polarisering er moro vis man ikke har gjort det før
Ja men enkelt, alle burde polarisere dynamoen ved "nymontering" eller dersom batteriet eller el.nettet har fått ein kortslutning.
Eg brukar å si at batteriet har en kald pol, (til gods) og en varm pol (til ledningsnettet) På VW skal det vere pluss til el.nettet (varm pol)
-Polarisering gjøres ved å fjerne dynamoledningane frå dynamoen (gjerne isolere dei) dynamoen skal sitta montert slik den skal forøvrig. Motoren skal ikkje gå ved desse testane.
-Ha ein ledningsstump på eit par meter i lomma og ta opp den å hald den eine enden på "varm pol" på batteriet, og den andre enden til F (felt) på dynamoen, tell til fem (ca 5 sek) og jobben er gjort. "Feltet inni dynamoen" er no snudd til den batteripolen som tilfører strøm til el.nettet.
Dersom ein samtidig vil sjekka om dynamoen vil lade... så kan ein og kontrollere om den er iorden på følgende måte; Fortsatt skal dynamoen sitte montert på motoren og batteriet vere koblet til elnettet på vanleg måte. Men nå skal ein ta av igjen begge ledningane til dynamoen og også viftereima, (slik at reimhjulet spinner fritt) ein skal i tillegg legge ein ledning frå F på dynamoen til gods, å ta opp igjen den ledningsstumpen som ein har i lomma å halda eine enden på (varm pol) men no den andre, til D på dynamoen. - Dynamoen vil nå starte å gå som ein elektrisk motor dersom den er i orden. (derfor må viftereima av ved denne testen) Den vil då også lade når alt er kobla på igjen. Dersom den ikkje sviver..er den defekt.
Ps. Dette gjeld kun for Likestrømsdynamoane.