april 25, 2024, 18:03:54 pm *
Velkommen, Gjest. Vennligst logg inn eller registrer deg.
Har du ikke mottatt e-post for aktivering ?

Logg inn med brukernavn, passord og innloggingstid
Takk for din støtte!
Nyheter: Velkommen til et samlet VWNorge!
 
  Hovedside Hjelp Søk Logg inn Registrer  
  Vis innlegg
Sider: 1 2 3 [4] 5 6 ... 31
91  Bruktbørsen / Deler selges / 1 Bremsetrommel Late Bay på: november 03, 2017, 20:19:31 pm
Skal ha vekk denne trommelen. Nokon som treng?

[attachment=1]
92  Bruktbørsen / Deler ønskes kjøpt / Sv: as41 blokk i god stand på: november 01, 2017, 20:40:13 pm
Fann merkinga.
Den eg tenkte på var desverre AS21, og er med veiv/stakar og kamaksling. Delt, og forsøkt satt sammen igjen, av sønn til forrige eigar.,.......

Har også ståande ein 1600DP motor med motornummer AS.......
Greier ikkje å sjå kva moorkode den blokka har, då den står enno lenger ned i haugen. Håper den kommer fram over helga. Den er 'komplett' men utan innsug, dynamo og fordelar. Står fast nett no........ukjent historikk
93  Bruktbørsen / Deler ønskes kjøpt / Sv: as41 blokk i god stand på: oktober 30, 2017, 13:53:33 pm
Fann den blokka eg meinte at var AS41
Men finn ikkje 'AS-koden' !?!? Var det ikkje under støtstengene på høgre sida det stod??
Finn delenummer og Brazil og litt til.........
94  Forum / Snikk-snakk / Sv: Forslag til enkelt sveiseapparat til bil i 3-4000 kr klassen? på: oktober 27, 2017, 07:58:31 am
Den store flotte Kemppi'en min knelte midt i sveisinga. pga dårleg deletilgong på så gammal redskap sprang eg og kjøpte eit Esab på Jula.
https://www.jula.no/catalog/verktoy-og-maskiner/sveising-og-lodding/sveising/mig-mag-sveiseapparater/mig-sveiseapparat-210045/
Dette fordi eg ville ha ei 'merkevare', og ikkje dei blå......

Det var på tilbud då eg kjøpte det (2 år sidan?) så eg betalte 2990,- Ser det er noko dyrare no......
Heilt enkelt og ukomplisert apparat til hobbysveisar.
Sidan eg er så bortskjemt, så sleit eg mest med at strauminnstillinga kun var av typen 1-2-3-4, og ikke trinnlaus. det er vel einaste ankepunktet eg har.

Selde det då eg var ferdig, og Kemppi'en kom heim att, og fekk pengane igjen Osteaktig
95  Bruktbørsen / Deler selges / Sv: 14' Bussfelgar med vrengt bane på: oktober 26, 2017, 21:26:09 pm
Ja, då fekk du tilslaget Stig Morten.
Du får senda ein Pm, så er det snart (h-)jul i trønderlagen
96  Bruktbørsen / Deler selges / Sv: 15' tette 5x205 boblefelgar på: oktober 26, 2017, 18:42:54 pm
Mnjei..... Nesttun er ikkje heilt i mi lysløype, men Hans køyrer vel den vegen?!? Han har trua med å hente noko anna skrammel her, denne helga.......

Så om han hadde hatt plass så hadde jo det vore enkelt.

Elles takker eg for tilbudet om både sparking og kaffi, så det får eg ha til gode Blunker
97  Bruktbørsen / Deler selges / Sv: 15' tette 5x205 boblefelgar på: oktober 25, 2017, 18:34:03 pm
Meiner eg ga 700,- for blåsing og sink på BBO. Håpte på eg skulle få 500,- av dei tilbake Tvilende
98  Bruktbørsen / Deler selges / Sv: 14' Bussfelgar med vrengt bane på: oktober 23, 2017, 20:28:34 pm
Svarar PM her:
Det står D14x5,5 på dei, og når eg måler innpress med meterstokk, så får eg den til å bli ca 8mm. Det er positiv innpress innover mot midten av bilen, var det ikkje??
99  Bruktbørsen / Deler selges / Sv: 15' tette 5x205 boblefelgar på: oktober 23, 2017, 20:24:24 pm
Omsider såpass langt framme i husken, at det blei gjort.
Det står 4Jx15 i tillegg til VW merke på dei.
100  Bruktbørsen / Deler ønskes kjøpt / Sv: as41 blokk i god stand på: oktober 23, 2017, 07:00:50 am
Kva er prisleie for ei slik blokk om dagen?
Trur gjerne eg har ei i god stand liggande, som skal vekk, så snart eg har fått gravd meg ned i den haugen......
101  Bruktbørsen / Deler selges / Sv: 14' Bussfelgar med vrengt bane på: oktober 23, 2017, 06:56:51 am
Tja....
Etter 4 dagar utan bod i det heile, så hadde eg ikkje rekne med to samme dag.
Så skal me gje dei som stadig sit på gjerdet fire dagar til?

