Oval er hyggeleg!
Etter sandblåsing og grunning trur eg du bør sveisa dei hola som dukkar opp

Reknar ikkje med att bunnplata di er rustfri om det er orginal golvplater.. Men etter sveising so ville eg ha fått heile greia grunna over igjen(dersom det var mykje sveising) med 2k epoxy grunning. Var det lite sveising so treng du sjølvsagt ikkje grunna heile driten på nytt. Etter grunning er da 2k svart(evt andre fargar) lakk som gjeld. Og gjerne lastebil lakk, då den har rykte på seg for å vera meir slitesterk, og billigare.. Etter detta sitt du igjen med ei bunnplata som er so blank att du kan bruka ho til å spegla deg. Perfekt pyntegjenstand på stoveveggen forøvrig

Monteringa er vel stort sett det samme som demonteringa berre baklengs. Du treng sikkert masse nye gommidingsar og sånt rundtomkring, og nye vaierar til gass og clutch er ikkje dumt. Og det er VELDIG smart å festa pedalen og stramma/justera clutchvaieren på girkasso, FØR du monterar bunnplato på bilen igjen, fordi det er eit herk å komma til justeringa under girkassa når den er på bilen igjen..
Ellers er det jo berre til å tenke på rustbeskyttelse. Hugs derfor på å få rammetunellen og rammehovudet skikkeleg spylt ned med tynnstoff, helst voks basert, som vil gje ein veldig god rustbeskyttelse i alle krinkar og krokar.
Ang VIN/chassis nr. ditt so trur eg du har lest av feil. Du skal ha eit 6 siffra tal, og det er plassert bak på rammetunellen framfor inspeksjonsluka til girkoblingen. Stampa inn i metallet.