april 20, 2024, 05:00:34 am *
Velkommen, Gjest. Vennligst logg inn eller registrer deg.
Har du ikke mottatt e-post for aktivering ?

Logg inn med brukernavn, passord og innloggingstid
Takk for din støtte!
Nyheter: Velkommen til et samlet VWNorge!
 
  Hovedside Hjelp Søk Logg inn Registrer  
  Vis innlegg
Sider: [1]
1  Bruktbørsen / Deler ønskes kjøpt / 6v startmotor på: juni 07, 2019, 20:47:12 pm
Hei!
Ynskjer å kjøpe startmotor, 6v til 66 modell.
 
Helst i sør-Rogaland!

Helsing,

Njål Tengesdal
2  Forum / Problemløseren / Sv: Problemer med starting av motor på: juli 21, 2018, 20:23:03 pm
Hei igjen!

Eg har no plukka ut startmotoren og testa denne. Spolen virkar fint, og slår ut tannhjulet og staget.
Når eg koblar startmotoren til batterispenninga vil ikkje denne svive. Har sjekka jordinga. Då er vel denne kaputt?

Då er det vel berre å få tak i ein ny.

Eg har eit anna spørsmål:
- Det er eit rele (2 stk ser det ut til) som har stått på viftehuset, og vore kopla til spenningsregulatoren (Sjå bilete)
[attachment=1]
[attachment=2]
Dette er vel eit rele, som skal hjelpe me meir stabil start når ein vrir om nøkjelen? mtp, at rele tek for seg svitsjinga av straumen.
Det går vel an å ta vekk denne, og berre direktekople ledning frå nøkkelbrytar (50) rett til spole på starter?
3  Forum / Snikk-snakk / Sv: Leie av bil til brydlaup, Halden på: juni 25, 2018, 13:13:19 pm
bump... Glad
4  Forum / Snikk-snakk / Leie av bil til brydlaup, Halden på: mai 27, 2018, 18:51:29 pm
Hei alle!

Er på utkikk etter ein brydlaupsbil til køyring i Halden (frå Idd kyrkje til festningen) 18 august no i år.

Venligst ta kontakt på pm, viss du har ein bil som kan lånast ut for dagen eller om du veit om nokon som kan vere aktuelle Glad

Alle utgifter vert dekka, samt eit tillegg for bryderiet!

Venleg helsing,

Njål Tengesdal
5  Forum / Problemløseren / Sv: Problemer med starting av motor på: juli 31, 2017, 18:25:05 pm
Takk for gode svar!

Har teke vekk staget i bensinpumpa, og den var nok ikkje problemet då ingenting endra seg i startinga.
Tok deretter å sjekka startmotoren med å forbikople solenoiden. Det gneistra bra når skrujernet kobla saman batteriet og startmotoren, men ingen tegn til liv i startmotoren.
Når eg deretter satte skrujernet mellom tenningskoblinga inn på solenoid og batteri, virka det som om at solenoiden prøvde å dra i gong startmotoren.

Neste steg blir vel å demontere denne og gjere vedlikehald, så får me sjå om dette endrar saka!

Sjekka igjen klaringa på staget i bensinpumpa. Målte 9mm frå topp av pakning i bånn og 12mm på topp. Dette er med ein pakning under bakelitt og ein pakning under bensinpumpa. Både stag og bakelitt har klaring og sit ikkje fast ved montering. Ved å dra rundt veivaksling for hand, spyttar pumpa ut drivstoff.

Har justert fordeleren etter TDC og målt når negativen på coilen slår mot jord, så eg satser no på at startmotoren er synderen og treng litt TLC

Njål
6  Forum / Problemløseren / Problemer med starting av motor på: juli 30, 2017, 22:31:41 pm
Hei!
bil: VW type 1, 1966 mod 1300

Etter å ha montert motoren inn i bilen igjen har eg forsøkt å køyre den igang.
Det eg har oppnådd er at startmotoren dreg veivakslingen rundt og at eg får gnist på alle tennpluggar. Motoren starta ikkje, pga ei ikkje fungerande bensinpumpe som ikkje fekk drivstoffet til forgassar.
Eg gjekk til innkjøp av ei repro pumpe (108 mm, dynamo) og monterte denne med pakningsklaringer gitt i Haynes boka (8mm nedre posisjon og 13 i øvre posisjon).

Problemet: Etter å ha installert den nye pumpa virkar det som at startmotoren ikkje greier å dra rundt veivakslen meir enn nokre gonger (startinga liknar nesten på som om det er flattbatteri). Etter 2-3 gonger er det ikkje noko liv når eg vrir nøkjelen rundt.

