How-To: Karosserivugge til boble

(1/13) > >>

Tistlo:
Ja då er det på tide å få laga ein liten how-to tråd, på noko som eg trur mange entusiastar vil ha glede av! Nemlig ei veldig praktisk karosserivugge til boble! Dermed er du kvitt bukker, karosseriet er lett mobilt og flyttbart. Og ikkje minst: Det er roterbart!!! Du kjem til rundt heile bilen.

Fyrst: STOOR TAKK TIL TOR EDGAR HASSEL /"TEH" FOR HJELP OG SOM TEIKNAR AV ARBEIDSTEGNINGAR! UTAN HANS HJELP HADDE EG IKKJE KLART DETTA
Kravet for å laga denne typen eg har laga er att du har solide støtfangarfester, dvs du vil skifta ut gamle rusta fester før du henger bilen opp i vugga.. Du har ikkje lyst att prosjektet ditt skal detta i bakken og verta skjeivt og bulka..

Også må eg få sagt att denne tråden egentlig er for å motivera folk til å laga seg ei karosserivugge, for denne typen er nødvendigvis ikkje den beste! Men eg tar sjølvsagt med mål og heila pakka for dei som vil lage ei identisk vugge.
Andre festeplasser kan vera bakre karosserifester og forstillingsfester framme. Og hugs for all del: Dette er ein prototyp, så eg har funnet ut eitpar endringar i etterkant, så derfor legger eg til litt tekst til enkelte bilder som ikkje stemmer overens med bilda, så les teksten og ikkje berre sjå på bilda ;)

OK, då begynnar me! Ja forresten her er det mykje bilder så forvent litt tid til å laste opp ;D


Her er det meste av materialet. På bildet ser me:
-2stk 1000mm lange HUP 50*50*4
-2stk 1200mm lange HUP 50*50*4
-2stk 300mm lange HUP 50*50*4 røyr med eitt Ø13mm hol gjennom heile i eine enden.
-2stk 300mm lange Ca. Ø70*4-5mm røyrer med eit Ø13 hol på midten
-2stk 450mm lange Ca. Ø50-60*4-5mm røyrer
-4stk diverse kappbetar med HUP 30*30*4 med lengde ca 600 til 800mm
-3stk vinkeljern på 50*5 med lengde to stk. 800mm og ein stk på 500mm omtrent
-1stk armeringsjern kappbete som skal verta to håndtak til strammeskruer for vugga.
-1stk flattjern 40*10 ca 1 meter lang for diverse oppstivingar.



Her ser me sånn ca den lange dragaren som skal vera "ryggraden" i vogga. den er HUP 40*40*4(helst 5) Den er 4,5meter lang.


Så begynner eg å sveisa. 1,2 meteren i botnen og 1metern på høgkant i midten. Mål in frå begge sider til 1metern står sentrert på den andre. Og ikkje bruk vinkel, sjå lenger nede for ein bedre metode for å få den bein når du skal sveisa :)


Her er ein detalj som er kjekk; Radie på enden av røyret. Eg satt berre stålet i båndsliparen så det vart ikkje nok radie, jo bedre Ø70-80 røyret passer oppi jo lettare å få beint og skikkeleg.


Punkting så heilsveising, og her er den fyrste T-en ferdig. OBS: Sveisane MÅ vera skikkelege ellers vert dette fjasko!


Sånn skal det sjå ut:)


Så plasserer eg 30cm røyret med hol i enden, oppå T-en og sjå vekk frå vinkelen, bruk biltema vinkelmagnet! Kjem lenger nede..


Beten sveist på plass og då har me her grunnlaget for vugga!


Her er Ø70-80 røyra sveist på. 15cm overheng ut samme retning som den 30cm Røyra i bunn. Line opp og punkt fram og bak, så må du sveisa eindel på sidene for å bygge opp pga att radien på firkantrøyra ikkje stemmer med den andre røyra.


Her er røyra på toppen ferdig sveist inkludert mutter og bolt med arm av armeringsjern(jo lenger jo meir kraft) Legg merke til att den gjennomgåande 45cm lange røyra har eit stort hol i enden. Det er vist eg skal dreie rundt karosseriet og det er tungt,så kan eg stikke inn ei røyr der så eg får meir kraft


Sånn, då begynner eg på den andre foten, her ser me att eg har brukt biltema vinkelmagnet for å holda på plass røyra! Veldig hendig på akkuratt denne typen sveisjobb, men ingenting anna hehe. Ja også ser me att eg begynte med den vetle røyra, trur det var lettare sånn.


Det skal henga skikkeleg!


