mars 29, 2024, 14:25:15 pm *
Velkommen, Gjest. Vennligst logg inn eller registrer deg.
Har du ikke mottatt e-post for aktivering ?

Logg inn med brukernavn, passord og innloggingstid
Takk for din støtte!
Nyheter: Velkommen til et samlet VWNorge!
 
  Hovedside Hjelp Søk Logg inn Registrer  
  Vis innlegg
Sider: 1 2 [3] 4 5 ... 31
61  Forum / Problemløseren / Sv: Horn som ikke tuter, blinklys som ikke henger på: august 30, 2018, 08:17:35 am
Hei

Er ikke noe reser, men i forhold til tut, har du sjekket at du har god jording?

Opplevde ganske det samme på min SIKA sist veke. Det viste seg at hornknappen var full av boss og støv. Slipte lett over metallringen i knappen, og messingringen i rattet med 240 papir. 100% effektivt
62  Bruktbørsen / Deler selges / Sv: Nokon kjøleblekk til EarlyBay gis bort på: august 17, 2018, 08:46:28 am
Skal ikkje på SCC, så enklaste er vel å sende.
Kan få sjekka fraktpris ein dag.
63  Bruktbørsen / Deler selges / Sv: Nokon kjøleblekk til EarlyBay på: august 15, 2018, 07:29:37 am
No er ryddinga eit faktum, og dette skal ut av huset.

Eg meiner det er gale å kasta så gode deler, så håper nokon kan bruka dei:
- Framre blekk mot brannvegg, utan hol til doghouse
- Vifteblekk med spjeld og vaiertrekk til luftfilter, utan doghouse
- Øvre blekk over sylindrane, for singelport
- Lita plate på utsida av H.syl

Antar dette er like deler som på dei seine splittbussane?!?

Jeg tar gjerne dette :-)


Flott!
Antar du kommer og henter ein kveld? Osteaktig
64  Bruktbørsen / Deler selges / Sv: Nokon kjøleblekk til EarlyBay på: august 14, 2018, 04:58:46 am
No er ryddinga eit faktum, og dette skal ut av huset.

Eg meiner det er gale å kasta så gode deler, så håper nokon kan bruka dei:
- Framre blekk mot brannvegg, utan hol til doghouse
- Vifteblekk med spjeld og vaiertrekk til luftfilter, utan doghouse
- Øvre blekk over sylindrane, for singelport
- Lita plate på utsida av H.syl

Antar dette er like deler som på dei seine splittbussane?!?
65  Forum / Problemløseren / Sv: Viskerarmar Late Bay på: august 13, 2018, 06:45:23 am
Ingen som veit  Hæ

SÅ rart. Og her på forumet som folk nerder på det mest utrulige........  Øyerulling
66  Forum / Prosjektgarasjen / Sv: Broom Barndoor`en på: august 10, 2018, 06:55:02 am
Lar meg fasinere av at folk faktisk har så mykje fritid at det er mulig å få gjennomført slikt arbeide......

Har gjort litt av det samme for eit par år sidan, og lurer på kvifor du ikkje sandblåser delane før du begynner? Eg følte det var vesentleg lettare då å bestemma seg for kor mykje ein må byte, og eventuelt kor ein faktisk må kappe.

Men hatten av for eit flott prosjekt. Ser fram til fortsettelsen, Så STÅ PÅ!!
67  Bruktbørsen / Deler ønskes kjøpt / Baklys Late Bay på: august 07, 2018, 06:28:07 am
Nokon som har innerdel med pæreholdar i plastikk, liggande å slenge?
Skulle hatt ein ny til Plokkoppen......

Treng ikkje glaset :-)
68  Forum / Problemløseren / Viskerarmar Late Bay på: august 06, 2018, 07:22:22 am
Har lenge vore på jakt etter gode viskararmar til Plokkoppen, utan å lukkast.
Enda med at eg beit i eplet, og kjøpte nye. Fekk opplyst at dei var forskjellige på Early og Late, naturleg nok.
Eg skulle ha modellen med plastkopp utanpå mutteren, og fekk med to nye plastkoppar.

Alt vel, like til eg skulle montera. Armane passar, både på lengda og på spleinen, men......