Har anskaffa nytt batteri (6v system), men det ser ut til å ikkje forandre mykje.
Greier ikkje heilt å samle tankane rundt kva som kan vere gale her.
El-anlegget er gamalt, og startmotoren kan jo vere gåen? Det er vel det første eg bør sjekke kanskje?
Kan det vere at det er for få pakningar på bensinpumpa, slik at stempelet stoppar veivakslingen å gå rundt?

Tek imot alle tips!

Helsing,

Njål
7  Forum / Prosjektgarasjen / Sv: Sjøblå Boble, 66 modell. på: august 14, 2016, 22:13:04 pm
Takker! Glad


Bambushylla:
[attachment=1]
8  Bruktbørsen / Deler ønskes kjøpt / Sv: bensinpumpe til 1966 mod, haster bittelitt, Jæren/Rogaland på: august 10, 2016, 07:23:36 am
Berre å sende melding til 47881423
9  Bruktbørsen / Deler ønskes kjøpt / bensinpumpe til 1966 mod, haster bittelitt, Jæren/Rogaland på: august 09, 2016, 22:29:36 pm
Hei,
Eg har ei Pierburg bensinpumpe som eg ikkje får til å fungere, skal reise til studiebyen om ei veke og får diverre ikkje gjort så mykje på ei stund.

Har nokon ei bensinpumpe til overs? (helst brukt)
Det kan vere original eller anna så lenge den virker.
Flott om den er på Jæren/Rogaland ein plass, slik at eg kan hente!

Det er den gamle pumpa som hindrar meg frå å kome lengre i oppstarten.

Takk på førehand!

Njål
10  Forum / Prosjektgarasjen / Øppdait på: august 08, 2016, 22:36:12 pm
Då var det tid for ei oppdatering. Blir lenge mellom slaga, når ein studerar i ein anna by.
Sist sleit eg ut motoren, skrudde denne opp, skifta pakninger på diverse deler og fiska opp knust bensinpumpebrakket (!).

[attachment=2]

No har eg fått tak i takgrind (som skal pussast), bambus hylle og fått satt inn motoren som er tåligt overhala.

[attachment=1]

Akseleratorkabel er skifta. Røyret som denne er ført i hadde ein rustplugg, som fekk ny vaier til å stange i.
Fekk slått ein spiker igjennom med hjelp av et 3mm stålstag. I tillegg vart løysemiddel og grease hyppig nytta! Griseri.

Fant ikkje noko tjærepapp til motorrommet, så då vart det diverre billigvarianten, som forsåvidt fungerar godt.
Må få tak i eit tidsriktig motorlokk, innvendige paneler og teppe i bagasjerom og kabin!
Takgrinda må og sandblåsast og lakkerast.

Tips og triks eg kunne trengt:
Er det nokon mal på korleis teppe er innvendig? Slik ein kan kappe eit metervare-teppe til dette? eller må ein berre måle opp å skjæretil?
Slit og med å kunne åpne/lukke spjell på bakre del av varmerøyret (Høgre, festa til motoren), nokon som har tips til korleis ein
får løsna dette?

 Glad
11  Forum / Problemløseren / Sv: Deling av motorblokk... på: oktober 03, 2015, 16:01:50 pm
Takk for svar! Eg skal prøve meg på dynamo tårnet og bunnlokket i fyrste omgang.
Ser fort det at det kan skape meir problem når ein begynner å splitte ei gammal blokk..
12  Forum / Prosjektgarasjen / Sv: Sjøblå Boble, 66 modell. på: oktober 01, 2015, 21:26:41 pm
Litt oppdateringer rundt bilen.
Det røffe eksteriøret er så og seie ferdig, der eg manglar litt detaljar ang. antenne, takgrind o.l!
Arbeidet er og gjort litt ut ifrå forholda som er tilgjengelige  Blunker

[attachment=1]
[attachment=2]

Bilen har så og seie fått tilnamnet "flekken" grunna malingsforskjellen på panseret, då eg rett og slett har vore litt bakpå med å lakkere heile panseret!
(Diverre er det fleire ting på lakken rundt om som må utbedrast, men det kostar ein del pengar og tas med eit seinare stadie!)

Motoren er ute av bilen for overhaling/fiksing.
Så det nermar seg noko etterkvart!

Setter pris på konstruktivt innspel sidan dette er fyrste bilen!
13  Forum / Problemløseren / Deling av motorblokk... på: oktober 01, 2015, 21:19:14 pm
Hei!

Støtte på eit stort problem i sommer ang. skifting av brakett og pakninger til bensinpumpe på ein 1300 motor i bobla.
Sidan motoren har stått ei lita stund, samt at braketten har utvida seg pga. varme i motorhuset var det så og seie
umogleg å løyse denne ut.

