Hallo.
Balar på med ein 1303 som har fått isatt ein 1915 med eksternt oljefilter og slangar + dypsump på ca 1.5 liter.......MEN da e noko hakkande gale med oljesystemet.. eg tar da frå begynnelsen;
Motoren som var kjøpt turn key av ein relativt ukjent motorbyggar vart montert i bilen. Motoren var ikkje innkjøyrd, men kun starta og kjøyrd i ca 1 time på noko tynn spesial olja. So me skifta ganske fort oljo, tappa ut den gamla, tok av filteret, fant fram eit nytt Fram racing filter og fylte da godt opp med olja, smørde pakningen og skrudde fast. Me skrudda da vel ganske godt inntil, og me la ikkje merke til monteringsannvisningen: skru inn til pakningen tar borti, deretter max 1 omdreining.. Motoren vart starta opp og gjekk fint og flott. etter att temp målar vart montert var da dags for noko testing. kjøyrde oppogned til postkasso mangen gongar og bilen gjekk som ei kula, da regna litt då og etterkvart såg eg masse fargeklattar på grusen etter olje.. stoppa motoren fort og spring bak og ser.. jau da renn olja ut av filteret! Strammar filteret då ganske mykje, eller heilt til da ikkje går meir. då droplar da berre litt under filteret. Tok nokon turar til og bilen lak mykje mindre olja då. Preika med eigaren av bilen og me vart einige om å setta på eit nytt filter fordi me rekna med å ha tatt livet av pakningen på filteret.. so filteret vart skrudd av, nytt filter vart fyllt nesten fullt med olja og skrudd fast i hennhold til bruksanvisningen. Etterfyllte litt olja på motoren, og eigaren satt seg inn og fyra opp bilen mens eg låg under og såg etter lekkasjar.. Motoren startar og går ca eitpar sekundar før da seier PLOPP og da står ein fantastisk sprut med olja rett ut frå eine oljeslangen.... motoren vert sløkt i eit saligt tempo og me begynner å fundera..
Slangen rauk omtrent halvvegs av! Ka i all verden?? på slangen står da att den toler 10bar.. so trykket kan jo umulig ha forårsaka detta! Me tenkte att da måtte vera eit rift i slangen sidan detta nesten ikkje skal gå an!!
Riftet var nerme nippelen, så eg korta inn slangen ca 10cm og vart kvitt holet. Fyller på olja, tar av coil ledning, kinner motoren ei go stund, etterfyller olja etter att all luft i slangar er ute. kinnar igjen lenge og går god for att da held tett då da e ingen tegn til lekkasjar.
Fyrar opp motoren, kjøyrer ned til naboane(50m) snur og kjøyrer ca 10m tilbake.. PLOPP!! oljelys på og eg sløkker motoren fort..
Bak bilen ligg da ei lang stripa med olja, omtrent 10m. stripa begynner forsiktig, nokon små flekkar so vert stripo større og størra(breidare) heilt til me befinn oss under filteret på bilen der da ligg ein dam som måler 50cm i diameter. Innerskjermen er for anledningen behandla med olja Overalt! og gjett ka: Slangen rauk på nett den samme plassen?

?

Slenger med nokon bilder.
Er da nokon som har peiling på ka i all verden detta kan vera ?? Da e altso på UT slangen frå filteret..