lakkert inni.. Det er litt dritt, men den skal gå som rullande reklame for etesjappa mi. Vurderte å ha reklame på '66en, men skrinla dette då bilen ville sett ut som hei-kom-og-hjelp-meg då. Denne tassen kan eg "besudle" utan å bry meg særlig..

Og kjøpesummen er jo lav..
2956  Forum / Snikk-snakk / Sv: Kjøpt ny bil på: desember 13, 2007, 00:05:49 am
Håpar på dekalar, gitt..  Rekker tunge Har ikkje sett bilen live endå. I så fall blir det fram med varmluftpistolen og vekkvekkvekk.. Hehe.. Det er ein grunn til at sambis ristar på hovudet. Kjøpe bil usett.. Heldigvis ikkje meir enn ein time herifrå! Og det viser seg at selgar har slektningar som bur rett ovanfor meg. Så dette er "safe".

Kanskje Grelland-safe, men det vil tida vise.  Gliser
2957  Forum / Snikk-snakk / Sv: Kjøpt ny bil på: desember 12, 2007, 23:36:37 pm
Hehe.. Be nice, så kjem det kanskje ei bestilling på felgar om kkt..  Gliser
2958  Forum / Snikk-snakk / Kjøpt ny bil på: desember 12, 2007, 22:47:48 pm
Kom over ein 69' 1300 no, til 10.000,- La inn bud på 7000,- og fekk tilslag. Hehe.. No har eg to, gitt.






Hentar den på fredag. Sambis ristar framleis på hovudet..

 Kult
2959  Forum / Teknisk, teori og praksis / Sv: Hvor mye kan man bredde org. felger bak uten å få probs? på: desember 10, 2007, 13:24:25 pm
Kva er då poenget med å insinuere noko i første omgang..?
2960  Forum / Snikk-snakk / Sv: Tidsriktig tilbehør på: desember 07, 2007, 14:48:47 pm
Spent på linkane til alt dette godteriet..  Kult
2961  Forum / Snikk-snakk / Sv: Nybegynner, eller....? på: desember 07, 2007, 14:46:29 pm
Arbeidshelg, that is..  Trist
2962  Forum / Problemløseren / Sv: Slange til/frå breather på: desember 02, 2007, 00:03:19 am
Det "flotte uttrykket" fekk eg av eit anna medlem på forumet, medan eg undersøkte kva dette skulle kallast. Men så var det tydligvis feil.. Men takk for tipset.
2963  Forum / Snikk-snakk / Sv: Hva slags merke er dette? på: november 29, 2007, 20:11:38 pm
Tofarga?  Gliser
2964  Forum / Problemløseren / Sv: Slange til/frå breather på: november 29, 2007, 18:29:07 pm
Hæ? Det er jo der den kjem ut, vel..? Men TomR saved the day..
2965  Forum / Snikk-snakk / Sv: Beetle Crisis - anbefaling på: november 29, 2007, 11:42:06 am
h4cking skilz. Eller korleis dei no skriv det på nerdsk..  Rekker tunge

2966  Forum / Problemløseren / Slange til/frå breather på: november 29, 2007, 11:36:12 am
Lurer litt på kvar slangen til/frå breather skal gå hen, eg. På enkelte bilar går den frå breather til luftfilter, på andre frå breather og mest truleg ned i "intet"..

Fekk påpakning for dette på EU-kontroll (1'arfeil..) og vil få dette riktig. Men skal den inn på luftfilterboks? Det er ein 66 1300 det er snakk om.. Pr. i dag har eg ikkje slange der i det heile, og baklokket mitt ser dertil ut..

 Hæ
2967  Bruktbørsen / Deler selges / Sv: Kortet balljoint puma selges. Seter til '66 t1 ønskes på: november 29, 2007, 09:17:34 am
Eg har grøne seter til 66. Ulempa er at det ser ut som om ein hest har beita på førarsetet..
2968  Forum / Snikk-snakk / Sv: Die Kastelause på: november 27, 2007, 11:11:34 am
Som i at alle Bobler er rullande prosjekt? Joda, det er forsåvidt sant..
2969  Forum / Snikk-snakk / Die Kastelause på: november 27, 2007, 10:40:51 am
Ein skulle absolutt (kanskje) hatt ein "klubb" for dei klubblause, der ein kan poste litt om sin eigen bil - om ein ønsker det. Medlemsklubbane på forumet er jo forbeholdt dei som er medlemmar, men for oss som har lenger enn til Bergen enn med buss, blir det litt merkelig å vere medlem i Østre Toten Boblelaugarlag eller TVWK..  Gråter

Eller vil Alutig bli med meg og starte VWOGOSOFJ?  Rekker tunge
2970  Forum / Type 1 1968-1979 / Sv: Stol-valg på: november 27, 2007, 10:19:10 am
Men eg kom brått på at eg ramla utom, iom at eg har 66-modell..  Rekker tunge
Sider: 1 ... 97 98 [99] 100
Bygget på MySQL Bygget på PHP Powered by SMF 1.1.20 | SMF © 2006-2008, Simple Machines XHTML 1.0 godkjent! CSS godkjent!