Ja i dag fekk eg henta meg ein dobbelcabiner 1964 splitt. Bilen er eit prosjekt, men er i svært god stand i forhold til majoriteten av desse. Utruleg nok er lasteplanet utan rusthol, alle planlemmane er rustfrie, ikkje rusthol i golva... kanskje eit lite hol ut mot h.dør og litt i dogleggen...under dørene. Bilen har 1500 motor som starta m ein gong og eg kjøyrde bilen opp på hengaren av seg sjølv. Det var tilogmed bremser på,n

Planen er at eg skal plukka ned heile bilen for å sandblåsa heile karosseriet der det er overflaterust, så skal det vesle som er nødvendig reparerast å alt skal lakkerast opp i orginalfarga som har vore den klassiske "antikkhvite" (veit ikkje meir om farga enno) og med kvite støtfangarar.
No då eg er ferdig med ovalen på ein måte, blir nok dette det store pensjonistprosjektet mitt framover no då.

Har ikkje so mykje bilder, men her er eit par...