Det ser ut for at eg skulle hatt slike høge mutrar med krage på, for å komme ned i resessen. Og plastkoppane passer i alle fall ikkje :-/
Har eg fått til Early likevel??!?
[attachment=1]

Den gamle til venstre, som har plass nok til plastkoppane utanpå mutrane.
69  Forum / Problemløseren / Sv: hjul på late bay på: juli 07, 2018, 03:51:25 am
Pass på at du bruker dekk med minst mulig skulder. Dekk med markant skulder gir veeeldig vinglete bil. Late Bay har ned til 0 grader i spissing, så pass på at vinklane blir identiske på begge sider.
Eg hadde stor effekt av å makse spissinga bak, på min Plokkopp.
70  Forum / Problemløseren / Sv: Lim til taktrekk og til padding under? på: juni 21, 2018, 09:20:32 am
Eg kjøpte nytt taktrekk til Plokkopp'en, og bestilte derfor lim til formålet samtidig.
Den er 'Heat resistent' og skal hindre den tupè-effekten du beskriver.

Utfordringa mi, blei at UPS/Posten ikkje kunne håndtere denne limen ut av UK, så mitt spørsmål er om nokon veit om norske forhandlarar av samme/tilsvarande produkt?
http://www.wonderlandclassics.com/ProductDetails.asp?ProductCode=Heat%2DResistant%2DGlue%2D
71  Forum / Problemløseren / Sv: Fuktige innepaneler på dørene / T2 -79 på: juni 21, 2018, 09:08:19 am
Eg har brukt byggfolie 0,020mm og ducttape rundt kanten, på innsida av hola til klipsa. Det er vanskeleg å få trykke inn klipsa, og få panelet til å ligge fint, om det blir tjukt av folie og tape i/rundt holet.
Har ikkje hatt fukt på mine paneler etter dette, så langt.....
72  Forum / Problemløseren / Sv: Passer 1303s sylindere/topp i en 1300 motor? på: juni 08, 2018, 09:11:51 am
.....med nye topper med store ventiler og bedre dreiemoment ble det mekbart mere futt i bilen.....

Hiver meg med sidan eg gjorde nesten det samme, men eg satte på DP topp på ein SP 1600. SP toppen har jo markant større ventilar enn DP toppen.
Gode forklaring på kvifor VW gjorde dette??
73  Forum / Teknisk, teori og praksis / Sv: Bitumenplater i taket?!? på: april 13, 2018, 10:28:20 am
I mangel på advarslar frå hylekoret, har eg no limt opp i taket. Limet var jo ikkje noko å skryta av, så smelter det med varemepistol, og ruller tett i kryss med eit ø60 hjul.
Greier ikkje å klore det av no når den er kald.

Når eg no banker i taket, så er lyden meir som ei papplate, og ikkje ein gong-gong Osteaktig
Er spent på lyden i regnvær.....
74  Forum / Teknisk, teori og praksis / Bitumenplater i taket?!? på: april 10, 2018, 20:35:19 pm
På ein annan gammal bil (les; Skramleboks), her på tunet, så limte eg Biltema sine 3mm bitumenplater på alle vertikale platefelt. Sikkert 3-4m2. Kjemperesultat mtp karosseristøy!

Då Plokkopp'en fekk teltgarasjen i hovudet i vinter, blei bla stemningen litt nedtrykt. Faktisk såpass nedtrykt at taktrekket rivna!
Har bestilt nytt trekk. I mellomtida har eg målt litt på klaringa over trekket. og funne ut et det fort blir stress med Porolon/skumgummi, for å treffe mellom spilene i trekket.
Vurderer derfor å smelte på plass bitumengummi, då den stiver platelyden heilt suverent, samtidig som den ikkje binder kondens, slik Porolon ofte gjer. (har fortsatt ikkje garasje, så den bur ute året rundt)

Nokon som har forsøkt dette, utan at dei detter ned i sommersola?
Hadde ein 70-talls japse ein gong, og der var det noko perforert tilsvarande i heile taket.....
75  Forum / Type 2 / Solskjermar i Bay på: april 08, 2018, 12:13:23 pm
Det er no ein gong slik at ein av og til dumper over småting som ilkje har nokon betydning, men som gjerne kan medføra grublerier.
Dette er ein slik.
Ein pasasjer i Plokkopp'en var uheldig, og blei sittande med solskjermen i handa. Eit kjappt blikk bekrefta at tilårskommen plastikk, i armen den er fast med, hadde komme til vegs ende. Alltid litt irriterande.
Litt etter ser eg at på førarsida er det metallarm som holder solskjermen. Hmmmmm.......snedig. Nokon som har ettermontert metallarm på førarsida gjerne?!?
Tida gjekk, og så kom dagen for småfix, og den ødelagte skulle få sin erstatning frå ekornlageret. Der var det plukka deler av ein to år nyare buss.
Overaskelsen kom i fleire trinn.
Først oppdaga eg at paret som kom frå bussen, var også med ein i metall og passasjeren i plast!!
Ok. Så er det slik det er.
Metallversjonen blei valgt, og utsatt for vask & rens.
Då kom neste.
Metallarmen her er uomtvisteleg fornikla. Den som sat i pickupen er kun el.forsinka
Er det sånn at "yrkesbilane" skulle vera billigutgåver, og derfor kun forsett med el.forsinking? Det er jo slik med hjulkapslane som kun er lakkerte......
[attachment=1]

