Nett gjort samme jobben på ein 03, etter litt kødd att og fram og ringt 03sentralbordet på austlandet so fekk da til

-heiv ut tanken og jekka bilen opp
-løyste skruene til akslingen oppe og nede
-skrudde av rattet
-Brukte eit stort flatt skrujern til å opna sprekka på akslingen oppe ved tanken. so kunne eg lett banka rattstamma ut av splinsa med ein dor.
-nederse splines totalt fastrusta på styresnekka. håplaust å få av på bilen. konklusjon: ut med snekko
-skru av styredempar og styrestaget med ledd(må poppast av med endeledd verktøy) deretter løysa snekko med 3stk skruer i innerskjerme og med litt lirking og luring so dett heile skiten ut.
-bruk varme og olja og lunk opp akslingen på styresnekko, men ikkje smelt plastikkdingsen til mansjetten
-bruk ein meisel og bank opp sprekka for å opna opp splinsen og deretter banka akslingen av.
-pussa rein splines på snekko finna ny aksling, setta på nye mansjettar
-montera i motsatt rekkefølge. sjekk samtidig styredemparen.