Og der var 1meteren på plass og


Røyret påsveist etter overnevnte oppskrift


Festeskrua påsveist


Og her kjem ein ny del av mesterverket. "Kobblingsplata" påsveist gjennomgåande røyr! Den skal boltast i tilsvarande plata på arm-delen som festast i støtfangarfesta på bilen. Derfor:
Du trenger 4stk 100*100 eller 120*120 * 10mm plater som har Ø13 hol som treffer kvarandre to og to plater. Her kan du med fordel få eit mekanisk verkstad til å laga platene for deg(eller få deg jobb på eit mek. verkstad og gjera det sjølv som eg har gjort.)


Her har me ein veldig viktig del: Nemlig Hjula! Du trenger 4 stk hjul, alle svingbare og alle med brems. Eg fekk tak i 4stk med diameter 200mm(jo større jo bedre) til innkjøpspris! Og godt er det for desse hjula kosta godt over 2000 utsalg, og er det aller dyraste på vogga. Men sjølvsagt: Hjula må tåla ivertfall100kg kvar, men ellers er det å få tak i hjul etter budsjettet.


Så må du laga plater å festa hjula i foten med. Eg hadde ei stor 5mm plata ståande og brukte denne, merka opp rundt og kappa ut med vinkelslipar heima,, tok tid.


Ferdig kappa og ca 1 hekto med metallstøv på golvet.. kappa med 2mm kappskjeva.. Etterpå skal platene bankast beine i anbolt


Sånn her har me då to nesten komplette føtter klare. Me ser her att eg har sveist plata på den andre gjennomgåande røyra. For å få røyra sveist på legger eg plata på golvet, setter røyret på og bruker magnetvinkelen frå biltema. Då vert den loddrett, så måler eg inn frå alle sider og bruker litt augnamål til den står perfekt i midten. så punkting og heilsveising.


Her er platene ferdig borte. Ta desse måla på hjulet: Mål breidden, lengden og diagonalen mellom festehola før du borer med korrekt diameter. Her bruker du med stor fordel søyleboremaskin! Drill er noko møk!


Så har me nye deler! Dette er kneplatene som skal forsterka heile riggen frå å rasa saman. Desse er skåret ut frå samme 5mm plate som eg lagde hjulplater med, dei minste er lika lange som overhenget på festerøyra på foten=15cm og dei to større står det mål på på teikningen som kjem seinare :)


Og etter Mykje sveising ser er eine komt på plass. Dette er den mellomstore den skal i innerste hjørnevinkelen og her er det heilsveising som gjelder, men punkt fyrst for dette flytter seg langt når du begynner å sveisa!


Så har me dei minste platene som skal under overhenget på røyrene.


Her er størsteplata. Den er midt i skjøyten av foten og skal gje støtte både sidevegs og andre retninger. Larvesveising i botn utvendig..


..Og innvendig er den larvesveist langs alle kanter og sømmer, og heilsveist nokon plassar. Det viktigaste er att den heng!!!


Detaljbilde frå høgra sida..


..Og venstre sida.


Og her har me ein ferdigsveist fot! :)


Hjulplatene vart sveist inn ved å måla inn frå begge sider så den står i senter. Sålenge boltane går gjennom hola og hovudet ikkje treff røyra så går det bra!


Og her er ein halvtulling igang med å prøvemontera hjula, og jaudå! Dei passer og boltane gjekk fint gjennom!


Med hjuler


Komplett fot


Komplett fot..


Så meir sveising av kneplater på andre foten...her er minste på plass


Mellomste..


Og største!


Innvendig sveist


Og her er hjulplata påsveist, både under og over, mellom boltane


Sånn, då er dei to ferdig, klar til maling..


Etter avfetting vart det kasta ut noko potesekkje på golvet og eg begynte å mala.. fargen er raud blank hammarlakk og eg anbefalar den ikkje! Dekker dårleg og tørker seint..


Men dei vert jo fine og raude då!


SÅ begynner eg på armen framme! Her har eg to støtfangarfester som eg har kappa av, sånn att det no gjenstår kun ei rett plata, og ikkje alt det der vinkeljernet..


Her har eg kappa av ca 8 cm av kanten på to betar med 50*50 vinkeljern, som skulle visa seg å verta altfor lange.. 30cm er bra lengde ikkje 50 som desse to..


Sånn, så monterer eg festet på bilen og deretter liner opp vinkeljernet og punkter det fast.


Det gjer eg på andre sida og


Også har eg plutseleg to håndtak på bilen! Allerede no tåler dei fint att eg løfter opp bilen og dei er berre punkta.


