mars 28, 2024, 15:18:19 pm *
Velkommen, Gjest. Vennligst logg inn eller registrer deg.
Har du ikke mottatt e-post for aktivering ?

Logg inn med brukernavn, passord og innloggingstid
Takk for din støtte!
Nyheter: Velkommen til et samlet VWNorge!
 
   Hovedside   Hjelp Søk Logg inn Registrer  
Sider: [1]
  Skriv ut  
Skrevet av Emne: Takk til to gode hjelparar! :-)  (Lest 867 ganger)
StarBugs Geir
Supermedlem
*****
Innlegg: 1204
Bosted: Bergen



Vis profil
« på: mai 14, 2013, 09:56:06 am »

Sundag var dagen komen då eg skulle køyre "nyebilen" heim frå austlandet. Bilen (67/68 panel) var fullasta med greier, og klar for tur. Høøøøge dekk, låg bil og tung vekt er ikkje noko god kombo, så turen vart spanande på mange måtar Blunker. Trudde eg skulle få tak i dekk laurdagen, men ingen (i Sandvika-området) hadde inne dimensjonen eg var ute etter, så eg tok sjansen og køyrde likavel. Kunne jo ha heva den, men DER går grensa! Gliser

Me la av garde i fint driv mot Hallingdalen. Når me nærma oss Bromma byrja motoren å tulle. Smelling, "drop", ujevn gange osv. Verka som noko med tenninga var heilt i ulage. Stoppa, sjekka stiften som definitivt ikkje var riktig stilt. Justerte den, og så gjekk han fint igjen......ei lita stund. Nokre få men ufatteleg lange meter frå ein busstopp kom eg ikkje vidare. Turte ikkje dra meg fram på startaren så eg gjekk tom for straum, så det var berre å dytte medan trailarane durte forbi og gav kjølevatn til ein relativt heit vossing Blunker.

Ny feilsøking. Verka som om stiften ikkje kunne justerast rett. Men freista igjen, utan resultat. Plukka ned gassaren, og fann ut at den treng overhaling, noko eg hadde fått beskjed om av seljar. Men det var ikkje så gale at den ikkje skulle svive. Alt tyda på tenninga, og etter å ha plukka av kinareprodrittfordelaren kom eg nærare ei løysing. Den var definitivt ikkje heilt god, og opninga på stiften var ikkje lik når den roterte. Litt vrient å stå på Bromma utan ein fordelar på innvensen, så gode råd var velkomne. Naf tok meg med til næraste verkstad på Nesbyen. Faktisk ein bensinstasjon med litt deler og verktøy! Skulle hatt premie.... Glad

Etter litt meldings-utveksling med Tistlo fekk eg nr. til ovalt (Mikkel Rust) på Gol som skulle ha litt av kvart liggande. Mikkel vil gjerne hjelpe. Plukka med seg deler, og ein kompis (Øyvind) og heiv seg i bilen på mekke-utrykning til Nesbyen. Med fantastisk hjelp, både med jobb og deler, fekk me motoren igang og kunne legge ut på tur igjen.

Starta 7 om morgonen, og 11 på kvelden var bilen tømt på verkstaden utanfor Bergen. Framdekka var blankslitne på utsida etter å ha "bremsa" i kvar sving. I motbakkane vart me forbikøyrd av ein gjeng frå Porscheklubben....og ein haug med andre folk. Me tok dei att i radarkontrollen i Haugsvikje Blunker.

Utan hjelparane frå Gol hadde me ALDRI kome oss heim den dagen.... Tusen takk til båe to! Vonar me sjåast att på treff i løpet av sesongen. Glad

mvh
Geir + ei tålmodig Tanya som sat på Nesbyen kro og høyrde på konfirmasjonssongar Gliser


Loggført

1974 1303s
2018 Husqvarna Vitpilen 701
FrodR
Seniormedlem
****
Innlegg: 416
Bosted: Dokka, Oppland



Vis profil
« Svar #1 på: mai 14, 2013, 13:55:19 pm »

En flott og velskrevet historie, det er lett å sette seg i "ditt sted" for oss andre som også har møtt litt trøbbel på diverse henteturer. Det er ikke mer enn 3 uker siden jeg sto ved Oslofjordtunnelen med punktert trekkvogn, med tralle og Silverbig bak Tvilende Flott at slike folk finnes, tommel opp for både hjelpere og skribent Gliser
Loggført
VW 181
Supermedlem
*****
Innlegg: 813
Bosted: Bergen



Vis profil
« Svar #2 på: mai 14, 2013, 15:29:24 pm »

SUVERENT!!
Det er slikt som dette som gjør VW-miljøet så unikt!

STOOOR blomst til de 2 gode hjelperne, og flott at du og Tanya kom vel hjem!  Glad Glad
Loggført

1971 VW 181 "Erwin"
1972 1302s "Smurfen"
vw1961
Supermedlem
*****
Innlegg: 626
Bosted: birkeland


Originalnostalgiker


Vis profil
« Svar #3 på: mai 14, 2013, 21:08:42 pm »

Jeg har stått ved Grimstad med punktert dekk, fullt reservedekk og jekk, men ikke jekkfeste..... Ringte en som bor ca halvannen mil unna som kom med garasjejekk. Det var sesongsluttur i fjor, så i år starta sesongen med nye dekk. (og gjemt japsebiljekk)
Loggført

Praise the aircooled

Kjøreglede, det er å ta for seg hele alfabetet i steden for  A til B:=)
Sider: [1]
  Skriv ut  
 
Gå til:  

Bygget på MySQL Bygget på PHP Powered by SMF 1.1.20 | SMF © 2006-2008, Simple Machines XHTML 1.0 godkjent! CSS godkjent!