Det er to skruer på sida av forgassaren (venstre) eine større enn den andre. Dei skrur du ut, og bles gjennom med forgassarrens-på boks eller trykkluft til det går fritt gjennom dysa. (obs: når du skrur dei ut er det ein fordel å notera seg kor mangen omdreiningar du skrudde, ettersom det då er lettare å justera gassaren etterpå, når skrua stå noklunde bra!)
Etter det så kan du skru ut ei skrua på høgre sida, som er ganske lang og blåse gjennom denne og! Den skal berre strammast så du treng ikkje hugse omdreiningana...
Så kan du ta av toppen på gassaren, ved å løyse alle skruene rundt kanten. Så ser du noko som liknar ein kjøkkenkran. Der kjem bensinen ut, så vist du tek den av, og bles igjennom den er du sikker på att den er rein..... ellers så kan du se etter drit rundt omkring i kammeret etter drit, som du fjerner...
Mulig denne framgangsmåten ikkje er heilt rett, for det kjem og anpå kva type gassar det er!
Men det beste er jo sjølvsagt å overhale heile gassaren! Altså demonter heile skiten og vask den med ein sånn ultralydvaskar, eller noko ant... og vask alle dyser osv + monter med eit nytt overhalingssett med nye pakningar osv...
Håper dette hjelper litt!
MvH Tistlo
