Flott den tråden er til inspirasjon, det er heile poenget med den

Stigtrinna har ingenting med stivheiten i bilen å gjera.. i tilfelle so har svigerfaren din gjort noko skikkeleg merklege reparasjonar. Smell igjen døra, sjekk linjene rundt, juster til dei er bra. Sveis inn firkantrøyr mellom stolpane nede. ta av døra. sveis forsterking i kryss i døropningen. so hiv du karosseriet av bunnplata og klar ferdig gå.
ELLER smell igjen dørene, juster til linjer ser bra ut, sveis igjen døra med 3-5 punkt ned langs b stolpen. Då er det greitt å ha bilen i ei karosserivogga sånn att det vert lettare å komma til(det vil uansett vera ein fordel med ei sånn)
Tips: Dei nye kanalane du har kjøpt hjå hotshop er noko drit. Ta av kanalbotnane på dei og oppdag korleis varme røyret henger saman(eller skal eg sei, korleis dei IKKJE henger saman..) Gjer nødvendige reprasjonar innvendig i kanalane, få på noko god maling, og sveis på nye kanalbotnar. Hookys panelshop i england har kjempemessige kanalbotnar som er lik orginalane og dermed passer overens med bunnplate hola, i motsetning til dei bunnane som er på kanalane allerede.
Den tråden min er desverre langt frå ferdig

Skulle tatt og so fått fingen ut og oppdatert resten av den..