Når tråden er begynt å bli såpass utvatna, våger eg meg utpå, som potensiell 'forrige eigar'
Eg har ein 30-tallar som er 97% komplett, som eg ser at eg gjerne aldri rekk over. Denne har no barnebarnet til ein tidlegare eigar svært lyst på, sjølvsagt.
Eg unner han bilen, OM han fullfører. Problemet er at eg ikkje vil at denne flotte bilen, med norsk historie like tilbake til produksjonen, skal plutselig ende opp som ein skamsenka ratrod, med drivlinje frå Corvette.
Har snakka med BT om det er mulig å hindre at slikt skjer. Det er det i prinsippet ikkje. Men i det øyeblikket eg framstiller den for registrering, kan eg få den klassifisert som 'Bevaringsverdig køyretøy'. Då vil det for all framtid vera umulig å gjera noko som helst med den som ikkje er tilbakeføring til slik den var.
Den nye eigaren kan jo selje den vidare til ein kompis som ikkje deler mi meining. Eg drit i om han tener 30.000,- på det. Det er framtida til bilen eg vil sikra.
Dette er eit reelt dilemma for ein tidlegare eigar som meg. Har jo hatt denne bilen i 30 år........
Kom gjerne med gode forslag. Eg er ikkje tenkt å dra den til BT for registrering, nei.
Hvis du er så redd for at den bilen skal bli uorginal eller "feil" skrudd på synes jeg du skal beholde den selv. Det hadde jeg gjort. Men du må jo avgjøre hva som er mest viktig for deg, dine interesser eller deres...Det er jo din avgjørelse, din bil, du er sjef
