Då EU nærmar seg, måtte eg få ein varig løysning på dette slarkeriet.
Etter å ha løyst av armen oppå, kan eg med meterstokken måle nesten to mm radialslakk på bolten!
Ingenting målbart i bunn.
Som sagt så var bolt, 2x foringar, støvkappe + dingeldangel skifta i sommar.
Etter ein rask runde på verkstaden fann eg nokon utslitte kamakselforingar til 1958 Triumph Thunderbird 650. Dei hadde ca 1mm overdim på utsida, og ca 1mm underdim inni. Lengen er samme. Sintra bronse må vel vera bra ?!?
Ein runde i dreiebenken, og ein runde med justerbar brotsj, så blei det trang glidepasning
Montert og prøvekøyrt, og forbedringa blei formidabel

Dette går nok veien
