april 25, 2024, 07:52:50 am *
Velkommen, Gjest. Vennligst logg inn eller registrer deg.
Har du ikke mottatt e-post for aktivering ?

Logg inn med brukernavn, passord og innloggingstid
Takk for din støtte!
Nyheter: Velkommen til et samlet VWNorge!
 
  Hovedside Hjelp Søk Logg inn Registrer  
  Vis innlegg
Sider: 1 ... 3 4 [5] 6 7 ... 31
121  Bruktbørsen / Deler selges / Sv: Luftfilter til buss på: februar 27, 2017, 18:40:06 pm
Dette passer ikkje rett på -76. Der skal det vera ein stor svart matboks i plast, med firkanta papirinnsats i.
Denne her passer nok på braketten i early bay. Usikker på -72 crossoveren.....
Så i ein late bay, må du nok tilpassa braketten for å få denne inn Tvilende
122  Forum / Snikk-snakk / Sv: Vis uleste innlegg på: februar 24, 2017, 14:17:58 pm
Det er nok ikke borte, men du kan velge det bort.
Øverst til høyre, på linja med dato og klokkeslett, står det en pluss. Trykk på den.

Sjå der ja!
Der var jo også 'Donate' knappen. Lette etter den ved årsskiftet, utan hell...... Gliser
123  Bruktbørsen / Deler ønskes kjøpt / Masterpumpe til Late Bay *BYTTA TIL MEG* på: februar 21, 2017, 08:29:14 am
Trenger ei masterpumpe snarast.
Nokon som har liggande noko i god stand? Ev pakning- /repsett?
124  Bruktbørsen / Biler selges / Sv: 1975 Sumatragrønn Sika selges på: februar 21, 2017, 08:27:03 am
Den har gått greit gjennom eu med denne rusta du ser på kanalen.
Det er ramma som bærer, og den er 100%.
'Nytt av året' er at utriggarane og jekkfesta har gitt seg, og dei vert rekna som bærande......samtidig som at skjermbuen bak datt av. Då er det kvass kant som eg kan slice fotgjengarane med.

Objektivt sett, så trur eg det holder med ei helg med sveising får å greie EU.

Har nett funne lakkasje frå masterpumpa, så trenger 'ny', om nokon har?!?
125  Forum / Teknisk, teori og praksis / Sv: Bobler og busser som brenner. Hvordan kan vi forebygge dette? på: februar 13, 2017, 08:37:06 am
Er redd for at du har fryktelig rett i akkurat det der Trist
Gjennom det å tyne leverandørane på pris, gjennom ei årrekke, så er dette det forbrukarane får tilbake.

Eg er av den oppfatning at enkelte deler, som blandt anna bensin- og bremsesystem så skal ein aldri gå på kompromiss med kvaliteten.
126  Bruktbørsen / Biler selges / Sv: 1975 Sumatragrønn Sika selges på: februar 12, 2017, 14:48:46 pm
Har oppdatert annonsa litt.
Bumper litt med ferskt bilde, før den går til almuen på finn & face.
[attachment=1]
Nøyaktig 1045 kg askeved + 800kg hengar Gliser
Trilla lett 150km med dette i går. Det er vel eit kvalitetsbevis?
127  Forum / Teknisk, teori og praksis / Sv: Bobler og busser som brenner. Hvordan kan vi forebygge dette? på: februar 10, 2017, 19:24:19 pm
Det har i fleire omgongar vore omtalt bensinslanga av dårleg kvalitet, levert av eit stort firma frå eit land som ikkje har eigen oljeproduksjon ein gong.
Eg vil gså retta søkelyset på skikkeleg kiipe kopiar av anna gummi, som bør vera bensinresistent, påfyllingsslangane.
På min elegante Plokkopp, frå midt på 70-talet, var dei to gummidetaljane mellom tanklok og tank, komme til veis ende for snart tå år sidan.
Jaja, 40 år er ikkje så verst for gummi, som er utsatt for bensin, tenkte kallen, og kjøpte nye.
For å støtta det lokale næringslivet, fall valget på ein av dei store levwerandørane til miljøet.

