Dei fleste andre som har rota rundt med desse hjullagra, har gjerne gjort det ifm EU-godkjenning.
Samme gjorde eg også for to år sidan, då den skulle gjennom. Det enda (sjølvsagt) med at eg måtte byta lagra, for dei var
heilt utslitt i følge kontrolløren.
Nye sett blei bestillt, og alt blei skifta og pakka med godt fett.
Kontrolløren var slett ikke fornøgd, og viste meg slakken med meterstokk frå felgen og ut i skjermbogen. Det var 5mm+
Kontrolløren henta ei 46mm pipe, latmannsarm og ein røyrstump, og skulle visa meg kor viktig det var å stramme ordentleg til på desse bilane.
Han greidde eit hakk til på kronmutteren, men resultatet var nøyaktig det same. Eg hadde heldigvis med meg dei gamle, så det blei godkjent under tvil.
I haust fekk eg ein guffen uuuuling på venstresida bak. Jekka opp, og slakken var omlag den same 6-7mm.
Litt lei av slarkete lager utan både nummer og fabrikant på, gjekk eg til anskaffelse av lagerkit frå ein stor svensk kulelager fabrikk. Det blei levert av eit internettfirma i Tyskland, og forventningane var skyhøge.
Dagen kom, og eg rigga meg til i garasjen, og reiv sund.
No har eg jo vore relativt aktiv langs landevegen i over 30 år, så ein del mekking har det jo vore.
Kan ikkje erindra at eg har sett ein lagerbane som ser slik ut før;

IMG_20161218_101008.jpg (41.63 KB. 800x600 - vist 153 ganger.)
Ulinga var nok velbegrunna.
Dette er rullelageret ytterst.
Det er no at eg høyrer alle som seier at det lageret må ha rotert i huset. Akkurat det har eg ikkje tru på, då det såg slik ut før eg gjorde det reint;

IMG_20161218_095950.jpg (37.91 KB. 450x600 - vist 149 ganger.)
Dette er kulelageret som ligg inderst.
Det nye lagerkitet blei montert, og tilstanden skulle vera sikra.
Skuffelsen var til å ta og føla på, då eg målte 4-5mm slakk fortsatt.
Ulinga forsvann, men resultatet var ikkje i tråd med forventningane
