Vart litt i tvil om eg poste på rett plass, men satser på det...i og med at eg har eit "problem".
Som tittelen på innlegget antyde, så skal eg ut med teppesettet for å sjå kva som skjule seg under... Er nok litt overflaterust, som eg vil ha fjerna, og så lura eg litt om eg finne nokre overaskelsa
Men altså, eg skal ut med det, men: kor starta eg, korleis gjere eg dette? Teppesettet er heilt og fint, så vil gjerne ha det inn igjen når den tid kjem. Rekna med det ikkje er berre å rive og slite...
Ja og så har eg sett litt under teppesettet, og der ligg det nokre svarte "plater", som ser ut som det er dobbeltsidig lim på. Er dette asfaltplater? Og er det til demping av lyd? (dekkstøy etc) Må/bør desse platene skiftast ut når eg er ferdig med "dørken"? Ser vel ikkje for meg at ein får ut desse platene heile...
Tar i mot alle råd med stor takksamheit;)