Delane kom, såg fine ut, og etter noko knoting, så passa også nederste slangen.

Sist veke kom stanken. 20 m etter ei rundkøyring, var bensinlukta så sterk at tårene trilla. Det blei foretatt ein kontrollert stopp på eit dertil egna busstopp, men ingen sprutande bensinstråle var å sjå. Lukta avtok, og eg køyrde heim med ein gryande tanke i bakhovudet.

No har eg pitla ut slangan igjen.
Denne gongen er dei meir sprukne enn dei 40år gamle eg skifta ut:

[attachment=1]

Er vanskeleg å ta gode bilete:
[attachment=2]

Kva tenker vwolket om slikt? Er det greitt?
Eg hadde ein enkel runde på tunet, og det kom ut omlag 1dl på to rundar med fullt rattutslag.....

Kvifor kan me ikkje få like god kvalitet på gummidelane, som for to generasjonar sidan?

Er gummiindustrien pålagt miljøkrav som øyder kvalieten?
Er det spedd på med gamle bildekk i produksjonen, for å få ned kostnadene?

Kor kjøper de andre kvalitet??
128  Forum / Forumexpressen / Sv: Bergen til Østlandet på: februar 09, 2017, 15:32:26 pm
Eg har plass frå Askøy til Voss på laurdag morgon....om det hjelper
129  Forum / Prosjektgarasjen / Sv: Tenåringen som skal på europatur! I 2019... på: februar 06, 2017, 10:12:57 am
Etter mammas krav om belter for å ha med flere passasjerer ble det idag innstalert  Øyerulling


Fant 0.5x3cm med rust i kanten av der skjerm møter karosseri. Håper det er noe lett som kan bli tatt med resten Glad

Denne monteringa av rullebelte vil medføre 2'ar på EU.
Inni rullebeltet er ei lita vekt, som låser beltet når du triller på taket. Denne vil ikkje fungere med slik montering.
Antar det står litt om det i monteringsanvisningen din Blunker

Eg har sjølv ettermontert rulelbelte, og nesten gått i samme holet.
130  Bruktbørsen / Biler selges / Sv: 1975 Sumatragrønn Sika, vurderes....... på: januar 31, 2017, 12:47:42 pm
Eventuelt salg er utan ved og hengar Gliser

[attachment=1]

Litt av den mest alvorlege rusta
[attachment=2]

...og av den litt mindre alvorlege
[attachment=3]

Fleire bilder kan komme til å dukke opp
131  Bruktbørsen / Biler selges / 1975 Sumatragrønn Sika selges. *Trekker denne frå salg* på: januar 31, 2017, 11:40:31 am
Har i lengre tid lurt på om eg faktisk må byte bil.
Så no har eg bestemt meg. Det blir salg.

EDIT;
Har ombestemt meg, då ein velvillig skjel i vw-miljøet har kapasitet til å sveisa Osteaktig
Så tusen takk for at du stiller opp!
Då kan eg jo fortsetja med å trilla rundt i denne fantastiske kreasjonen i enno nokon år Kult



Legg derfor ut her først. Det skal lønna seg å vera på forumet. Så får det heller bli finn &face, om ingen hiv seg på. Om interessa uteblir får eg heller sette den til sides til eg får anledning å sveise sjølv........

Gjekk fint gjennom EU for to år sidan. Etter det er den jevnlig blitt vedlikeholdt; 5000km på fett i forstillinga og oljeskift, samt skifte av forbruksartiklar.


