mars 29, 2024, 09:55:07 am *
Velkommen, Gjest. Vennligst logg inn eller registrer deg.
Har du ikke mottatt e-post for aktivering ?

Logg inn med brukernavn, passord og innloggingstid
Takk for din støtte!
Nyheter: Velkommen til et samlet VWNorge!
 
   Hovedside   Hjelp Søk Logg inn Registrer  
Sider: [1]
  Skriv ut  
Skrevet av Emne: Hjullager T2 - Liv og Læra  (Lest 876 ganger)
Ivar
Supermedlem
*****
Innlegg: 910
Bosted: Ask i Norhordaland


Samler seg opp......


Vis profil
« på: mars 24, 2017, 12:30:17 pm »

Har fleire gonger tenkt at eg vil ytra meg om dette temaet, og vonar at andre hiv seg utpå. Den er ikkje så tjukk denne isen, men himmla glatt....
Som enkelte gjerne har fått med seg, så har eg i tid og utide spamma andre sine trådar med desse hjartesukka.

I mitt tilfelle er det Late Bay som er i hovedfokus, men tidlegare modellar er vel relativt like?!?

I første omgong vil eg gå til angrep på hullagra bak. Tidlegare har det vore kommentert faktorar som;
- Alltid skifte hylsa mellom lagra når ein skifter lager. Bruk original VW
- Alltid bruke hjullagerfett frå annerkjente leverandørar som Castrol etc
- Utøve maksimal vold på mutteren, for å oppnå dei etterlengta 450Nm
- Kjøpe lager av den og den forhandlaren/leverandøren

For å hjelpa til med forståelsen, så er dette hovedkomponentane (på LateBay);

* T2-Rear-Suspension.jpg (33.04 KB. 500x453 - vist 113 ganger.)


Her er det pos nummer 25 og 27 som er primærutfordringa.

Når ein går til anskaffelse av eit rep.sett, så kan det sjå slik ut;

* T2-Rear-Wheel-Baring-Kit.jpg (39.55 KB. 800x534 - vist 101 ganger.)


Pos nummer 25 er det store lageret til venstre, som er eit vinkelkontaktlager. Det er dette lageret som tar alle aksiale krefter, i tillegg til radielle.
Lageret er hyllevare hos dei fleste maskinforretningar, og koster eit par øl.

Pos nummer 27 er det små rullelageret til Høgre. Her er den innvendige lagerbanen laus. Dette lageret tar derfor kun radielle krefter.
Lageret finn eg ikkje i lausvekt hos maskinforretningane.

Tetningsringane er like, og skal monterast med fjøra inn mot lageret.
Saksesplinten er vel sjølvforklarande.

Slike kit kan raskt handlast hos norske delepusharar, eller frå den store verdensveven.
Desse kita varierar noko i pris. Omlag 3-gongen.

Loggført

1975 T2 Sika  - Arbeidshest      |o * o|


“Never argue with stupid people, they will drag you down to their level and then beat you with their experience.”
Ivar
Supermedlem
*****
Innlegg: 910
Bosted: Ask i Norhordaland


Samler seg opp......


Vis profil
« Svar #1 på: mars 24, 2017, 14:35:31 pm »

Dei fleste andre som har rota rundt med desse hjullagra, har gjerne gjort det ifm EU-godkjenning.
Samme gjorde eg også for to år sidan, då den skulle gjennom. Det enda (sjølvsagt) med at eg måtte byta lagra, for dei var heilt utslitt i følge kontrolløren.
Nye sett blei bestillt, og alt blei skifta og pakka med godt fett.
Kontrolløren var slett ikke fornøgd, og viste meg slakken med meterstokk frå felgen og ut i skjermbogen. Det var 5mm+
Kontrolløren henta ei 46mm pipe, latmannsarm og ein røyrstump, og skulle visa meg kor viktig det var å stramme ordentleg til på desse bilane.
Han greidde eit hakk til på kronmutteren, men resultatet var nøyaktig det same. Eg hadde heldigvis med meg dei gamle, så det blei godkjent under tvil.

I haust fekk eg ein guffen uuuuling på venstresida bak. Jekka opp, og slakken var omlag den same 6-7mm.
Litt lei av slarkete lager utan både nummer og fabrikant på, gjekk eg til anskaffelse av lagerkit frå ein stor svensk kulelager fabrikk. Det blei levert av eit internettfirma i Tyskland, og forventningane var skyhøge.

Dagen kom, og eg rigga meg til i garasjen, og reiv sund.
No har eg jo vore relativt aktiv langs landevegen i over 30 år, så ein del mekking har det jo vore.
Kan ikkje erindra at eg har sett ein lagerbane som ser slik ut før;

* IMG_20161218_101008.jpg (41.63 KB. 800x600 - vist 120 ganger.)


Ulinga var nok velbegrunna.
Dette er rullelageret ytterst.

Det er no at eg høyrer alle som seier at det lageret må ha rotert i huset. Akkurat det har eg ikkje tru på, då det såg slik ut før eg gjorde det reint;

* IMG_20161218_095950.jpg (37.91 KB. 450x600 - vist 115 ganger.)

Dette er kulelageret som ligg inderst.


Det nye lagerkitet blei montert, og tilstanden skulle vera sikra.
Skuffelsen var til å ta og føla på, då eg målte 4-5mm slakk fortsatt.
Ulinga forsvann, men resultatet var ikkje i tråd med forventningane Tvilende

« Siste redigering: mars 24, 2017, 14:40:14 pm av Ivar » Loggført

1975 T2 Sika  - Arbeidshest      |o * o|


“Never argue with stupid people, they will drag you down to their level and then beat you with their experience.”
P-stop
Supermedlem
*****
Innlegg: 907
Bosted: Vinterbro


Ulf


Vis profil
« Svar #2 på: mars 24, 2017, 19:24:01 pm »

Ønsker ikke å gå inn på teori om slakk osv. i bakhjulslager på denne. Men jeg har sett flere ytterringer på lageret som ser slik ut.
De fleste har fått juling under montering. Sier ikke at dette gjelder ditt  Blunker. Men mange velger å banke inn lageret med en sånn passe pipe.
Disse er gjerne kone i enden slik at de letter går ned over mutter el tilsvarende de er tilpasset til. Det vil si at enden som legges mot lageret har en ganske tynn anleggsflate og treffer da ytterst på ringen. Ved litt heftig bruk av slager presses ringen sammen og sprekker slik bildene viser.
Derfor er presse med riktig hylse ofte avgjørende. Andre mulig årsaker er så stor slakk i lageret at det blir slag ved sideforskyvning.
Tredje grunn er for mye  moment. Blir klemt ved montering.
Litt for mye hjuling ved montering gir også slipp av utvendig legering og rust tærer i vei.
Ikke alle disse passer på dette lageret på denne bilen, men utseende er ikke ukjent.
Videre vil jeg også nevne at det blir produsert anerkjente svenske kulelager i China.
Loggført

Stolt medlem av highroofers.
Sider: [1]
  Skriv ut  
 
Gå til:  

Bygget på MySQL Bygget på PHP Powered by SMF 1.1.20 | SMF © 2006-2008, Simple Machines XHTML 1.0 godkjent! CSS godkjent!