Rele!
Hadde akkurat det samme på Plokkopp'en for ein månad sidan.
Dette er eit mekanisk vekslande rele.
ein puls - på
ein puls til - av
Eg fixa dette ganske så enkelt.
Ut med releet, åpnes forsiktig ved å bende til side dei fire punkta der alu-dekselet er pressa på. Bruk eit lite skruejern.
Enkel mekanikk inni. På eine sida (på min vender det bakover i bilen) er det ein liten "pendel", som veksler side for kvar puls.
Denne er styrt av ei lita metallfjør. Om denne fjøra er litt for mykje bøyd, så vipper ikkje pendelen over på andre sida, men feller tilbake til nærlys, for kvar puls.
Eg benda litt på fjøra, og vips alles in ordnung!
Tilbake med dekselet, presse inn aluminiumen og putte på plass i holdaren sin. Trur det gjekk 7 min.
Er ikkje sikker på om det holder i 35 år til, men er villig til å ta sjansen på det