Kort om bilen;
- Registrert, med skilt. Ingen heftelsar av noko slag, pr dato
- OBS! Ein av dei få som er reg for tre personar framme
- 1975 Sumatragrøn, delvis lakka av forrige eigar
- Framstår med godt patinert overflate
- Radio kassettspelar m/autoreverse
- Elektrisk vindusspylar
- Brasilfangere, som kommer til å bli bytt til originale Late style
- 1600 originalmotor er ein gong erstatta med 1300 DP med PICT 34-3 forgassar
- Teljarstand er garantert >160.000km
- Innsveiste senkarar i forstillinga av tidlegare eigar. Forsøkt løfta heilt opp av meg
- Eit hakk senk bak på splein
- Oljelekkasjer på gear, og ikkje heilt tørr motor heller
- Nye bremseklossar framme
- Nye hjullager framme
- Ny foring i hjelpesnekka
- Ganske nye alle 4 bærekuler
- Ny speedometerwire
- Nye håndbremswirar
- Nye SKF hjullager bak
- Nye bremaseslangar bak
- Ganske ny V. bremsesylinder bak
- Ein ny mansjett på drivaksling
- Ganske ny clutchwire
- Ganske ny gasswire
- Ganske ny gummislange til bensinpåfylling
- Nye tennpluggar
- Ny lydpotte og enderør
- Eberspächer BN4 i lasterommet
- Litt sliten frontrute/steinsprang. Ikkje heilt tett heller....
- Frontruta er med tona kant oppe, som ikkje er i siktsektoren, slik reprorutene er
- Litt slitne seter
- Ganske bra mtp bulkar, både karosseri og lemmar
- Absolutt alt teknisk fungerer
- Bensintanken har nett vore ute for tinning og maling i bunn, pga rusthol
- Rust på dei vanlege plassane, som;
  - V. skjermbue framme
  - V. bunn av B-stolpe
  - V. golv i varerom
  - V. kanal, inner til ytter
  - V. skjermbue bak
  - V. innerskjerm bak
  - V. traversar
  - V. gjekkfester
  - V. skalk bak
  - Bakplate på sidene av motorluka
  - H. Hjørne under planet
  - H. skalk bak
  - Batterihylle
  - H. gjekkfester
  - H. traversar
  - H. innerskjerm bak
  - H. skjermbue bak
  - H. kanal, ytter overflate
  - H. bunn av B-stolpe
  - H. skjermbue framme
  - ramme rundt frontruta
  - litt under/bak bensintank
  - skruehull i lasteplan, og bittelitt plateskøytar

Har nye platedeler til;
  - V. skjermbue framme
  - V. kanal, inner til ytter
  - V. skjermbue bak
  - V. traversar
  - V. gjekkfester
  - H. gjekkfester
  - H. traversar
  - H. skjermbue bak
  - H. skjermbue framme

Så har eg brukt i god stand;
  - V. skalk bak
  - H. skalk bak
  - Batterihylle

Det kan vurderes å selge med;
 - Grått komplett kapell i grei stand
 - To originalfelgar med 'vrengt' bane
 - Overhalt 1600 DP motor med Weber 32/36 forgassar
 - Gearkasse med ca 30.000km sidan ny
 - Ny frontrute m/ny deluxe gummilist
 - Alle foringar til gearoverføring, og fremste del i god stand.
 - Vindusheisar i god stand
Desse delane er ikkje for salg separat!


Vil forbeholda meg retten til å forkasta alle (skam-)bud og beholda bilen!
Bilder kommer Glad

Tar imot bud.
Kan bytast i annan luftkjølt Sika, eller i verste fall Doka, der EU er OK eller innan kort rekkevidde. Med mellomlegg sjølvsagt.


132  Forum / Snikk-snakk / Sv: frontruter til barndoor på: januar 30, 2017, 10:50:50 am
Tviler på at Riis greier Barndoor Blunker

Eg fekk laga ny laminert til min Citroen HZ, på mål.
Ingen problem så lenge dei er flate, og det er dei vel på BD?!?

Maila DXF-fil, og henta den tre dagar seinare. Blank og fin, med slipte kantar og alt. 100% fornøgd.

Omlag 1400x350 i størrelse, og kosta ca 1800,- ink.
133  Forum / Forumexpressen / OSLO => BERGEN *LØYST* på: januar 20, 2017, 12:50:50 pm
Nokon som er ute og triller om ikkje so lenge?

