Dette er ikkje vanskelig, nei. Det som kan vera vanskelig er å få trommelen av, men vist du har ein bruksbil, som ikkje har stått i ro ei god stund, skal dette gå bra

Her er ein "guide":
-Ta ut splinten, og laus bakhjulsbolten midt i navet (kan/skal sitta fast ein del)
-Laus hjulboltar
-Jekk opp bilen
-Ta av hjul
-Skru ut bakhjulsbolten
-Få av trommelen (sitt den fast, så slå på den med ein hammar - på sida og/eller på baksida, for å slå den ut)
-Inni ser du bremser osv... laus fjøra som kjem frå håndbrekket (13mm bolt bak trommelen?)
-På kvar av klossane er det ei fjør med ei skrua i, trykk inn fjøra og skru ut skrua
-Ta av brenseklossane og fjørene som dei heng i
-Legg alt detta på ein plass du ikkje mister noko(og legg det sånn att fjører ligg der dei var, for enkel montering..)
-Laus 4stk boltar rundt akslingen (14mm?)
-Ta av bremseskjoldet
-Pass på alle simmringer, shims og stoppskiver
-Då ser du lageret, halvegs inni akselrøret, ta vekk shimsen frammom hjullageret
-Finn ei stoor tang/tång eller lageravdragar og jobb i veg.
Lageret pleier å sitta ein del, så litt hamring kan hjelpa. Å Byta hjullager er selvfølgelig mykje lettare utan karosseri på..Men alt går sa mannen..
