Hei, er det noken på forumet som kan mykje om 1200 motorane i femtitallerne...kan ein f.eks gjere noke ekstra med desse for å skremma dei opp i nokre få hk meir, eller gjere noke meir drastisk for å få masse hk?
Eg vil overhale orginalmotoren til ovalen min og derfor skulla eg vist noke meir om dette. (det dreier seg om lite eller meire "trimming")
-gjorde ein forespørsel på eit NOS Judson kit på The Samba, men det kom til å kosta over 50k m frakt å Feedex avg. berre for å få det heim her. So dette vart lagt på is att då. - Det var tider då desse kit,a kosta berre 7 - 8 k
Vel, som sagt er eg mest ute etter å få ein følelse på at motoren er "litt friskare" enn 30 hestaren stock.
ovalt