Har ein liten fransk motor sentralt i Oslo, som skulle ha vore vestover.........
Betaler frakt sjølvsagt

Send PM helst Glad
134  Forum / Problemløseren / Sv: Hvem leverer punktsveisbor av god kvalitet? på: januar 20, 2017, 08:02:51 am
Eg hadde ein til dels stor jobb i fjor vinter, i samme kategori. Då brukte eg Biltema sin Kobolt HSS sveisebor; http://www.biltema.no/no/Verktoy/Skjareverktoy/Metallbor/Sveisebor-HSS-kobolt-2000018146/ med svært godt resultat.

Den andre sveisepunkt 'fresen' http://www.biltema.no/no/Verktoy/Skjareverktoy/Metallbor/Skjareverktoy-for-sveisepunkter-2000016840/ er ikkje i nærheten på levetid eller anvendelighet.

Bruk god kraft, og lavt turtall, så er denne flott. I tillegg er den god å sentrere, og 'fyker ikkje rundt' slik som den andre har tendens til.

Lukke til Glad
135  Forum / Snikk-snakk / Sv: BUSspotting på: januar 12, 2017, 21:42:36 pm
Utilsikta dual Sikaspotting på beste vestkant i dag!
Til og med samme farge! Kva er sannsynligheten for det, ein torsdag i januar?!?
[attachment=1]

Greidde ikkje å dy meg. Måtte nett ha eit bilde til
[attachment=2]

Eigaren hadde nok stukke seg vekk blandt alle hyllene i etablisementet i bakgrunnen....
136  Forum / Problemløseren / Sv: Plassering av stempelringer i forhold til hverandre på: januar 09, 2017, 08:54:37 am
På desse bilane våre er det 'flytande' stempelringar. Dvs at dei gjer som dei vil etter 20.000km
Så lenge ein har to kompresjonsringar og ei oljefjør/skrapering, så kan ein montera dei med 120grader mellom opningane.
Eg praktiserer også at eg ikkje plasserer nokon av opningane ned, sidan me har liggande sylindrar. Tenker det er greit.
Det aller viktigaste er at dei vender rette sida opp!

Har aldri hatt nokon problem med dette  Glad
137  Forum / Problemløseren / Sv: sliping av vindu på: januar 03, 2017, 08:02:53 am
Er det mulig å fjerne sprut fra vinkelsliper på glass? Kjøpte et par Bay ruter av en her for en stund siden. Pakket de ikke opp før igår, var fulle av fastbrent stål 😠
Kvar enkelt liten stålpartikkel vil ruste.
Eg har fjerna partiklar på mine bilar ved fleire anledningar. Då har eg brukt ein heilt rett og kvass sikling. Det funker fint, utan å øydelegge meir.
Det merket som den glødande stålpartikkelen har lega er det ingenting å gjera med Tvilende
Så om dette er i siktsona, så er rutene dine boss, desverre.
138  Forum / Prosjektgarasjen / Sv: 66 Panel - Mørketidsprosjektet... på: januar 02, 2017, 11:01:29 am
Har begynt å demontere forstilling og spindler for samme jobben. Alt er noe j.... innsauset i tectyl og gammel skit. Har fjernet det meste mekanisk, nå ligger det i et dieselbad og godgjør seg. Håper resten går lettere i morgen.
[attachment=1]
Fortsatt flott tråd dette her!
Om/når du får vekk mesteparten av grapset på forstillingsdelane, så vil eg anbefala kaustik soda for å få eit fettfritt og utruleg reint produkt.
På grove ting av støypejern/smidd, er det den billegaste og bedagelegaste måten å få det reint på.
Kokande vatn, god stamp, og rikeleg med kaustik(1 boks pr 10liter). La det ligge til vatnet er kaldt, skyll av, så er det klart!

Obs; Det må aldri vera innblanda ting av magnesium, alu etc.......
Bruk ordentleg med verneutstyr, for dette er farlig!

Venter på oppdateringer Glad
139  Forum / Problemløseren / Sv: sliping av vindu på: januar 02, 2017, 09:12:00 am
Om det kun er slitasjestriper (tynne lysegrå) som du ikkje kan kjenna med naglen, så kunne dei slipast/polerast.
Eg finn ingen som sliper slitne ruter lenger her i Bergen i alle fall. Etter det dei seier er det ikkje lenger lov å slipe frontruter(etter 01.01.2014?), og då forsvann tjenesten.