At det blir Torsdag kl 21:00, og med den sedvanlege 5-min regelen? Då får eg dei gjerne ut av huset før helga  Gliser
102  Bruktbørsen / Deler selges / Sv: 15' tette 5x205 boblefelgar på: oktober 18, 2017, 12:40:00 pm
Tja......
Smale & mykje?!?

Skal sjekke så snart eg er nedom igjen.
Står det nokon plass, eller må eg metra sjølv?
103  Bruktbørsen / Deler selges / 14' Bussfelgar med vrengt bane. *SOLGT* på: oktober 17, 2017, 11:46:38 am
Har to slike felgar for salg.
Trur dei er ganske bra mtp kast osv. Ikkje eg som har sveist her
Standard breidde, så passer på Late Bay

Kom med bud  Glad

[attachment=1]
104  Bruktbørsen / Deler selges / 15' tette 5x205 boblefelgar *SOLGT* på: oktober 17, 2017, 11:41:35 am
Har 4 stk slike.
Sandblåste, og coata med Jotun Zink-Epoxy.
Litt grov overflate, men ser ganske så rette og fine ut.

Kom med skapelege bud Blunker

[attachment=1]
105  Bruktbørsen / Deler selges / 1300 Boblemotor 1966 *SELD PÅ UNDER EIT DØGN* på: oktober 17, 2017, 11:26:37 am
Har ein urørt 6V 1300 SP motor med motorkode E0, frå 1966.
I følge theSamba, så er;
F0  1966-1970   1300cc 40bhp DIN, 50HP SAE
Motoren er mulig å tørne, og eg finn ingen endeslakk.
I følge forrige eigar var den kvikk & rask, men blei bytt ut med ein 12v motor på begynnelsen av 90-talet.
Forgassaren er 30 PICT-1
[attachment=1]

[attachment=2]

[attachment=3]

[attachment=4]

Nokon (andre) som har akutt samlemani?
Motoren SKAL bort, så alle bod over ein pakke bokstavkjeks blir vurdert.

Elles er der fasinerande med theSamba;
Feb F0 594 000    
Mar F0 684 880


Så om ein lineærinterpolerer, så finn ein at denne motoren er produsert på formiddagen 26. februar 1966
106  Forum / Forumexpressen / Seljord => Bergen. Ordna av Posten på: september 19, 2017, 11:03:15 am
Nokon som skal vestover, og kan ta med ein mopedmotor, i næraste framtid?
107  Forum / Problemløseren / Sv: ettermontering belter. T2 kombi 1979 på: september 04, 2017, 09:09:22 am
Den blå som eg hogg, var det massevis av belter i.
Meiner det var nokon beslag som var skrudd fast i fabrikkgjenger ca midt under den bakerste ruta. 3-punkt på sidene, og hoftebelte i midten.
tilsvarande beslag og stropper i fabrikkgjenger i framkant av 'motorkassen'.

Selde heile settet til Haugesund? meiner eg.

Her er bilde av festene til fremste seterekka;
http://www.vwnorge.no/index.php/topic,33543.30.html
Bilen var svensk polis -77 mod.

Har ingenting igjen av den, meiner eg.... men skal sjølvsagt dobbeltsjekka
108  Forum / Snikk-snakk / Sv: Dekk dimensjon til bussen? på: august 21, 2017, 07:54:13 am
Michelin Agilis i dimmensjon 195/70 15 C ble lagt på.
Jeg husker ikke innpresset på disse felgene, men det går såvidt innforbi skjermkanten.

Godt valg!
Har køyrt Agilis i 10 år/250.000km på Caravellen. Sommar som vinter!
Suverende eigenskaper, og det einaste varebildekket eg har funne som har open skulder = god transvers drenering!