Siste detaljen er festet i andre enden. På førarsida, og på begge sidene i bussen er det mulig å klipse av sjølve skjermen, for å kunne bruke den på sidevindauga.
På passasjersida i Plokkopp'en er det kun muøig å svinge den ned. Ikkje til sides....
[attachment=2]

Så!
Er det andre som har tankar/erfaringar/påstandar/meiningar/fakta om dette temaet?
Ikkje fordi det er viktig. Meir fordi det er søndag og pissregn
76  Forum / Teknisk, teori og praksis / Sv: o-ringer på ventilene på: februar 17, 2018, 14:21:13 pm
Det er forskjellige løysningar på ventiltetningar, alt frå o-ringar som følger med ventilstamma opp og ned, til nokon som minner om zimmerringar i metallhylser, som ein slår ned på styringa med eige verktøy.
Enkelte av desse er så finslige at det følger med ein 'kondom' til å ha på toppen av ventilstamme , for å hindre skadar på skrapeleppene inni tetningen.
Tommelfingerregelen er at dei sitter på innsuget for å hindre å suge oljedampen inn på sugesida. Mange motorar har også på eksosida, for å hindre oppbygging av koks på stamma, og ikkje minst blårøyk.
Om ikkje anna står, så bruker eg alltid på begge sidene. Det er fullt mulig å skifte utan å ta av toppen, ved å ha trykkluft i sylinderen for å løyse ut fjørene.
77  Forum / Snikk-snakk / Sv: Hva fikk du i posten i dag?? på: januar 28, 2018, 13:46:11 pm
Flaks at den ikkje kom flatpakka frå Ikea Rekker tunge
Men stilig. Norgespakke ruler
78  Forum / Teknisk, teori og praksis / Sv: Montering av frontrute 1303 på: januar 23, 2018, 13:27:34 pm
Har kun montert på buss og varebil, men der er vel ganske det samme som på bobler?!?

Smurte karosserikanten på utsida med fast grønnsåpe, legg ledningen i sporet, med endane ned. Har også grønnsåpe på innsida av pakningen; rundt hjørnene nede, på sidene og oppe. Sette ruta nedpå profilen, og sikra den mot å falle ut med ein ducttape frå A-stolpe til A-stolpe.
Då står den av egenvekt. Trekker forsiktig, og likt på begge sider, slik at ein kjem rundt hjørnene nede likt. Utøver så press på ruta vertikalt nedover, slik at den blir passeleg på høyden.
Trekker så sidene lik på begge sider, av typen litt-her-og-litt-der. Presser inn ruta oppi i hjørnene når ein trekker i ledningen. Likt på begge sider.
Avslutter oppe på midten.

Ingen banke-dunkebevelelsar. Kun jevnt press, og ikkje i eit punkt. Då sprikk den fort :-/
79  Forum / Problemløseren / Sv: Tomgangshastighet/fjusking/klakking på: januar 11, 2018, 13:42:16 pm
På boblemotorane med to eksosrøyr så har det eine røyret (venstre?) også misjon som ejektor for lettare å suge den varme eksosen gjennom forvarmingsrøyret. Så om det er montert for langt ut, så avtar denne effekten.
Har sett busspotter der retningen på forvarminga er frå høgre mot venstre, og omvendt. Så pass på.
Dette ser ein enklast på den sida der forvarmingsrøyret har flens som går rett inn på eksosrøyret. På motsatt side endar det i ei røyr som går i ein grisehale, og inn i potta.
80  Bruktbørsen / Deler selges / Sv: Nokon kjøleblekk til EarlyBay på: januar 02, 2018, 08:30:37 am
Blei litt lurt av bildet ditt, men eg ser no at du har tatt bildet frå undersida av dekselet Osteaktig
Etter det eg då kan sjå, så kan det jo sjå ut som om deksla våre er like?!?