Kan du kjenne stripene med naglen, er dei for djupe, og kan ikkje slipast/polerast.

Vil jo tru at fleire verkstader sitter med utstyret fortsatt, men å finne dei.........

Om det er herda ruter som er heilt plane, så ville eg forsøkt med ein stor glassmester. Elles er det ikkje fryktelig dyrt å få laga nye laminerte plane ruter...... Eg fekk nett laga ei ny frontrute til ein gammal bil. Kosta 1800,- ink mva
140  Forum / Snikk-snakk / Sv: Boblespotting på: desember 27, 2016, 21:35:39 pm
Mørkeblå cab i fint driv rett vest av Kristiansand, i dag 27.12
Det må vel vera entusiastisk!?! Osteaktig
141  Forum / Snikk-snakk / Motoroppgradering T2 på: desember 26, 2016, 20:39:11 pm
Vurderer sterkt ein Late T2 som i følge SV har 1600 motor.
Utfordringa er at på eit tidspunkt er det sett inn ein 2,0 t4 motor.

Spørsmålet mitt er derfor; Er det eit problem å få inn i vognkortet?
Bremsar og oppheng er jo likt på alle Late?!?

Nokon med relevant erfaring her?
142  Forum / Snikk-snakk / Sveising av drivaksling på: desember 24, 2016, 13:33:38 pm
Dette er eit i-grenseland-emne, då det er vwannkjølt, men sidan det er julekrise prøver eg likevel.
Havarerte ein splein på drivakslingen i natt, 40mil heimanfrå  Tvilende
Treng derfor 6minutt med sveising mellom spleins på kassen og på drivakslingen.
Nokon i Arendal-Grimstad som har eit pinneapparat å leige i nokon minutt?
Dette må sveises på bilen, og den er derfor ikkje køyrbar.
143  Forum / Snikk-snakk / Sv: På gjengrodde stier fortsetter..... på: desember 19, 2016, 08:34:33 am
Ohoi!
Ein ekta Penta-S

Skikkeleg
Sliten
Sponfylt
Sika i
Skogen

 Gliser Gliser
144  Forum / Snikk-snakk / Sv: Dekk dimensjon til bussen? på: desember 19, 2016, 08:30:47 am
C-dekk er 'varebildekk' = 8ply = 8 lags dekk.
Dette er dekk med ei vesentleg stødigare stamme enn vanlige personbildekk, som kun her 4 lag. Dtte er enno viktigare når ein køyrer 'ballongdekk' som 65-110 profil er. T2 er vel ikkje mest kjent for sin fantastiske retningsstabilitet.....

Lastindeksen er knytt opp mot aksellast, ikkje måten dekket er konstruert på.
På våre gamle køyretøy er det eit konstruksjonskrav til 8-lags, då det automatisk var det sterkaste den gongen bilane var nye.
I dag er kravet retta mot kapasitet.

I vognkortet mitt står det 1300 kg aksellast. Går ein i tabellen er LI på 93 = 650kg, som gir 1300kg på akslingen, og er altså 'innafor'
Eit 8 lags dekk vil alltid være meir stabilt å køyra på med tunge køyretøy, som gjerne ein Westy er. I tillegg er dei vesentleg betre mtp mekanisk skade som ujavnheiter, stein, fortauskantar ol.

Eg køyrer 8-lag, og ville aldri hatt anna. Meiner LI er 96 på dei eg har no.
145  Forum / Snikk-snakk / Sv: Meir rulle- og kulelager på: desember 18, 2016, 10:34:15 am
Er imponert at 11 har vore å sjekka kulelagra mine før kl 10.00 ein søndag før jul  Osteaktig

Uansett. No har eg pitla sund lagra.
Dei sat flott på akslingen. Ikkje noko bevegelse/rotasjon der nei. Heller ikkje i hub'en kan dei ha rotert, utifrå kor dei hang, og merka inni
[attachment=1]

Derimot så fann eg noko 'spennande' på ytterringen på ytterlageret.
Det ser ut for å ha blitt 'utvalsa'. Litt vanskeleg å ta gode bilder, men det blei no slik;
[attachment=2]
[attachment=3]

Så der er nok ein av grunnane til slakk.
Det inderste lageret er eg ikkje kar om å kjenne slakk i, i det heile.