Flott bil i rett høgde Osteaktig
109  Forum / Problemløseren / Sv: Finner ikke ut hvor bryter til ryggelys skal monteres på: juli 31, 2017, 11:17:44 am
Standard VW med blindplugg der. Ryggelys er(les;var) ekstrautstyr, sjølv med kvite felt i baklysglasa.
110  Forum / Problemløseren / Sv: Forskjell på klipps til felg?? på: mai 23, 2017, 07:04:45 am
205 er diameteren på sirkelen hjulboltane er plassert i. 5 er antall boltar.......
Altså dei gamle felgane med det kantete stooore holet i senter Blunker
111  Forum / Prosjektgarasjen / Sv: Viljar sin splittbuss på: mai 10, 2017, 05:32:57 am
Det forekommer meg at eg har sett bedre objekt for restaurering......
I forhold til hola, så bør jo håpet vera stort nok?!?

Flax at du har hatt noko å øva deg på då, med greit store hol  Gliser

Det er berre å investera i meir plater og gass, så stå på! Kult
112  Forum / Snikk-snakk / Sv: BUSspotting på: mai 10, 2017, 05:25:19 am
Slett ikkje verst, men trur eg foretrekker dei hoppande ville hestane baki, på min......  Rekker tunge
113  Forum / Prosjektgarasjen / Sv: 68 transporter, nybegynner... på: april 20, 2017, 22:55:40 pm
Slit'an med flott karjol!

Når det gjeld sveisetråd og T2, så er vel ein av Tistlo's gamle ganske detaljert. Den tar for seg dei mest vanlege rustfellene på desse bilane.
Stort sett samme kjeksen om det er Sika/Doka og buss/varebil
Her er tråden, med bilder; http://www.vwnorge.no/index.php/topic,18580.30.html

Det aller viktigaste er å jobbe med ein ting om gongen, og ikkje rive i filler alt på ein gong. Då krever det ekstrem tolmodigheit å få det saman igjen. Det er i alle fall min bitre erfaring!

Enjoy  Blunker
114  Forum / Teknisk, teori og praksis / Sv: Weber DGEV 32/36 på: april 05, 2017, 12:43:06 pm
Ja, den har vore originalmontert på masse fordar, alt frå Capri 1600 til 6syl Mustang.
Samme type blir levert av Redline som 'trimsett' for dei fleste luftkjølte. (og til det meste anna også)

Så forgassaren er svært universell, og har eit godt omdøme. Valgfritt om ein vil ha vannstyrt, manuell eller elektrisk choke.
Men det var dette små dekselet då. Finn det heller ikkje på delelister (jmf Misab-linken din). Kun eit par bilder på nettet som viser det også. Heller ingen bilder med slangen tilkobla.

Lurer mest på om eg kan/må plugge holet, eller kva morsomme funksjonar dette har......

Elles er det rett som du skriv, progressiv, som gir bedre økonomi, og jamnare pådrag. Sendte mail til Misab i fjor, utan noko respons. Derfor eg tenkte det var einkvan mekke-mikkel her inne som hadde snubla over denne tidlegare Blunker
115  Forum / Teknisk, teori og praksis / Weber DGEV 32/36 på: april 04, 2017, 08:46:19 am
Står og klorer på ein forgassar som eg tenkte å bruke.
Der lurer eg på eit lokk med ein membran og ei fjør under. Finner ingen forklaringar på nettet. og lurer på kva det skal vera godt for, og ev kor den skal koblast til?!?

Har to deleforgassarar, og dei her aldri hatt dette loket....... Dei fleste bilda på nettet viser også utan lok. Så eg lurer på om det er noko særskilt for akkurat denne biltypen forgassaren opphaveleg kom frå?

Antar at det er fleire på forumet som har rota rundt med desse tinga?

Loket er merka med raud pil her;
[attachment=1]
116  Forum / Teknisk, teori og praksis / Sv: olietemp sensor pladsering? på: mars 25, 2017, 22:34:58 pm
Oljetemperatur ville eg ha plassert i oljeflowen ein plass. Gjerne i lag med filter. Ville ikkje hatt den i lag med oljetrykk, då det er eit 'blindspor' er ingen olje som passerer....... Aller best ville vel vore i oljegalleriet, men det er vel vanskeleg å gjennomføra?!?
117  Forum / Teknisk, teori og praksis / Sv: Hjullager T2 - Liv og Læra på: mars 24, 2017, 14:35:31 pm
Dei fleste andre som har rota rundt med desse hjullagra, har gjerne gjort det ifm EU-godkjenning.
Samme gjorde eg også for to år sidan, då den skulle gjennom. Det enda (sjølvsagt) med at eg måtte byta lagra, for dei var heilt utslitt i følge kontrolløren.
Nye sett blei bestillt, og alt blei skifta og pakka med godt fett.
Kontrolløren var slett ikke fornøgd, og viste meg slakken med meterstokk frå felgen og ut i skjermbogen. Det var 5mm+
Kontrolløren henta ei 46mm pipe, latmannsarm og ein røyrstump, og skulle visa meg kor viktig det var å stramme ordentleg til på desse bilane.
Han greidde eit hakk til på kronmutteren, men resultatet var nøyaktig det same. Eg hadde heldigvis med meg dei gamle, så det blei godkjent under tvil.