Så setter eg på plass ein stor vinkel eg har laga av HUP 30mm røyrer. Dei vart kappa 45grader i enden på augnamål så brukte eg biltema vinkelen og sveiste. Så plasserte eg den oppå "håndtaka" og fant dermed ut att håndtaka var alforlange som nevnt.. Eg plasserte vinkelen heilt inne over sjølve støtfangarfestet, kant i kant. Den vart lina opp etter beste evne på augnamål og det stemte bra! Så punkta fast.


Etterpå kappa eg av overflødig vinkeljern


Så har eg kappa opp ein ny bete med vinkeljern som passer perfekt oppi trekanten, den vart punkta på plass


Derpå tok eg ned heile armen og kappa av overflødige endar på firkantrøyrvinkelen og heilsveiste så Alle sømmer kantar og plassar det var nødvendig


Frå ein an vinkel...


Her ser me profilen. Støtfangarfeste med vinkeljern, firkantrøyrvinkel og vinkel på tvers i botnen.


Her gjeld det å sveise alle plassar ein kjem til!


Sveist innvendig i kroken


Så monterar eg opp att heile riggen og liner på plass "kobblingsplata" Her er det veldig vesentleg att denne kjem i senter! OBS: Dette var prototyp, så her bomma eg litt. Plasser plata omlag 15cm over støtfangarfesta for bedre tyngepunkt. for bobla er mykje tyngre i botn enn oppe..


Her ser me og skjøyten på støtfangarfestet..


Påsveist plata,,,,dog på feil plass..


Og dermed er eine sida ferdig:)...


Så begynner eg bak: Her har eg laga vinkelen på samme måte som framme, og me ser att magneten er hjelpsom! Pass på att røyrene vert lange nok


Her er vinkelen punkta på plass oppå like fester som eg laga framme


Her ser me att vinklane/"håndtaka" er for lange og.. samt røyrene.


Kapp vekk forlange endar og sveis på forsterking. (Omtrent der det midterste flattjernet ligg skulle "kobblingsplata vore montert! ikkje oppi vinkelspissen!)


Forsterkingar på plass!


I senter!


Så masse heilsveising, and there she is!


Så tek du med deg alt saman inn på ståvegolvet og maler ferdig fordi du innser att hammarlakk bruker 4veker på å tørka i ein fuktig garasje..


Ferdig!


Og ferdig! :)


Og her er den lange dragaren montert. Måtte bora hol til gjennom den i begge endar Ø12/13, Også her er det kjekt med søleboremaskin og ikkje sånn helsikes møkadrill som eg har! tok meg 1,5timar og bora 4 12mm hol...


Og her har me Karosseriet på plass!!!!! IT WORKS!


..MEN SENTERET PÅ KOBBLINGEN SKULLE VORE FLYTTA NED TIL CA 15CM OVER STØTFANGARFESTA, IKKJE 40CM OVER  SOM DET ER NO! SÅ HER MÅ EG NOK SVEISA EIN VINKEL INNI TREKANTEN PÅ RETT PLASS OG SÅ SVEISA KOBBLINGSPLATA PÅ DEN IGJEN, MEN DÅ FLYTTAR EG JO OG HEILE KAROSSERIET OPP, SÅ DET ER MULIG EG MÅ KAPPE AV DEN VERTIKALE FIRKANTRØYRET PÅ FOTEN EIN CA 45CM OG SÅ SVEISE IGJEN.


Eit dårleg bilde av bakenden


Framme.. Alt må ned..


Og til slutt eit IN ACTION bilde!!! Ja dette er ein VELDIG kjekk investering du ikkje vil angra på om du driver stort som mange her inne gjer! ;D



Sånn dett var dett! Nå veit du korleis du kan laga deg vogga! Men dette er ingen fasit! Tvert imot, det er ein prototyp!
Det kjem seinare arbeidstegningar, og nok ein gong TAKK TIL TEH HER INNE FOR HJELP OG STØTTE OG IKKJE MINST TAKK FOR ATT HAN TEGNA ARBEIDSTEGNINGAR TIL MEG SOM GJOR ATT EG SATT IGANG PROSJEKTET!!! :) :) :)

mvh Tistlo

TEH:
Takker og bukker.

torino 76:
imponerende og godt jobba :) lage en jeg også :)

Pål:
Flott gjennomført og med et funksjonibelt og godt design. Men syns du er tøff som sveiset bakre brakett etter en bil uten bakplate ;)

Superbeetle:
Imponerende både resultat og tråd ;D


Da jeg var hos deg så trodde jeg at føttene med hjul på var noe du hadde kjøpt ferdig et sted, og at oppgaven var å feste de sammen og henge bilen på det.. ::) ;)  Veldig bra!

Navigering

[0] Oversikt

[#] Neste side