Det er gjorde feil, var å banke forsiktig på braketten for å få den til å løsne. Dette førte til at halvparten knakk neri stempelhuset
og falt ned i tannhjula til drivakslingen (sjå bilete)
IMG_1806 by Njål Tengesdal

Så, eg tok likeså motoren ut av bilen for å starte å skrua på blokka for å fjerne desse små delene som ligg nedi der.
Men! Spørsmålet mitt er i fyrste omgang:
- Er det mogleg å køyre motoren, slik at desse små delane nedi der vert knust? Det er jo ikkje metall men hardplast/porselen?

Motoren startar og går, så i utgangspunktet hadde det vore gang på bilen i sommar,  men så kom dette problemet...

Reknar sjølvsagt med eit rungane nei.. men ser ikkje så lyst på å splitte blokka!

Takk for svar!
14  Bruktbørsen / Deler selges / Sv: Dører panser motorlokk til Boble på: juli 23, 2015, 13:32:58 pm
Har du dørpaneler?
15  Forum / Problemløseren / Sv: Demontering av reimhjul på: juli 23, 2015, 13:05:37 pm
Takk for svar!
Då skal eg fyrst sjekke om det er mogleg å skrue av bolten med skrutrekker og fastnøkkel, viss ikkje bestilles avdrageren!
16  Forum / Problemløseren / Demontering av reimhjul på: juli 21, 2015, 23:12:27 pm
Eg lurte berre på om nokre har nokon tips ang. demontering av nedre reimhjul?
Mangler verktøy til å halde igjen (to tapper inn i sidehulla på hjulet - link) hjulet, og lurer på om kamakselverktøy på biltema er godt nok?


Eller er det nokre triks for å låse av hjulet? har lest at ein må låse av svinghjulet bak blokka...
17  Bruktbørsen / Deler ønskes kjøpt / Sv: Dørpanel kvit/beige, foran og bak vw t1 66 på: juli 17, 2015, 14:51:15 pm
- prøvar meg ein gong til
18  Bruktbørsen / Deler ønskes kjøpt / Dørpanel kvit/beige, foran og bak vw t1 66 på: juli 12, 2015, 16:42:03 pm
Hei!
Ynskjer og kjøpe fullt sett dørpaneler (2 foran og 2 små bak) til VW t1 1966 mod.
Dei treng ikkje vere heilt nye, eller særdeles fine. Så lenge dei er heile.

Helst kvit/beige
I Rogaland!

Njål
19  Forum / Problemløseren / Sv: Bensinpumpe, Type 1 boble 1966 på: mars 19, 2015, 08:18:57 am
Gjer denne eit byks oppover på lista
20  Forum / Problemløseren / Bensinpumpe, Type 1 boble 1966 på: februar 24, 2015, 15:15:10 pm
Eg måla i vinter djupleiken ned til akslingen frå bensinpumpeholet, der det skal vere eit stag som styrer innsuget.
Denne lengden vart 9.6 - 10 cm etter å ha rotert svinghjulet.
Etter å ha undersøkt litt er det to lengder på dette staget som skal ned her. 100mm og 108mm

Har nokon ein ide om eg har måla feil, om denne avstanden skal vere større f.eks?
Ynskjer gjerne å kjøpa dette, så viss nokon har den rette stonga hadde det vore flott.
Sjår at den lange typen er mest vanleg for 1300 motorane.
21  Forum / Prosjektgarasjen / Sv: Sjøblå Boble, 66 modell. på: februar 24, 2015, 15:11:17 pm
Hei! Eg trur det vert å senke den litt foran, få montert alle delane (orginale) og få tak i ei takgrind.
Så trur eg bilen i førsteomgang vert slik den er no, mtp. lakk og slik.

Reknar med at sjangeren tippar litt meir over i "Utslitt klassiker" i starten!

[attachment=1]
22  Forum / Prosjektgarasjen / Sv: Sjøblå Boble, 66 modell. på: februar 13, 2015, 18:01:04 pm
Hei igjen!

Har ein liten update på bilen.

Er no på plass i løa til onkelen min, og vil vere relativt nær heimstaden slik at det vert enkelt å fikse!
Kjørt inn i.l.a sommer 2014, høve bilberger jobb hjå Falck Stavanger.
[attachment=1]

Litt skruing.
[attachment=2]

Eg måla i vinter djupleiken ned til akslingen frå bensinpumpeholet, der det skal vere eit stag som styrer innsuget.
Denne lengden vart 9.6 - 10 cm etter å ha rotert svinghjulet.
Etter å ha undersøkt litt er det to lengder på dette staget som skal ned her. 100mm og 108mm

Har nokon ein ide om eg har måla feil, om denne avstanden skal vere større f.eks?
Ynskjer gjerne å kjøpa dette, så viss nokon har den rette stonga hadde det vore flott.
Sjår at den lange typen er mest vanleg for 1300 motorane.
23  Bruktbørsen / Deler ønskes kjøpt / Panser, og dør-interiør på: januar 07, 2015, 19:51:35 pm
Hei,

ynskjer å kjøpe eit brukt panser for ei 66' boble. Lakken treng ikkje å vere fin, berre det ikkje er for mykje bulkar i det.