I haust fekk eg ein guffen uuuuling på venstresida bak. Jekka opp, og slakken var omlag den same 6-7mm.
Litt lei av slarkete lager utan både nummer og fabrikant på, gjekk eg til anskaffelse av lagerkit frå ein stor svensk kulelager fabrikk. Det blei levert av eit internettfirma i Tyskland, og forventningane var skyhøge.

Dagen kom, og eg rigga meg til i garasjen, og reiv sund.
No har eg jo vore relativt aktiv langs landevegen i over 30 år, så ein del mekking har det jo vore.
Kan ikkje erindra at eg har sett ein lagerbane som ser slik ut før;
[attachment=1]

Ulinga var nok velbegrunna.
Dette er rullelageret ytterst.

Det er no at eg høyrer alle som seier at det lageret må ha rotert i huset. Akkurat det har eg ikkje tru på, då det såg slik ut før eg gjorde det reint;
[attachment=2]
Dette er kulelageret som ligg inderst.


Det nye lagerkitet blei montert, og tilstanden skulle vera sikra.
Skuffelsen var til å ta og føla på, då eg målte 4-5mm slakk fortsatt.
Ulinga forsvann, men resultatet var ikkje i tråd med forventningane Tvilende
118  Forum / Teknisk, teori og praksis / Hjullager T2 - Liv og Læra på: mars 24, 2017, 12:30:17 pm
Har fleire gonger tenkt at eg vil ytra meg om dette temaet, og vonar at andre hiv seg utpå. Den er ikkje så tjukk denne isen, men himmla glatt....
Som enkelte gjerne har fått med seg, så har eg i tid og utide spamma andre sine trådar med desse hjartesukka.

I mitt tilfelle er det Late Bay som er i hovedfokus, men tidlegare modellar er vel relativt like?!?

I første omgong vil eg gå til angrep på hullagra bak. Tidlegare har det vore kommentert faktorar som;
- Alltid skifte hylsa mellom lagra når ein skifter lager. Bruk original VW
- Alltid bruke hjullagerfett frå annerkjente leverandørar som Castrol etc
- Utøve maksimal vold på mutteren, for å oppnå dei etterlengta 450Nm
- Kjøpe lager av den og den forhandlaren/leverandøren

For å hjelpa til med forståelsen, så er dette hovedkomponentane (på LateBay);
[attachment=1]

Her er det pos nummer 25 og 27 som er primærutfordringa.

Når ein går til anskaffelse av eit rep.sett, så kan det sjå slik ut;
[attachment=2]

Pos nummer 25 er det store lageret til venstre, som er eit vinkelkontaktlager. Det er dette lageret som tar alle aksiale krefter, i tillegg til radielle.
Lageret er hyllevare hos dei fleste maskinforretningar, og koster eit par øl.

Pos nummer 27 er det små rullelageret til Høgre. Her er den innvendige lagerbanen laus. Dette lageret tar derfor kun radielle krefter.
Lageret finn eg ikkje i lausvekt hos maskinforretningane.

Tetningsringane er like, og skal monterast med fjøra inn mot lageret.
Saksesplinten er vel sjølvforklarande.

Slike kit kan raskt handlast hos norske delepusharar, eller frå den store verdensveven.
Desse kita varierar noko i pris. Omlag 3-gongen.
119  Bruktbørsen / Deler ønskes kjøpt / Sv: 15" tette stålfrlger med 5x205 på: mars 24, 2017, 11:58:01 am
Har eit sett slike felgar, som er sandblåste og grunna med Jotun zink-epoksy.
Tenker dei må haldast samla.
Det kreves litt stell med overflata for å få dei 100% men meiner dei er i ganske god stand.
Bilen dei skulle monterast på, er borte. Er derfor open for bod, men eg gir dei ikkje bort.......

[attachment=1]
120  Bruktbørsen / Eksterne salgs linker / Sv: Røverkjøp på: mars 23, 2017, 08:45:38 am
Del prisen på (PI)2  Osteaktig
Sider: 1 2 3 [4] 5 6 ... 31
Bygget på MySQL Bygget på PHP Powered by SMF 1.1.20 | SMF © 2006-2008, Simple Machines XHTML 1.0 godkjent! CSS godkjent!