Føler meg på relativt tynn is her.......
81  Bruktbørsen / Deler selges / Sv: Nokon kjøleblekk til EarlyBay på: desember 28, 2017, 20:57:40 pm
Har ingen tanke om å bli formuande på dette.
Kom med bud, så vert me nok einige Osteaktig

Har ikkje sjekka med posten, så veit ikkje fraktkost, men det er vel under 2kg, så då er det vel rundt ein hundrings?!?
82  Bruktbørsen / Deler selges / Sv: Nokon kjøleblekk til EarlyBay på: desember 28, 2017, 10:06:33 am
Denne sto montert i min earlybay. Ser ikkje noko asymetrisk ved den
[attachment=1]
83  Forum / Prosjektgarasjen / Sv: 66 Panel - Mørketidsprosjektet... på: desember 18, 2017, 08:33:32 am
Helt rett Svein. Jeg har planer om å bygge om til IRS så jeg er interessert i div. deler fra 68/69 bay. Svingarmer, fjærplater og tromler.
Har ein H.svingarm til Late. Veit ikkje om dei er like?!? Men om den er, og du kan bruke den, så er den gratis Glad
84  Bruktbørsen / Deler selges / Nokon kjøleblekk til EarlyBay gis bort på: desember 14, 2017, 20:11:47 pm
Har liggande nokon kjøleblekk i OK stand, som eg ikkje har bil til;
- Framre blekk mot brannvegg
- Vifteblekk med vaier for spjeld i luftfilter
- Bakblekk mot bjelken. Likt som boble??
- Øvre blekk over sylindrane, for singelport
- Lita plate på utsida av H.syl

85  Forum / Problemløseren / Sv: Mister oljetrykk... på: november 27, 2017, 09:24:26 am
Eg hadde løftarar og vippetøy på bryne sist vinter.
Brukte 1200 og 2400grit.
Om ein finn ein 'naturlig' bevegelsesretning, og forholder seg til den, og jobber litt diagonalt, så er det lettare å slipe kontra diagonalt med det finare 2400 steinen.
Då slipte eg kontra diagonalt til stripene frå 1200 steinen er botre. Om du vil ha enno finare overflete, sliper du første diagonalen på nytt, med 3000 stein, til 2400 stripene er borte. Då er du heilt sikker på å få ein overflete som faktisk holder 3000 grit når du er ferdig.

Dette er samme måte me bruker når me sliper opp og polerer glassfiberformer, men då med kalibrert sandpapir.

Husk at ved all slik sliping/bryning så øker du effektiviteten ved å våtslipe. Då skyller du bort 'slipestøvet'. Dette fungerer nemlig som eit rulleleger mellom overflata og slipemediet. (Samme årsak til at asfalten her i Bergen varer kortare enn nøyaktig samme asfalt på østlandet Blunker  )
86  Forum / Problemløseren / Sv: Mister oljetrykk... på: november 23, 2017, 06:27:10 am
Sandpapir er normalt frykteleg vanskeleg for å slipe plane overflater.
Eg er opplært til å bruke eit nytt fint bryne, spesielt på kam og vippearmar etc.
Då er det lettare å få fine plane flater, med ordentleg overflate. Eit bryne er gjerne 1200-3000 grit, til forskjell frå eit stripete 400 papir.......
87  Bruktbørsen / Deler selges / Sv: Bakre motorfeste EarlyBay på: november 05, 2017, 08:41:48 am
Ser det kommer dårlig fram på bildet, men den er noko rusten ute i endane.
Men er nok mulig å sveise opp igjen........
88  Bruktbørsen / Deler selges / Bakre motorfeste EarlyBay på: november 03, 2017, 20:23:49 pm
Denne skal ut av huset.
Nokon som treng?
Sliten stakkar

[attachment=1]
89  Bruktbørsen / Deler selges / Høgre IRS arm Late Bay på: november 03, 2017, 20:22:31 pm
Denne skal ut av huset.
Nokon som treng?

[attachment=1]
90  Bruktbørsen / Deler selges / Torsjonsstav med fjørplate Late Bay på: november 03, 2017, 20:21:18 pm
Denne skal ut av huset.
Nokon som treng?
Høgre side

[attachment=1]
Sider: 1 2 [3] 4 5 ... 31
Bygget på MySQL Bygget på PHP Powered by SMF 1.1.20 | SMF © 2006-2008, Simple Machines XHTML 1.0 godkjent! CSS godkjent!