Treng også interiør til dører i bilen, helst kvit-farga. Bilen er blå.
Førar, passasjer og begge sider bak.

Helst henting på Jœren.

Helsing Njål
24  Forum / Prosjektgarasjen / Sv: Sjøblå Boble, 66 modell. på: mars 02, 2014, 16:29:44 pm
Hei!
Har fleire lykteskal med inntakt glas og kromring, men manglar haldar og koplingsstykkje til lyspære på alle utenom den eine.

Er det mogleg å få tak i dette? Eller kjøpar eg ein del som inneheld lyspære og parklyspære (http://www.jbugs.com/product/6006.html?Category_Code=vw-headlights-bulbs)
25  Forum / Snikk-snakk / Sv: Utleie av bryllaupsbil i Bergensområde (VW Boble) på: mars 02, 2014, 16:00:01 pm
Takk! Har lagt ut ein melding i forumet der og.
26  Forum / Snikk-snakk / Utleie av bryllaupsbil i Bergensområde (VW Boble) på: mars 02, 2014, 14:05:55 pm
Ein kamerat skal gifte seg i sommar, og eg er no på utkikk etter ein staseleg veteranbil som
kan lånast nokre timar/ evnt ein halv dag.

Er helst på utkikk etter ei VW Boble i 60-tals tiåret sidan eg har dette sjølv, men ikkje greier å setje denne i stand til hendinga!
Etter å ha kikka ein del på verdsveven er det som regel berre dyre jaguarar/bentley som vert lånt ut med sjåfør.

Har dykk nokon forslag til enkeltpersonar som kan låne vekk, eller erfaringar med utleieselskap?
Staden det føregår er i Manger på Radøy utanfor Bergen, i juli.
Takk på førehand!
27  Forum / Prosjektgarasjen / Sv: Sjøblå Boble, 66 modell. på: november 09, 2013, 20:43:05 pm
Takk! Forhåpentligvis kjem fargen meir fram når eg får vaska og rubba bilen!

Her er eit innvendig bilete:
[attachment=1]

[attachment=2]


Manglar forresten 2 delar av varmluftsystemet (på biletet i høgre hjørne). Desse "Y" stykkja som spakane med girstonga
styrer spjeldet i.. Viss nokon har liggjande 2 stk kjøpar eg gjerne!
28  Forum / Prosjektgarasjen / Sjøblå Boble, 66 modell. på: november 09, 2013, 18:15:37 pm
Hei!
Har i sommar kjøpt meg ei vw boble 1966 modell, 1300 motor:

[attachment=1] [attachment=2]

Litt historikk (har kopi av det første vognkortet):
Bilen har hatt 4 eigarar. Bobla har hatt ei reise frå Oslo til Hamar, kor eg kjøpte den.
Den var for nokre år sidan på ein verkstad kor varmekanalar og golv var bytta og generell rust vart fjerna,
då og lakkert i original sjøblå farge. Bilen har desverre stått ute ein periode, slik at lakken har vorte falma og bilen har fått litt overflate rust..
Motoren har nok ikkje vore starta på ei stund, men ser at alt av deler og ledningar er på plass (ih.h.t teikningar).

Tar imot alt av råd og kommentarer med glede (!), då eg ikkje har så veldig god peiling på motor.

Planen min er å få tak i deler, fikse utvending rust og gjere bobla komplett!
Sidan karosseriet ikkje har kromlister (monteringshol er sparkla igjen når bilen vart lakkert) reknar eg med at forrige eigar
prøvde seg på ein Cal-look (Bilen har heller ikkje kromlister i vindauga). Bakluka er vel og frå ein 64 mod.

Er særs open for tips til kva "stil" eg burde gå for, med det grunnlaget eg har !
Reknar med at bilen får eit "bruktpreg" føreløpig sidan eg ikkje har råd til heillakkering.

Beklagar litt dårlege bilete då bilen står i ein liten garasje.
29  Bruktbørsen / Deler selges / Sv: Bensinmåler til pre -67 Kastes 2.9.2013 på: september 30, 2013, 11:35:34 am
Hei! Passar denne til boble pre -67?
Isåfall er eg interessert. Er 50kr + frakt eit fornuftig bod?
Sider: [1]
Bygget på MySQL Bygget på PHP Powered by SMF 1.1.20 | SMF © 2006-2008, Simple Machines XHTML 1.0 godkjent! CSS godkjent!