Finn ingen synlige merker Nokon plass i huben heller.
Brukte greit med kraft for å drive ut begge lagra.
146  Forum / Snikk-snakk / Meir rulle- og kulelager på: desember 18, 2016, 08:32:29 am
For ikkje å kuppa tråden til andre, får eg rabla litt i min eigen.
Som sagt har andre tipsa om SKF lager http://www.vwnorge.no/index.php/topic,70191.0.html
Det er flott.

Eg skreiv litt om min anskaffelse av 'høgkvalitetslager' der. No tenkte eg å evaluera dei, ifm montering på Plokkopp'en.

Dei som sitter der, var nye på sist EU. Juni 2015 og 144.000 km. Det betyr at dei er køyrt i underkant av 15' km. DET er lite for hjullager.
Ved tidlegare måling, var det omlag ei cm slakk mellom felgkanten og ut til skjermbogen.
Reiv av litt i går, og har då målt mellom skjermkanten og stubakslingen. Det er litt vanskeleg å måle å ta bilde samtidig, men her er det eg greidde å få til når eg løfter akslingen
[attachment=1]

Så drar eg den nedover g måler igjen.
[attachment=2]
Etter det eg greier å sjå, skulle dette bli rett i overkant av 2mm.

Tok av støvkappa, og fjerna litt grease, og hylsa ligg støtt på akslingen, men mellom hylsa og rullane er det fri bevegelse.
Kjenner det er ganske så romsleg på dei nye SKF/ CZ lagra også.
River vidare, så får me sjå kor det går
147  Forum / Snikk-snakk / Sv: T1 T2 Forvarming - eksosvarme på: desember 16, 2016, 20:21:25 pm
Måtte gnage av mykje av det gamle forvarmingsrøyret
[attachment=1]

Så måtte det slipast litt på det nye
[attachment=4]

Deretter blei det grovtilpasning av manifoilden
[attachment=2]

Ser ut for at det m finslipast litt til før det er heilt 100
[attachment=3]

Men ganske bra, i mine auge. Vesentleg mindre arbeid enn eg først hadde forestilt meg Osteaktig
148  Forum / Snikk-snakk / Sv: T1 T2 Forvarming - eksosvarme på: desember 16, 2016, 20:16:14 pm
Tja......
Kan jo hende det kan gå dette her
[attachment=1]
Lett å kløyve aluminiumen i alle fall
149  Forum / Snikk-snakk / Sv: T1 T2 Forvarming - eksosvarme på: desember 16, 2016, 17:03:10 pm
Då er eg begynt på å skamskjæra manifoildar. Så får me sjå kor det endar......

[attachment=1]
Det er desse to som eg håper kan komme til å vokse saman til ein.
Her er det 24mm forvarmingsrør.
150  Forum / Teknisk, teori og praksis / Sv: BILDE av bakre kjøleblikk på earlybay på: desember 16, 2016, 06:23:48 am
Er du heilt sikker på at ikkje Early er lik som boblene?

Description
Quality EMPI product. Rear engine tin set. Ideal for all upright aircooled VW engines. Fits VW Beetles from 1960 to 1970, VW T2 Split Screens from 1950 to 1967 and VW T2 Bays from 1967 to 1971. Please Note: Will not fit T2 Bays from 1972 onward.

http://www.justkampers.com/vw-t2-bay-window-parts/t2-bay-engine-parts/cooling-system/043119527-rear-engine-tin-for-all-upright-aircooled-vw-engines.html

Trur Justcampers er ueinig med deg der.....  Blunker
Sider: 1 ... 3 4 [5] 6 7 ... 31
Bygget på MySQL Bygget på PHP Powered by SMF 1.1.20 | SMF © 2006-2008, Simple Machines XHTML 1.0 godkjent! CSS godkjent!