Hei!
Har i sommar kjøpt meg ei vw boble 1966 modell, 1300 motor:

(37.13 KB. 450x600 - vist 276 ganger.)

(39.39 KB. 450x600 - vist 289 ganger.)
Litt historikk (har kopi av det første vognkortet):
Bilen har hatt 4 eigarar. Bobla har hatt ei reise frå Oslo til Hamar, kor eg kjøpte den.
Den var for nokre år sidan på ein verkstad kor varmekanalar og golv var bytta og generell rust vart fjerna,
då og lakkert i original sjøblå farge. Bilen har desverre stått ute ein periode, slik at lakken har vorte falma og bilen har fått litt overflate rust..
Motoren har nok ikkje vore starta på ei stund, men ser at alt av deler og ledningar er på plass (ih.h.t teikningar).
Tar imot alt av råd og kommentarer med glede (!), då eg ikkje har så veldig god peiling på motor.
Planen min er å få tak i deler, fikse utvending rust og gjere bobla komplett!
Sidan karosseriet ikkje har kromlister (monteringshol er sparkla igjen når bilen vart lakkert) reknar eg med at forrige eigar
prøvde seg på ein Cal-look (Bilen har heller ikkje kromlister i vindauga). Bakluka er vel og frå ein 64 mod.
Er særs open for tips til kva "stil" eg burde gå for, med det grunnlaget eg har !
Reknar med at bilen får eit "bruktpreg" føreløpig sidan eg ikkje har råd til heillakkering.
Beklagar litt dårlege bilete då bilen står i ein liten garasje.